Dalasau

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Dalasau

Dalasau, føre 1923 kjend som vossasau, har opphav i norrøn sau som fekk innkryssa engelske sauerasar, først og fremst leicestersau og sjeviot, på Voss frå 1860-åra og innpå 1900-talet. Med sin grove bygnad og sine 80–90 kg vaksenvekt er dalasauen ein utprega kjøtsau. Nasen og klauvane er svarte, men ulla og dekkhåra på bein og hovud er kvite. Ulla er av middels kvalitet. Dalasauen med utkryssa etterkomarar er framleis talrike i Noreg, men berre 6 % av sauene i 2006 var registrerte som dalasau. I dag blir ofte dalasauen kryssa med andre kvite sauerasar som rygjasau og steigar og blir da normalt klassifisert som norsk kvit sau.

Kjelder