Dale (Luster): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:
[[Bilde:Dale Luster.jpg|thumb|Dale kyrkje]]
[[Bilde:Dale Luster.jpg|thumb|Dale kyrkje]]


'''[[Dale]]''' er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i [[Luster kommune]] i [[Sogn og Fjordane]]. Dale ligg ved [[Lustrafjorden]], ved munningen av [[Dalsdalen]].
'''[[Dale (Luster)|Dale]]''' er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i [[Luster kommune]] i [[Sogn og Fjordane]]. Dale ligg ved [[Lustrafjorden]], ved munningen av [[Dalsdalen]].


I nyare tid er ''Luster'' ofte nytta som namn på bygda Dale.</onlyinclude>
I nyare tid er ''Luster'' ofte nytta som namn på bygda Dale.</onlyinclude>

Sideversjonen fra 16. nov. 2010 kl. 09:27

Dale kyrkje

Dale er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Dale ligg ved Lustrafjorden, ved munningen av Dalsdalen.

I nyare tid er Luster ofte nytta som namn på bygda Dale.

Kyrkje og sokn

Dale kyrkje står i hovudsak slik ho vart oppført kring 1250. Det er ei steinkyrkje vigsla til St. Nikolaus med tretårn frå 1630-åra. Det var hovudkyrkja i det tidlegare Luster prestegjeld, som i tillegg femnde om dei tilgrensande annekssokna Fortun i nord og Nes i sør, og dessutan Gaupne som gjekk til Jostedal prestegjeld i 1967.

Dale len

I 1565 vart Dale skilt ut frå Sogn len som eit eige len med eigen lensherre. Dale len vart lagt under Bergenhus len i 1614.

Administrasjonssentrum

Soknepresten i Luster heldt til i Dale prestegard, og her var òg tingstad for Luster og Jostedalen og handelsstad (Dale og Døsen). I periodar budde dessutan futen og sorenskrivaren i Indre Sogn på gardar i nærleiken av Dale, som For, Flahamar og Talla.

Sentrum for jostedølene

Fram til det vart køyreveg til Gaupne på 1800-talet, var Dale eit vel så viktig sentrum for innlands-prestegjeldet Jostedalen som Røneid og Marifjøra. Dale var ikkje berre fast tingstad for Jostedalen, men òg staden der bispe- og prostevisitasar vart gjennomførte og handelsstad. Den gamle ferdslevegen til Jostedalen gjekk opp Dalsdalen til garden Kilen, over Storehaugen til Vigdalen og ned til Myklemyr i Jostedalen.

Kommunesentrum

Etter at Luster kommune vart oppretta med formannskapslovene i 1837, utvikla Dale seg til administrasjonssenter i kommunen. Her kom etter kvart heradshus, sjukeheim, hovudkontoret til Luster sparebank, Dale skule og ymse varehandel og anna privat næringsverksemd.

I fjellsida ovanfor Dale ligg Harastølen.

Bygdesentrum i nyare tid

Etter at Luster, Hafslo og Jostedalen gjekk saman til storkommunen Luster i 1963, har mykje offentleg og privat tenesteyting og varehandel vorte flytt til det nye kommunesenteret Gaupne.

Dei viktigaste offentlege institusjonane i Dale i dag er Dale kyrkje, Dale skule (årssteg 1-7) med samfunnshus, Luster barnehage og Luster omsorgssenter (nybygg 2006 som avløyste den gamle sjukeheimen).

Litteratur