Dale (Luster): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:
[[Dale kyrkje]] står i hovudsak slik ho vart oppført kring 1250. Det er ei steinkyrkje vigsla til St. Nikolaus med tretårn frå 1630-åra. Det var hovudkyrkja i det tidlegare Luster prestegjeld, som i tillegg femnde om dei tilgrensande annekssokna [[Fortun]] i nord og [[Nes]] i sør, og dessutan [[Gaupne]] som gjekk til [[Jostedal]] prestegjeld i 1967.

==Dale len==
==Administrasjonssentrum==
I 1565 vart Dale skilt ut frå [[Sogn len]] som eit eige len med eigen lensherre. [[Dale len]] vart lagt under [[Bergenhus len]] i 1614.
I 1565 vart Dale skilt ut frå [[Sogn len]] som eit eige len med eigen lensherre. [[Dale len]] eksisterte til 1614 då det vart lagt under [[Bergenhus len]].

==Administrasjonssentrum==
Soknepresten i Luster heldt til i [[Dale prestegard]], og her var òg tingstad for [[Luster]] og [[Jostedalen]] og handelsstad (Dale og [[Døsen (Dale)|Døsen]]). I periodar budde dessutan futen og sorenskrivaren i Indre Sogn på gardar i nærleiken av Dale, som [[For (Dale)|For]], [[Flahamar (Dale)|Flahamar]] og [[Talla (Dale)|Talla]].

Sideversjonen fra 16. nov. 2010 kl. 09:29

Dale kyrkje

Dale er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Dale ligg ved Lustrafjorden, ved munningen av Dalsdalen.

I nyare tid er Luster ofte nytta som namn på bygda Dale.

Kyrkje og sokn

Dale kyrkje står i hovudsak slik ho vart oppført kring 1250. Det er ei steinkyrkje vigsla til St. Nikolaus med tretårn frå 1630-åra. Det var hovudkyrkja i det tidlegare Luster prestegjeld, som i tillegg femnde om dei tilgrensande annekssokna Fortun i nord og Nes i sør, og dessutan Gaupne som gjekk til Jostedal prestegjeld i 1967.

Administrasjonssentrum

I 1565 vart Dale skilt ut frå Sogn len som eit eige len med eigen lensherre. Dale len eksisterte til 1614 då det vart lagt under Bergenhus len.

Soknepresten i Luster heldt til i Dale prestegard, og her var òg tingstad for Luster og Jostedalen og handelsstad (Dale og Døsen). I periodar budde dessutan futen og sorenskrivaren i Indre Sogn på gardar i nærleiken av Dale, som For, Flahamar og Talla.

Sentrum for jostedølene

Fram til det vart køyreveg til Gaupne på 1800-talet, var Dale eit vel så viktig sentrum for innlands-prestegjeldet Jostedalen som Røneid og Marifjøra. Dale var ikkje berre fast tingstad for Jostedalen, men òg staden der bispe- og prostevisitasar vart gjennomførte og handelsstad. Den gamle ferdslevegen til Jostedalen gjekk opp Dalsdalen til garden Kilen, over Storehaugen til Vigdalen og ned til Myklemyr i Jostedalen.

Kommunesentrum

Etter at Luster kommune vart oppretta med formannskapslovene i 1837, utvikla Dale seg til administrasjonssenter i kommunen. Her kom etter kvart heradshus, sjukeheim, hovudkontoret til Luster sparebank, Dale skule og ymse varehandel og anna privat næringsverksemd.

I fjellsida ovanfor Dale ligg Harastølen.

Bygdesentrum i nyare tid

Etter at Luster, Hafslo og Jostedalen gjekk saman til storkommunen Luster i 1963, har mykje offentleg og privat tenesteyting og varehandel vorte flytt til det nye kommunesenteret Gaupne.

Dei viktigaste offentlege institusjonane i Dale i dag er Dale kyrkje, Dale skule (årssteg 1-7) med samfunnshus, Luster barnehage og Luster omsorgssenter (nybygg 2006 som avløyste den gamle sjukeheimen).

Litteratur