Dale (Luster)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. jan. 2016 kl. 11:56 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dale kyrkje

Dale er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Dale ligg ved Lustrafjorden, ved munningen av Dalsdalen. I eldre tid kunne Dale bli nytta som nemning på heile Luster prestegjeld. I nyare tid er derimot Luster ofte nytta som namn på bygda Dale.

Kyrkje og sokn

Dale kyrkje står i hovudsak slik ho vart oppført kring 1250. Det er ei steinkyrkje vigsla til St. Nikolaus med tretårn frå 1630-åra. Det var hovudkyrkja i det tidlegare Luster prestegjeld, som i tillegg femnde om dei tilgrensande annekssokna Fortun i nord og Nes i sør, og dessutan Gaupne som gjekk til Jostedal prestegjeld i 1967.

Administrasjonssentrum

I 1565 vart Dale skipreide skilt ut frå Bergenhus len og Sogn futedøme som eit eige len med eigen lensherre. Dale len vart like etter utvida til å femne om heile Luster prestegjeld, det vil seie også Gaupne. Prestegjeldet var på denne tida oftast kalla Dale. Lenet eksisterte til 1614 då det vart lagt under Bergenhus len att.

Soknepresten i Luster heldt til i Dale prestegard, og i Dale her var tingstad for Luster. Her låg dessutan handelsstaden Døsen, og i periodar budde òg futen, sorenskrivaren i Indre Sogn og kapteinen som var sjef for Lysterske kompani på gardar i nærleiken av Dale, som For, Flahamar og Talla.

Då den fyrste distriktslækjaren kom til Luster i 1877, Herman Riddervold Smith, flytte han og huslyden inn på Nygård ved Døsen. Dette var distriktslækjarbustad fram til kommunen i 1916 kjøpte ei stove i Steinabakken under Fuhr som ny lækjarbustad.

Sentrum for jostedølene

Fram til det vart køyreveg til Gaupne på 1800-talet, var Dale eit vel så viktig sentrum for innlands-prestegjeldet Jostedalen som Røneid og Marifjøra. Frå slutten av 1600-talet byrja Jostedalen å ha bygdetinga i Dale i lag med Luster i staden for i Marifjøra. I Dale vart og bispe- og prostevisitasane for Jostedalen haldne, og Dale var ein viktig handelsstad for jostedølene. Den gamle ferdslevegen til Jostedalen gjekk opp Dalsdalen til garden Kilen, over Storehaugen til Vigdalen og ned til Myklemyr i Jostedalen.

Kommunesentrum

Etter at Luster kommune vart oppretta med formannskapslovene i 1837, utvikla Dale seg til administrasjonssenter i kommunen. Her kom etter kvart heradshus, sjukeheim, hovudkontoret til Luster sparebank, Dale skule og ymse varehandel og anna privat næringsverksemd.

I fjellsida ovanfor Dale ligg Harastølen.

Bygdesentrum i nyare tid

Etter at Luster, Hafslo og Jostedalen gjekk saman til storkommunen Luster i 1963, har mykje offentleg og privat tenesteyting og varehandel vorte flytt til det nye kommunesenteret Gaupne.

Dei viktigaste offentlege institusjonane i Dale i dag er Dale kyrkje, Dale skule (årssteg 1-7) med samfunnshus, Luster barnehage og Luster omsorgssenter (nybygg 2006 som avløyste den gamle sjukeheimen).

Litteratur