Dalen hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. jan. 2019 kl. 13:48 av Rool (Samtale | bidrag) (Redigert tekst.)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalen Hotel.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen (2008).

Dalen hotell (og Dalen Hotel) på Dalen i Telemark opna i 1894, og er det siste attværande av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet. Den store bygningen vart teikna av Haldor Larsen Børve, og har ofte vorte kalla «eventyrhotellet». Det er i ein nasjonalromantisk stil, nær dragestilen, med tårn, spir og utspring. Med sine 4500 kvadratmeter er det ein av dei største trebygningane i landet.

Dalen hotell på 1940-tallet
Foto: Norske næringsliv : Telemark, 1949

Bygningen er i 2 1/2 etasjer og har ein monumental plassering som eit slottsanlegg. Midtpartiet vart dominert av ein sentral hall gjennom alle etasjer og med overlys. Foran hallen står to rikt dekorerte tårn. Ut frå sentralhallen går to lange fløyer symmetrisk ut til hver side og ender i tverrstilte bygningsdeler som gir ein rik og sammensatt bygningskropp. Bygningen er oversådd med ein rikdom av tårn, gavler og verandaer. Detaljene er dels i sveitserstil, dels inspirert av stavkirker og gamle norske loft og stuer, med svalganger, portaler og dragehoder.

Predikanten og artisten Aage Samuelsen kjøpte hotellet i 1983, og ville gjøre det om til et kristent senter. Det var da svært nedslitt, og etter å ha brukt flere millioner på restaurering måtte han gi opp. Hotellet gikk på tvangssalg i 1987, noen måneder før Samuelsen døde.

Hotellet var ei tid stengt etter å ha forfalle, men i 1992 var det opna att etter ein større restaurering. Det er ikkje egna for vinterdrift, så hotellet er ope frå påske til ut oktober. Mange kombinerer eit opphald på Dalen Hotel med ei reise med M/S «Victoria» eller M/S «Henrik Ibsen»Telemarkskanalen.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.44381° N 8.01141° Ø