Dalen skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den siste elevflokken i Dalen skule. Frå v: Venke Dvergsdal, Bjarte Sunde, Geirmund Dvergsdal, Id Sunde, lærar Almveig, Sårheim, Gunnhild Dvergsdal, Signhild Dvergsdal, Irene Dvergsdal. Foto: Berit Sunde, 1969

Dalen skule i Dvergsdalsdalen i Jølster eksisterte som eigen skule frå 1947 til 1969. Skulen var eit underbruk av Sunde skule, og dei hadde såleis delvis same lærarane i begge skulane. Dei første 15 åra etter at bureisargrenda i Dvergsdalsdalen var etablert, måtte borna i dalen den første tida ned i bygda for komme på skulen. På Løgarden gjekk dei til Myklebust, dei andre til Sunde.

Med dei lange avstandane i alt slags ver, utan veg og med born i alle aldrar, så seier det seg sjølv at det etterkvart kom ynskje og krav om eigen skule i den vesle grenda. Men å starte skule var ikkje berre enkelt, kvar skulle ein finne eigna lokale og kvar skulle lærarane bu?

Krinsmøte

Den 22. februar 1947 vart saka handsama i krinsmøte for Sunde krins. Det låg føre skriv frå bureisarane der dei søkte om å få skule annankvar dag. Krinsmøtet gjekk samrøystes inn for dette. Dermed var ballen sparka over til skulestyret der sokneprest Kallhovd var formann. Han var ein god støttespelar i denne saka, og skulen vart vedteken oppretta.

Skulen kom i gong hausten 1947, og den vart plassert i det som vart kalla Larshuset. Dette var bustadhuset som vart bygd i samband med den påtenkte bureisinga i Danielstova i Dvergsdalen. Denne busetnaden vart det ikkje noko av, og huset sto derfor tomt. Her vart skulen plassert og her vart den verande til 1950. Men før skulen kom hadde det vore søndagsskule ei tid. Denne var det Emma Dvergsdal som sto føre. Huset var ikkje heilt ferdigbygd, m.a. mangla det heilt eller delvis bordkledning, så det var nok litt kaldt og trekkfult. Men krava var ikkje så store i den tida, og det å få eigen skule var eitt stort framsteg, og det letta mykje på kvardagen for både store og små

Den første læraren

Lærar den første tida var Maria Huslid, ho budde hos Nils og Emma på Nyset. Kåre Åsen var også lærar den første tida. Den første tillitsmannen for skulen var Nils P. Dvergsdal (Nyset), og det første budsjettet for skulen lydde på kr 400. Dette omfatta ved, reinhald og ”ymse utlogor” som det står.

I det nye skulehuset var det berre eitt rom som var ferdig, og her var det altså at undervisninga gjekk føre seg. Der var ikkje do i eller ved huset, slik at det som ikkje kunne ordnast rundt nova måtte utførast ved å gå heimatt. Det var mange born i dalen på den tida, så dei første åra var det nok 8-10 elevar på skulen på det meste.

Læremidlane var nok både spartanske og primitive etter dagens standard, men elevane lærde vel stort sett det dei skulle, for det har no vorte folk av alle som gjekk der. Dei har også vore ganske robuste dei første elevane ved Dalen skule for det har vorte meg fortalt at det ein gong vart bada mellom isflaka i ”Lisjevatnet”,eit par stykke vart forkjøla, men elles gjekk det bra. Rut Dvergsdal nekta å gå ut i vatnet og måtte dermed ha symjetrening på ein krakk på land Dette føregjekk i skuletida og måtte vel ha vore i ein gymnastikktime.

Nytt lokale

Etter nokre år i ”Larshuset” vart skulen flytta til lemmen i Merkja. Her var skulen på eitt av soveromma og i rommet ved sida budde læraren. Lærar i denne perioden var for det meste Malmfrid Lunde, men Randi Helgheim var også innom for ei tid. I Merkja var dei mange, og ein skulle tru at dei hadde bruk for plassen sjølve. Jorun, ein av borna i huset, har også sagt til meg at ho ikkje forstår korleis dei fekk plass i den tida. Men det gjekk på eit vis, skulen fungerte, men det måtte vere litt av ei utfordring å vere lærar med alle klassetrinn i same rommet, og elevtalet var også på det høgste då, med 8-10 born på det meste.

Ungane fann på så mangt på fritida då som no. Det har vorte meg fortalt, av pålitelege kjelder, at ein gong Henrik og Jensina hadde vore borte ein dag, kom dei heimatt og fann eit flagg på stovetaket. Ved nærare gransking viste det seg at det føregjekk bryllaup i fjøsen. Hildur og Ottar Dvergsdal var brurfolk og Leiv Dvergsdal var prest. Ein god del seinare hadde Berit og Leiv arrangert jonsokfeiring i Flatøyane der dei hadde ordna seg med trykte program og songar.

Ny flytting

I 1954 vart skulen flytta ned til ”Osen” i ei hytte som sto der i kanten på innmarka i Merkje. Der var det eitt rom og utedo, men i grunnen ein bra skuleplass. Det var innegjerda eit lite område rundt hytta som vart nytta til leikeplass. På dette vesle området var der både tre og steinar til å klatre i og til å gøyme seg bak. På nedsida låg vatnet som kunne brukast i friminutta både sommar og vinter. Om våren var det fisking, og seinhaustes var det ofte is

Om vinteren var det skigåing i friminutta og då vart det ofte laga til hopp eller slalomløype på bøen på oppsida av hytta.

På slutten av femti-talet pågjekk det stor nydyrkingsaktivitet på Nyset og i Merkje. Der var traktorar, gravemaskin og bulldosar i sving, og dette var sjølvsagt spennande ting å sjå på i friminutta. Det var Roald Yndestad frå Bygstad som hadde dette dyrkingsarbeidet.

Unge lærarar

I dei første åra var det skule annankvar veke i Dalen og den andre veka var læraren på ein annan skule i bygda. Agnar Halse, som var lærar første året i skulen ved ”Osen”, var annankvar veke i Kjøsnesfjorden. Han fortel at han ofte reiste til Kjøsnesfjorden i helgane for der var det fleire jamaldringar. Han hadde ca. kr 8000 før skatt i løn og var godt nøgd med det. Skulen på Myklebust var nedlagd og Halse hugsar at han henta ein del fysikkutstyr der til bruk i skulen i dalen. Han fortel at han kjøpte seg ein reiseradio og at den, inklusive eit fleire kg tungt batteri, kosta om lag 400 kr. Batteriet måtte han ha sidan det ikkje var straum i Kjøsnesfjorden. Halse var 18 år då han kom her, og nettopp ferdig med gymnaset. Han hadde ni elevar, siste timen var det to, Jofrid og Atle. Agnar Halse seier at han aldri tenkte den tanken at det ikkje skulle gå bra som lærar og han meiner også at det stort sett gjorde det. Han hugsar at turane til Kjøsnesfjorden var strabasiøse, men elles minnest han denne tida med glede.

Neste år var det Hildegunn Nesje sin tur. Ho var tjue år og kom frå Molde. Ho hadde bakgrunn innan handarbeid og underviste i dette faget ved skulane på Klakegg og i Sanddalen i tillegg til å vere lærar i Dalen. Ho budde i Merkja og hugsar at det denne vinteren var svært kaldt og at det hende at det var is på vassbytta på rommet om morgonen. Elles hugsar ho at ho av og til fekk mat som ho ikkje var van med heimanfrå, men at dette stort sett gjekk bra med eitt unnatak, smalahove, der gjekk grensa. Ho hugsar også at ho av og til leigde hesteskyss opp frå Dvergsdalen og at dette kosta 5 kr. Etter at ho var ferdig med året i Dalen bar det til Nordfjordeid og to-årig gymnas, finansiert med pengar tente på lærarjobben.

Dei to neste åra var det Id og Kari Skåheim som var lærarar. Dei var døtrene til sokneprest Skåheim og var dermed for jølstringar å rekne.

Dei to siste åra på femtitalet var det Sigdis Myklebust som var lærar. Ho var frå Stardalen og var såleis jølstring, dotter til lærar Sverre Myklebust som var frå Myklebust. Ho budde på Løgarden og er den første av lærarane i Dalen skule som eg kan hugse til.

Dermed er vi ferdige med femtitalet og går inn i den delen av skulehistoria som eg hugsar best

Skulen på 60-talet

60-åra var tiåret då det var slutt på rasjoneringa etter krigen. Landet hadde komme seg på føtene att, og vi fekk starten på ei utruleg teknologisk utvikling. I 50-åra var det ”frihetssuperen” og ein og annan platespelar som rådde.

Framover 60-talet kom TV og dei første stereoprodukta. Bilen vart allemannseige og The Beatles og The Rolling Stones dukka opp og sette verda på ende. Jentene las ”Det Nye”, dei tok til å bruke leppestift og dei brukte brødskalkar til å setje opp håret med. Gutane las Western bøker og hadde brylkrem i håret. Begge kjønn dansa shake.

Første skuledag

Opp i dette hadde eg, Hallstein Dvergsdal min første skuledag i august 1960. Denne dagen var sett fram til med spenning i lang tid, og det vart nok smått med soving den siste natta før den store dagen. Då dagen endeleg kom, var det å ta på seg nye klede og ny ransel, og så var det å traske den vesle kilometeren til skulen, der ein ny kvardag venta. På skulen fekk vi utlevert eit par blyantar, ei skrivebok og ABC-boka. Eg trur at vi førsteklassingane slapp med tre timar første dagen, og kunne såleis labbe heimatt før dei andre, ei stor oppleving rikare.

Dalen skule hadde 6 elevar dette året. Elsa, Magnar og Kåre gjekk siste året, Mindor var fjerdeklassing og Jarle og eg var førsteklassingar. Kåre og Mindor hadde Sunde som etternamn, vi andre Dvergsdal

Trass i stor spreiing i alder, så kan ikkje eg hugse anna enn at vi småkarane stort sett fekk vere i fred. Litt erting og mobbing var det vel, men ikkje verre enn at det gjekk an å leve med.

Min første lærar

Lærar dette året var Kjellaug Hatløy, ho budde heime hos oss, og det var sjølvsagt inga ulempe dersom det var noko ein lurte på i samband med leksene. Dessutan hadde eg selskap på skulevegen. Ho var, trass i sin unge alder, ein myndig og streng lærar som fort sette seg i respekt. Disiplinærstraff i dei dagar var å sitje att på skulen etter skuletid eller det kunne vere brev heimatt. Mindre alvorlege ting vart straffa med å sitje inne eit friminutt. Sjølv om elevane i Dalen Skule stort sett var fredelege og snille, så vart nok alle desse straffene brukte og underteikna var ein av dei som eingong fekk skuledagen forlenga med ein time. Dette skjedde i fjerde klasse då vi hadde same lærar.

Enkle kår

Men tilbake til første året. Det var ikkje enkelt å vere korkje lærar eller elev med fleire klassetrinn i same rommet. Nokre skulle lære å lese medan andre skulle rekne, skrive eller deklamere salmevers. Det kunne bli mange ballar i lufta på ein gong, men det gjekk stort sett bra og vi lærde vel det vi skulle trass i enkle kår og til dels primitive hjelpemidlar. I dag blir det klaga og syta dersom ikkje alle elevar har kvar sin pc med internett, og det blir klaga på innemiljø som er ti gonger betre enn det vi hadde. Vi hadde ein vedomn som brann på spreng for å halde det varmt om vinteren, og rundt den omnen låg det og hang det vottar, ytterklede og sko til tørk i timane.

Lærebøker og andre hjelpemidlar var slitne og mangelfulle. Vi var heldige dersom vi fekk bøker som ikkje mangla eit blad eller to. Vi hadde nokre kart hengande på veggen; det var Norgeskart, Europakart Verdskart og Palestinakartet. Alle var gamle og ikkje heilt oppdaterte, men dei fungerte. Elles hadde vi eit sett med plansjar som vart brukte i naturfagtimane og vi hadde eit skulebibliotek på ca. 200 bøker. Tekniske hjelpemiddel utover ein blyantkvessar fanst omtrent ikkje.

Lysbilete

Av og til kunne vi få ein lysbildeserie eller endåtil ein smalfilmrull til bruk enten i geografi eller naturfagundervisninga. Dette var ting som gjekk på omgang mellom skulane i bygda og det var like stor stas kvar gong dette dukka opp og det var like spennande kvar gong å sjå om pæra i framvisaren virka eller om det vart eit eller anna surr med filmen.

Skuledagen starta og slutta med song, og det vart alltid sunge ståande. Om morgonen var det ofte ”Når soli sprett i auster rett” som vart sungen og om kvelden var ”Fager kveldsol smiler” ein av favorittane. Elles var det sjølvsagt pugging av salmevers slik at vi hadde nok lagra ein del songmateriale etter sju år i folkeskulen.

Utover dagen vart det så gått gjennom det som var lekse for dagen i dei ymse faga. Skuletimane var på førtifem minutt med ti minutt friminutt i mellom. Og som sagt så vart det undervist i fleire fag samtidig.

Eksamen

På den tida var det eksamen ved avslutta folkeskule og det var sjølvsagt høgtidelege greier. Første skuleåret mitt så var det eksamen for Elsa Dvergsdal, Magnar Dvergsdal og Kåre Sunde. Dei var nok litt nervøse der dei skulle vise kva dei hadde lært på dei sju åra. Eg kan hugse at Jarle og eg møtte opp ved slutten av første eksamensdagen for å høyre korleis det hadde gått. Der møtte vi tre slitne, men letta eksamenskandidatar som var ferdige med sin første eksamen. Dei hadde då eit par eksamensdagar att før dei var ferdige på skulen, og det var vel ikkje fritt for at dei minte oss på at vi hadde seks år att.

Karakterbok var det også i den tida, og den fekk vi frå første klasse. Dei første åra fekk vi karakterar berre i orden og åtferd og så noko som på den tida vart kalla trott. Så kan den yngre garde av i dag spekulere i kva dette ordet tydde. Frå fjerde klasse tok alvoret til, med karakterar i dei ymse faga. Skulefaga var på den tid lesing, skriving rekning, soge, landkunne, naturfag m/helselære og bibelsoge. Bibelsoga var fast program første timen og den omfatta også pugging av salmevers som skulle framførast ståande.

Annankvar dag

Dei første åra var det skule annankvar dag med fem timars skuledag, seinare vart det fleire dagar og sekstimarsdag. Alle lærarane utover seksti-talet underviste også i Sunde skule, og det var skule på laurdagane.

Dei lærebøkene som eg hugsar best var ABC-boka , Nordal Rolfsens lesebok og noregssoga ”Vi ere en nasjon” Leseboka vart utpå 60-talet skifta ut med Torbjørn Egner si lesebok.

Friminutta vart nytta til så mangt, alt etter årstida. Haust og vinter var det skøyter og ski, og om våren var det fisking. Fiskinga gjekk føre seg med bambusstong og makk, og stonga låg ute i timane med makken i vatnet. Dersom det så nappa i skuletimen så var det å springe på dør og dra opp stonga. Som regel vart det fangst, til stor jubel frå fiskaren og kanskje ikkje fullt så stor entusiasme frå læraren si side. Elles var det ymse leikar og det vart hoppa paradis.

To dagar for året og som regel meir, var det skitur eller fjelltur til fots. Dette var trivelege dagar og eit kjærkome avbrot i kvardagen. På femtitalet var skulen med på granplanting i Orkalia, men dette var det slutt med på seksti-talet. Men om hausten hadde vi noko som heitte potetferie. Dette var for at skuleelevane skulle hjelpe til med å få potetene i hus.

Vaktmeisterjobben, som gjekk ut på å fyre i omnen om morgonen og å vaske golvet etter skuleslutt, var plassert hos ein av elevane eller foreldra. Den tida eg gjekk i skulen var det Ingly og Mindor Sunde som hadde denne jobben. Tidlegare veit eg at mellom andre Atle og Jofrid Dvergsdal var innom denne ”stillinga”

Lege og tannlege

Skulehelsetenesta og tannhelsetenesta var eit kapittel for seg sjølv i dei dagar. Tannlegen var på Sandane, og ein gong for året var det busstur dit med påfølgjande pinsler. Dette var ein dag som dei fleste grua seg til i lang tid. Men vi kom gjennom det, trass i bilsykje på somme og trekte tenner på andre.

Helsekontrollen gjekk føre seg på den måten at distriktslegen, som den gong heitte Selberg og var eitt omgrep i seg sjølv, reiste rundt på skulane med si helsesøster ein gong for året og kontrollerte høgde, vekt og at mandlane var i orden. Det vart og teke pirquet-prøve for å kontrollere for tuberkulose som på den tida ikkje var heilt utrydda. For elevane i Dalen var denne kontrollen i Sunde skule og vi måtte derfor gå dit, slik at heile dagen gjekk med. To dagar etter var det så å møte opp att for å sjå på pirquet-strekane og ta legesjekken.

Handarbeid Dei fire siste åra var det ei veke med sløyd for gutane og handarbeid for jentene. Dette føregjekk i Sunde skule for vår del. Då var det ofte å gå både opp og ned, eller ta mjølkebilen ned om morgonen og så gå oppatt, eller ein kunne vere så heldig at det kom ein bil som tok oss med.

Eit par gonger gjennom dei seks åra eg gjekk i Dalen skule, fekk vi skuleinspektøren på besøk. Dette var ein dag som både lærar og elevar grudde seg til. Læraren fekk jobben sin under lupa og vi elevane skulle vise om vi kunne det som vart forventa etter alderen. Ingolv Helgheim, lærar, klokkar og skuleinspektør i ein mannsalder, kom om morgonen og var med heile dagen. Han sat borte i ei krå i timane og noterte, og i friminutta diskuterte han med læraren. Noko resultat av inspeksjonane kan eg ikkje hugse at vi fekk høyre, men det gjekk vel bra sidan det ikkje vart noko slags sanksjonar korkje mot lærar eller elevar.

Fritidssyslar

Fritida i dei dagar føregjekk svært mykje utandørs. Det var fisking, fjellturar, ymse ekspedisjonar i skog og mark og det var mykje skiaktivitet om vinteren. Det vart bygd hoppbakkar over alt, og dei vart stadig større og brattare. Det fanst ikkje korkje TV eller data i den tida, så underhaldninga måtte vi ordne sjølve. Var det dårleg vêr så var det å halde seg på ein eller annan låve og klatre eller hoppe i høyet. Elles vart det bygd ein god del hytter rundt omkring av varierande standard. I den mørkaste årstida, og i dårleg ver, så kunne vi ofte vere samla i ei av stovene i grenda. Ein plass som vi samlast ofte var i stova på Nyset hos Ottar, Magne og Elsa. Der hadde dei platespelar og mange singelplater, så der fekk vi vårt første møte med artistar som Carl Jularbo, Jim Reeves, Bobby Bare, Nora Brokstedt og søstrene Bjørklund, for å nemne nokre.

Fjernsynet kom på slutten av seksti-talet så det var derfor ingen som såg NRK sitt knøttvesle innslag om skulen i programmet ”Falkeklubben” våren 1964. Eg gjekk i fjerde klasse då dette gjekk føre seg og hugsar det godt. Kjellaug Hatløy var lærar også det året og ho hadde heller ikkje sett dette innslaget før det vart spora opp i NRK sine arkiv sommaren 2003. Vi vart nok litt skuffa då det viste seg at heile innslaget ikkje var lenger enn 1 min.16 sek.

Unge lærarar

Lærarane på seksti-talet var alle unge studentar med ingen lærarerfaring då dei kom her På den tida og tidlegare så vart lærarane tilsette etter innstilling frå krinsane. Dette gjekk føre seg på den måten at alle som hadde born i skulen kunne møte opp på det såkalla krinsmøtet og seie si meining om søkjarane. Protokollar frå den tida viser at det ikkje alltid var semje om tilsettingane, og det hende at lærarar som hadde jobba eit år og søkte om forlenging av stillinga året etter, fekk avslag på krinsmøtet med den grunngjeving at eitt år var nok.

Kjellaug Hatløy er nemnd som lærar 60/61.Etter henne kom Peter Dvergsdal i 61/62. Han var frå Øpsttunet i Dvergsdalen og var ein kar som var svært oppteken av realfag kan eg hugse. Han var også ein som likte seg ute i naturen og det vart såleis ein del fjellturar det året. Skulen hadde berre fire elevar, og var såleis den minste i landet. I 62/63 kom så Kjellaug Hatløy tilbake for to år og var dermed den av lærarane med lengst fartstid.

Den neste som fekk prøve seg var Anne Britt Henriksen frå Oslo. Ho var også ung då kom her og ikkje noko særleg van med snø og skigåing. Ho budde i Øpsttunet og hadde såleis ein strabasiøs skuleveg den tida på vinteren når vegen var stengd, og ho måtte baske seg fram gjennom snøskavlane i bratte bakkar og mørke morgonar. Men det gjekk med godt humør og rikeleg pågangsmot.

Den siste Læraren som eg hadde i Dalen var Liv Turid Lien frå Askvoll. Ho budde på same plass som Henriksen og fekk dermed dei same utfordringane.

Så var det slutt Etter seks år i Dalen skule var det slutt for oss to-tre eldste elevane. Vi vart flytta over til Sunde skule og gjekk siste året der. Der hadde vi Åse Brekke frå Sunnmøre som lærar.

Denne vinteren var det Judith Sandvik frå Florø som var lærar i dalen, og det var siste året med skule i hytta ved ”Osen”

Skulen heldt fram i Dalen ut skuleåret 68/69. Då vart elevane flytta til Sunde og derifrå til Skei hausten 1970. Den siste læraren i Dalen skule var Almveig Sårheim frå Ålhus. Ho underviste frå 1967 til 1969. Skulen var dei siste to åra plassert i ei hytte på eigedomen til Ingly og Daniel Sunde.

Dermed var ein epoke på 22 år over, og ein av dei mest spesielle skulane i landet var historie. 29 elevar hadde vore innom skulen for kortare og lengre tid, og mange unge lærarspirar fekk seg eit minne for livet, og kanskje ei brukande ballast på vegen vidare.

Kjelder

  • Frammøteprotokoll for Dvergsdalsdalen Skule
  • Krinsstyreprotokoll for Sunde krins
  • Diverse munnlege overleveringar

Prenta kjelder

Galleri

Koordinater: 61.527217° N 6.418076° Ø