Dalsida (Lesja): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
Linje 34: Linje 34:


==Litteratur==
==Litteratur==
*[[Per R. Einbu|Einbu, Per]] og [[Bruker: Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]] 1988: ''Setrane i Lesja i teikning og tekst.'' Utg. A. Kjellands forlag a.s, og [[Lesja historielag]]
* [[Per R. Einbu|Einbu, Per]] og [[Bruker: Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]] 1988: ''Setrane i Lesja i teikning og tekst.'' Utg. A. Kjellands forlag a.s, og [[Lesja historielag]] {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012080825017}}
* Ulateig, Egil 2010: ''I hjartet av Norge. Fjellriket Dalsida''. Lesja kommune
* Ulateig, Egil 2010: ''I hjartet av Norge. Fjellriket Dalsida''. Lesja kommune



Sideversjonen fra 9. jan. 2019 kl. 20:15

Setergrenda Sjong i 2005

Dalsida er ein lang seterdal på nordsida av hovuddalføret i Lesja og sør-sørvestsida av Dovrefjell. Dalen er dominert av elva Jore som kjem frå Lesjøtelet vest i Dovrefjellområdet og renn gjennom Skamsdalen og Dalsida ned til Gudbrandsdalslågen ved Joramoen.

Sjølve dalen er kanskje nemnt fyrste gongen av professor Gerhard Schøning i 1775: «Norden for Læsje-Dalen, og parallel med den, ligger Sjongsdalen». Også ein annan stad kaller Schøning dalen for Sjongsdalen.

Kjerrevegen til Dalsida

Kløvjing var frå gammalt einaste måten å ta seg til og frå setrane på Dalsida på. Det var nok mange tunge bører som vart frakta heimatt på denne måten. Det var difor eit stort framsteg da det vart bygd kjerreveg til bygda.

Det var setereigarane på Sørhella som sette i gang bygginga av vegen. Han gjek, frå setra der, opp ved Tandsetre og ned til bygda. Arbeidet tok til i 1928. Det er fortalt at Hans Hole (Nordigard) og Tore Nestande gav 250 kr kvar som startkapital til bygginga. Mari Nestande har òg fortald at setereigarane hadde fleire basarar på Friheim får å få inn pengar.

Da vegen var bygd fram til Kvitkrysset, vart òg setereigarane på Kvita med på prosjektet. Det var Hans Hole, Svend Hage og Tore Nestande som fekk bygd brua over Fillinge i 1932. Ho står framleis.

I 1931 vart det sett i gang arbeid med vegen frå Lesja. Den gjekk opp ved Blakar. Vi veit at Jakob Berget var bas frå Blakar og opp i Skaret. Paul Bjørnvolden var bas derifrå og innover fjellet. Vegen var ferdig i 1933.

Aurautbygginga

De vestlege delen av Dalsida er dominert av kraftutbygging, Aura-utbygginga. Frå vasskiljet låg det opphavleg tre sjøar - Gautsjøen, Grynnigen og Aursjøen - som vart regulerte saman til eitt magasin i 1954.

Setergrendene

På Dalsida er det følgjande setergrender, rekna sør-søraustfrå:

Litteratur

Koordinater: 62.20401° N 8.87700° Ø