Damfosstunnelen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:06 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Damfosstunnelen i Kvivsvegen er den kortaste tunnelen av dei fire tunnelane som er i arbeid vinteren 2009. Damfosstunnelen har fått namnet etter Damfossen, som er i vassdraget like ved. Om der har vore demning over vassdraget som har gitt nammnet, er det ikkje gitt svar på. Der var to kvernhus, eit på kvar side av elva, som nytta fallet. I slutten av 1890-åra vart det emna på ei oppgangssag som også skulle nytte fallet i fossen. Ein mur langs elva vart påbyrja, og stein til vidare arbeid vart lagt opp, men der stansa det. I 1898 vart det etablert meieri ved Damfossen , det var i drift fram til 1903. Fortsette etter det som smørlag. I tillegg til fiske i området så er det eit namn med historisk sus Damfosstunnelen har fått.


Spesifikasjonar:

Lengd
170 m
Profil
T8,5
Tverrsnitt
70 m2
Fast volum fjell
11 900 m3
Laus masse på bil
21 420 m3
Plassert masse på veg
17 850 m3
Lengd borhol på salve
5,2 m
Lengd (brytning) salve
4,8 m
Ca tal borhol pr salve
125 stk.
Bormeter pr salve
650 bm
Ca tal salver
50 stk
Bormeter totalt
32 500 bm
Ca sprengstoff pr salve
800 kg
Ca sprengstoff totalt
40 000 kg
Start tunneldriving
_._.10


Kjelder:

  • Statens vegvesen prosjektkontor på Fyrde.
  • Høidal, Eldar 2007. Busetnadssoga for Volda bd 3
  • Gjersdal, Kåre, munteleg forteljing