Daniel Arnesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Daniel Arnesen (Daniel Leri, Hauge, Mjelva, Hole) (døypt 24. mars 1782 i Luster, død 23. mai 1876 i Grytten) var haugianar og lekpreikar. Han var son av lensmann Arne Hansson Lerum i Luster og Siri Danielsdotter.

Oppvekst og omvending

Daniel voks opp på Leri i Luster. Han hevda sjølv i 1817 at han hadde «mange Tanker om Evigheden, Gud, Himmerige og Helvede» frå han var 10 år gamal. Han tenkte på å omvende seg, særleg i samband med konfirmasjonen. Men han var glad i å spele fele, og dette heldt han att. Som 17-åring (i 1799) fekk han ei sterk religiøs oppleving, og same dagen spela han fele for siste gong. Han gjorde no «Gud Løfte, at følge hans Aands Røst, at omvende mig til ham af ganske Hjerte». «Christelige Levnetsregler» av Hans Nielsen Hauge vart no rettesnora for livet hans.

Haugeven

I 1801 kom Hans Nielsen Hauge til Luster der han raskt fekk mange tilhengjarar, og både faren Arne Hansson Lerum og heile familien vart rivne med av vekkinga. Hauge heldt ved det høvet òg eit møte på Leri der det møtte svært mange. Daniel skal året etter ha byrja å halde oppbyggingsmøte i heimbygda og dei fylgjande åra visstnok over heile Vestlandet før han stogga verksemda etter fengslinga av Hauge i 1804.

Som 21-åring fekk han 22.3.1803 skøyte på Feigesagi som far hans hadde drive i 1767-1784. i denne perioden hadde han òg Feigejekti som gjekk i handel på Bergen. I 1807 fekk han dessutan skøyte på ei kvern på Feigum. Daniel står oppført som lensmannsdreng på Leri i folketeljinga 1801, men han var truleg komen i gang med jektefarten på Bergen hausten 1802. I desember det året lånte han bort 500 riksdalar til Hans Nielsen Hauge som i 1801 hadde teke borgarskap i Bergen. Innan utgangen av 1802 hadde Hauge lånt 4000 riksdalar frå venene sine, av dei kom 500 frå Daniel Arnesen og 800 frå Torgeir Næss, den andre haugianarleiaren i Luster.

I desember 1806 og januar 1807 vart det teke opp forklaringar av heile 29 vitne i Luster i samband med rettsprosessen mot Hans Nielsen Hauge. Daniel var ein av dei som forklarte seg, og han vart nemnd av ei rekkje andre vitne. Her kjem det fram at jektefarten han dreiv, var svært viktig for kontakten mellom haugianarane i Sogn og Hauge i Bergen. Daniel spela ei sentral rolle som mellommann både for varer og skrifter.

Giftarmål og gardbrukar i Luster

I 1805 måtte Daniel Arnesen gje frå seg bruket han hadde i Feigum, og han flytte då attende til Leri. Året etter, 27.5.1806, gifte han seg som 24-åring med den 48 år gamle Sophia Skaksdotter (1758-1820), enkje etter den føregåande brukaren på Hauge, og Daniel flytte no hit. Ho var ein av haugevenene i Luster, og eit vitne som hadde brote med haugevenene, hevda i kommisjonsavhøyra i desember 1806 at dette var eitt av ei rekkje giftarmål i Luster som hadde kome i stand fordi haugianarane ville hindre at dei gjekk glipp av pengane etter rike enkjer.

Romsdalen

Daniel og Sophia vart ikkje verande meir enn eit par år på Hauge før dei flytte til Grytten i Romsdalen. Dette hende truleg etter Hauge si oppmoding til venene om å flytte til Romsdalen og skaffe seg gardar. Daniel skal ha vore i Grytten i 1808 og kjøpt garden Nesset på Veblungsnes, og året etter drog fire familiar frå Luster til Romsdalen med jekta til Daniel Arnesen. Utanom Daniel og Sophia var det den kjende lekpreikaren Lars Kyllingen, Kristoffer Hansen og truleg Elling Asbjørnsen med familiar.

Alt i 1810, skal Daniel ha seld Nesset og flytt til Heen i Isfjorden. Same året selde han òg Feigesagi i Luster. Heller ikkje på Heen vart dei buande lenge. I 1814 kjøpte Daniel garden Mjelva ved Veblungsnes i lag med Halvor Ophus, som var Gryttens fyrste haugianar og stortingsrepresentant 1815-16. På Mjelva vart Daniel og Sophia buande.

Daniel Arnesen hevda sjølv (i 1817) at han åra 1810-1816 var «meget lunken i min Christendom». I 1816 drog han så til Drammen der Hauge låg sjuk etter fengselsopphaldet. Etter dette ofra han seg for forkynnargjerninga att. Han vert skildra, særleg i yngre dagar, som ein «veldig predikant, livlig ildfull og inntrengende, med stor evne både til å vekke, formane og veilede». Han verka no som omreisande lekpreikar fram til 1850, og Lars Kyllingen og Daniel Arnesen er nemnt som dei to fyrste av haugevenene som tok opp forkynninga etter at rørsla hadde lege nede under fengselsopphaldet til Hauge.

Nye ekteskap

Sophie døydde 70 år gamal den 20.7.1827, og etter dette flytte Daniel, truleg i 1829, til garden Øvre Hole i Grytten. Han gifte seg opp att 19.7.1830 med Gjørond (Joraand) Olsdotter (1799-1834) frå Nasvik i Kvernes på Nordmøre. Far til Gjørond var husmannssonen Ole Andersson frå Røneid i Luster. Daniel og Gjørond skal ha fått fire born, men berre eitt av dei vart døypte og voks opp. Gjørond døydde berre fire år etter at dei gifte seg.

Daniel gifte seg for tredje gong i Oppdal 29.12.1835 med enkja Randi Knutsdotter (fødd 1791) frå Vognill i Oppdal. Dei vart buande på Hole i Grytten der dei fekk to born. Berre eitt voks opp, og han døydde i 1861, berre 24 år gamal. Daniel er oppført som føderådsmann på Hole og enkjemann i folketeljinga 1865, så kona Randi var død før 1865. Daniel Arnesen døydde 23. mai 1866 og vart gravlagd 1. juni i Grytten kyrkje.

Daniel Arnesen har etterlate seg ei rekkje handskrivne bøker og brev som til dels er utgjevne.

Kjelder og litteratur