Dave Johnson

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 12:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Dave Johnson (David Johnson/Johnsen Kruna) (døypt 12. november 1815,[1] død 31. mars 1852) var husmann og innerst i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var frå ein av husmannsplassane på Gjerde under Hellegård. Dave vart alvorleg skadd i ei skredulukke i 1849 før han tre år seinare omkom i ei ulukke på breen.

Foreldre

Foreldra var husmann John Andersson Gjerde (1877-1844), opphavleg frå Utvik i Nordfjord, og Ingeborg Maria Davidsdotter (1773-1846) frå plassen Bøen under Berge i Dale i Luster. Dei var innerstfolk på Grov, plassfolk på Baggetun under Haugen og paktarar på Jostedal prestegard før dei i 1804 fekk hand om den eine husmannsplassen på Gjerde. Dave og tvillingsystera Ingrid var dei to yngste i ein syskenflokk på 10 der alle voks opp.

Dreng i Sperla?

Lite er kjent om kva Dave tok seg til før kring 1845. Men det er ikkje urimeleg om han var i Sperla ei stund. Heile fire av dei eldre syskena hans vart plassfolk på ymse plassar under Sperla og Fossøyane under Fossen mellom 1827 og 1840.[2]

Den 28. juli 1840 fekk "ungkarl" Dave sitt fyrste born, Anna, i lag med tenestejenta Johanna Larsdotter (1821-1907) frå Reina i Krundalen.[3] Kyrkjeboka opplyse "Begge første Leiermaal". Det er uvisst kvar Dave og Johanna heldt seg på denne tida.

Derimot peikar det mot Sperla at Dave den 12. mars 1841 fekk sonen Rasmus med "Pige" Anna Rasmusdotter Sperla.[4] Kyrkjeboka fortel at farsskapen vart opplyst av Anna i kyrkja. Den eine fadderen var Dave sin bror John, ein annan var Hermund Torbjørnson som i 1841 tok over plassen Knurrøyane etter John.[5] Anna Rasmusdotter (1813-1877) var frå plassen Haugen under Leirmo og vart gift med Hans Olson Nedrelid i 1852. Ho levde siste del av livet hjå sonen Rasmus, som var husmann på Øyagjerdet under Leirmo frå kring 1873.[6]

Den 16. februar 1841, ein månad før Dave og Anna fekk Rasmus, hadde Cecilia Pedersdotter (1816-1880) frå Bergheim i Luster fått dottera Øllegaard med husmannen Andreas Nitter (Anders Pederson) på Gardsendteigen under Nedrelid.[7]

Me veit såleis at Dave og Cecilia har opphalde seg i same del av bygda på same tid, og at dei på same tid gjorde seg dei same røynslene med å få born utanfor ekteskap.

Hendingar i familien 1844-46

Det ugifte paret Dave Johnson og Cecilia Pedersdotter fekk 3. juni 1844 sonen Nils.[8] I desember 1844 døydde fyrst faren John (68 år) av "nervefeber" og fire veker seinare storebroren Anders Johnson (47 år), som var husmann i Sperla.[9] Den 7. juli 1845 gifte så Dave og Cecilia seg, same året som dei fekk hand om Daveplassen under Kruna. Dei vart då nære grannar med Dave si storesyster Ingeborg som hadde gift seg med Anders Tøgerson frå Kruna i 1839 og vorte plassfolk på Kronøygarden under Kruna, som Anders hadde hatt sidan 1830.[10]

I februar 1846 døydde Dave si mor Ingeborg (74 år),[11], og i november same året fekk Dave og Cecilia dottera Ingeborg.

Då dei gifte seg i 1845, vert Dave oppgjeven å vere "Tjener". Trulovarane til Dave var "Anders Andersen Hougen" og "John Andersen Hougen", som truleg er brørne Anders A. Haugen og John A. Haugen.[12]

Skredulukka på Daveplassen 1849

Livet til Dave og Cecilia på Daveplassen skulle få ein dramatisk ende. Eit stort snøskred tok plassen tidleg om morgonen laurdag 27. januar 1849. Dave sjølv vart "aldeles lemlæstet, og ligger paa Sygeleiet under de største Lidelser." Om Cecilia heiter det at det "ene Been bled sønderknust". Det eldste bornet, som må ha vore Nils, var "næsten uskadt". Det yngste på 2 år (må ha vore Ingeborg) vart funne etter to timar, ein alen (63 cm) under snøen, og var då "stivt og som dødt, men bragtes til Live". Alt dei åtte gjekk tapt unnateke ei kyr som vart ført langt bort av skredet, men vart funne ståande uskadd oppå snømassane. To veker etter (9. februar) hadde det endå ikkje vore mogleg å skaffe legehjelp fordi dei store snøfalla hadde gjort all ferdsel inn og ut av Jostedalen umogleg.[13]

Daveplassen vart aldri bygt opp att, og frå 1849 var Dave og Cecilia innerstfolk på Gjerde og Flatejordi. Her fekk dei to born til. Dette vart eit liv i djup fattigdom der Dave og Cecilia dels måtte tigge for å greie seg.[14]

Dødsulukka på breen 1852

Men ulukkene var ikkje slutt med dette. Onsdag 31. mars 1852 døydde Dave då han og ein annan kar skulle ta seg over Jostedalsbreen. Han fall ned i ein snødekt bresprekk og døydde truleg momentant av hovudskadar. Turkameraten tok seg ned att til folk og fekk henta hjelp, og ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang. To av dei seks redningsmannskapa vart fira 43 alen (27 m) ned i bresprekken. Der fann dei etter ei tid den omkomne. Nedstigninga blir i ei melding omtala som "forbunden med stor Fare" på grunn av "den overhængende betydelige Snebred" som truga med å rase over dei. Det er ikkje kjent kva ærend Dave var ute i, kvar ulukka var eller kven han hadde med som reisefølgje.[15] Det einaste ein veit, er at kyrkjeboka opplyser at det hende på "Jostedalsbreden, imellem Jostedal og Nordfjord". Han kan såleis ha vore på veg til Nordfjord der far hans kom frå, dei kan ha vore på reinsjakt på ei tid der avisstykket melder om matmangel og knappe tider, eller dei kan ha hatt andre ærend.

Cecilia sat no att med tre born på 8, 6 og 3 år. Den fyrste tida skal ho ha fått hjelp i Jostedalen, men etter kvart flytte ho til Hafslo der ho vart buande resten av livet. Ho vert oppgjeven å vere legdelem på Valaker då ho døydde.

Born

Desse borna etter Dave og/eller Cecilia er kjende:

Born av Dave og Johanna Larsdotter Reina (1821-1907):

  • Anne Davidsdotter (1840-etter 1911),[16] utvandra til Amerika i 1866 og gifte seg der

Born av Dave og Anne Rasmusdotter Sperla (farsskapet oppgjeve av ho):

  • Rasmus Davidson Leirmo (1841-1922), vart husmann på Øyagjerdet under Leirmo[17]

Born av Cecilia og husmann Andreas Nitter (1808-1854) frå Garsendteigen under Nedrelid:[18]

  • Øllegaard (Julia) Andersdotter (1841-1908), utvandra til Amerika

Borna til Cecilia og Dave:

  • Nils Davidson (f. 1844), vart skomakarsvein i Egersund, lagnaden hans er ukjend
  • Ingeborg Davidsdotter (1846-1916), gardbrukarkone på Kjos i Hafslo
  • Britha Davidsdotter (fødd 1849), utvandra til Amerika, lagnaden hennar er ukjend

Tradisjon

Det har funnest ein tradisjon i Jostedalen om den uheldige Dave heilt opp til nyare tid, men nokre faktafeil har snike seg inn. Matthias Foss nemner i 1750 ei soge om ein kar som i 1742 skulle over breen til Nordfjord for "at betle sitt Brød", men omkom og aldri vart funnen.[19] I seinare framstillingar har det heitt at dette "var truleg husmannen Dave Gjerde",[20] men det stemmer ikkje.

Øyane og ei oppføring på skrednett.no plasserer skredulukka på Daveplassen i 1848, eitt år for tidleg.[21]

Notar

  1. Ministerialbok for Jostedalen 1807-1837, s. 23 (Digitalarkivet)
  2. Øyane 1994, s. 156 og 202 (John), 206 (Anders), 200 (Britha), 204 (Ole)
  3. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 11 (Digitalarkivet)
  4. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 11 (Digitalarkivet)
  5. Øyane 1994, s. 156 og 202
  6. Øyane 1994, s. 257; Øyane 1991, s. 901 og 905
  7. Øyane 1994, s. 272 og 834; ikkje attfunne i kyrkjeboka
  8. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 21 (Digitalarkivet)
  9. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 110 og s. 111 (Digitalarkivet)
  10. Øyane 1994, s. 835-36
  11. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 112 (Digitalarkivet)
  12. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 78 (Digitalarkivet)
  13. Morgenbladet, 7.3.1849 (Jostedal historielag)
  14. Morgenbladet, 9.5.1852 (Jostedal historielag)
  15. Morgenbladet, 9.5.1852 (Jostedal historielag)
  16. Øyane 1994, s. 842
  17. Ministerialbok for Jostedalen 1837-1848, s. 11 (Digitalarkivet); Øyane 1991, s. 901
  18. Øyane 1994, s. 272; ikkje attfunne i kyrkjeboka
  19. Foss 1802, s. 22
  20. Næss m.fl. 1989, s. 72; Bruaset 1993, s. 136
  21. Øyane 1994, s. 834; oppføring på skrednett.no (16.5.2011)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 811-12 og 834. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Næss, Stein, m.fl. (1989). Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. Oslo: Grøndahl.
  • Bruaset, Oddgeir. (1996). Jostedalsbreen. Oslo: Samlaget.