Daveplassen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Daveplassen var ein husmannsplass under garden Kruna i Jostedalen, Luster kommune. Plassen låg rett vest for Kruna, på nedsida av dagens fylkesveg.

Daveplassen vart truleg rydda i fyrste del av 1790-åra, og den fyrste husmannen skal ha vore Martin Iverson Braaten (1765-1804) frå Bråtå i Skjåk kommune. Han kom til Jostedalen kring 1793 og busette seg då på Kruna. Lars Øyane trur dette må ha vore den same plassen som seinare fekk namn etter den siste husmannen.

Det var Dave Johnson (1815-1852) som vart husmann her i 1845. Det skal vera han som har gjeve namn til plassen. Daveplassen vart teken av eit stort snøskred tidleg om morgonen 27. januar 1849, og alle fire på garden var i husa som vart tekne. David vart "aldeles lemlæstet", kona hans Cecilia Pedersdotter fekk det "ene Been ... sønderknust", det eldste bornet var så godt som uskadd, medan det yngste bornet, ein 2-åring, var kraftig nedkjølt etter to timar i snøen, men greidde seg. Dei miste alt dei eigde unnateke ei ku.[1]

Daveplassen vart fråflytt etter ulukka og er seinare ikkje bygt opp att. Den ulukkelege David Johnson døydde 31. mars 1852 då han fall ned i ein sprekk på Jostedalsbreen.

Notar

  1. Snøskred i Krundalen 1849, Jostedal historielag

Kjelder og litteratur

  • Krhonen i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet (Husmannen).
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 833-834. (Digital utgåve, NBdigital)

Koordinater: 61°38′0.95″ N 7°13′55.53″ Ø