Davik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen strekte seg på båe sider av Nordfjorden mot Bremangerlandet i vest og Ålfotbreen i sør.

Davik prestegjeld vart oppretta i 1740 då kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten vart skilde ut frå Eid prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.

1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.

1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.

1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.

Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
3400 3380 3658 3627 3594 3489

Ordførarar

Fotnotar

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Davik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Kjelder