Den 17de Mai

Den 17de Mai, med undertittel Norskt Folkeblad, var ei frilynt avis som vart utgjeven frå 1894 til 1935. Rasmus Steinsvik var grunnleggjar og første redaktør, dei første fire åra saman med Arne Garborg, og så aleine til 1913. Dei tilhøyrde krinsen omkring bladet Fedraheimen. Den 17de Mai vart utgjeven frå Kristiania/Oslo. Avisa var eit hovudorgan for målsaka.

Avishode frå november 1898

Allereie 26. oktober 1900 tok avisa i ein artikkel, truleg skriven av Steinsvik, til orde for oppretting av «ein studentskule for bondegutar». Dette kan sjåast som eit av dei fyrste kontrete initiativa til landsgymnasa. Artikkelen peiker på skilnader mellom bygdekultur og bykultur. Det kan i seg sjølv vere berikande, men det uheldige er at bykulturen dominerar bygdekulturen, særlig språkleg gjennom skuleverket.

Annonse i Dagbladet 14. mars 1894

Blant seinare redaktørar kan nemnast Anders Hamre, Einar Breidsvoll og Andreas Haavoll.

Statsrevisor, venstremann og målmann Magnus Hydle (1868-1944) frå Ulvik, medetablerar av Hardinglaget i hovudstaden, var styreleiar for Den 17de Mai frå 1919 til 1929.

Avisa kom ut som dagsavis frå 1898 til 1900 og frå 1916 til 1935 då ho vart nedlagd. Norsk Tidend er eit framhald av Den 17de Mai og Fedraheimen.

Se også

Kjelder