Den gamle villreinfangsten: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Litteratur: oppdat)
(4 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Gravdalen anlegg4.JPG|Døme på villreinfangstanlegg [[Fangstanlegga i Gravdalen, Vågå|Gravdalen i Vågå]]. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]] (2014)}}
<onlyinclude>{{thumb|Gravdalen anlegg4.JPG|Døme på villreinfangstanlegg [[Fangstanlegga i Gravdalen, Vågå|Gravdalen i Vågå]]. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.|[[Bruker:Arnfinn Kjelland|Arnfinn Kjelland]] (2014)}}
'''[[Den gamle villreinfangsten]]''' kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i norske høgfjellsområde. Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging.</onlyinclude>
'''[[Den gamle villreinfangsten]]''' kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i sørnorske høgfjellsområde. Sjå om [[Jakt på villrein i Reisadalen|liknande verksemd u Finnmark]].
 
Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging.</onlyinclude>


Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at også villreinen i høgfjellet vart jakta på med klassiske metodar i eldre tid, i alle fall når [[Leksikon:Armbrøst|armbrøsten]] kom i bruk. Men det var nok først med skytevåpna, og da særleg riflene frå siste del av 1800-talet, at slik jakt vart rimeleg effektiv (og førte i startfasen til kraftig desimering av reinsstammene).
Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at også villreinen i høgfjellet vart jakta på med klassiske metodar i eldre tid, i alle fall når [[Leksikon:Armbrøst|armbrøsten]] kom i bruk. Men det var nok først med skytevåpna, og da særleg riflene frå siste del av 1800-talet, at slik jakt vart rimeleg effektiv (og førte i startfasen til kraftig desimering av reinsstammene).
Linje 61: Linje 63:


==Prosjektet ''Villreinfangsten som verdensarv''==
==Prosjektet ''Villreinfangsten som verdensarv''==
I 2003 vart det starta eit arbeid i Nord-Gudbrandsdalen for å få tre atskilte, men tilgrensande område: Snøhetta, Rondane og Reinheimen inn på UNESCO si liste over verdsarven.
I 2003 vart det starta eit arbeid i Nord-Gudbrandsdalen for å få tre atskilte, men tilgrensande område: Snøhetta, Rondane og Reinheimen inn på UNESCO si liste over verdsarven. [http://www.villreinfangsten.no/ Heimeside] for prosjektet.


Børge Brende vart i 2006 styreleiar for prosjektet, ein funksjon han hadde til 2008 da han vart direktør for World Economic Forum. Deretter overtok tidlegare ordførar i [[Lesja]], [[Per Dag Hole]], vervet.
Børge Brende vart i 2006 styreleiar for prosjektet, ein funksjon han hadde til 2008 da han vart direktør for World Economic Forum. Deretter overtok tidlegare ordførar i [[Lesja]], [[Per Dag Hole]], vervet.


I 2011 vart prosjektet kopla til andre prosjekt som det som blir kalla ein transnasjonal serienominasjon.
I 2011 vart prosjektet kopla til andre prosjekt som det som blir kalla ein transnasjonal serienominasjon, og i 2018 til prosjektet [https://gudbrandsdalsmusea.no/avdelinger/villreinl%C3%B8ypa «Villreinløypa»] ved [[Gudbrandsdalsmusea]].


==Bilde av minne etter den gamle villreinfangsten==
==Bilde av minne etter den gamle villreinfangsten==
Linje 74: Linje 76:
Fil:FangstgropSvartaadalen.jpg|I [[Svartådalen]], [[Trollheimen]]
Fil:FangstgropSvartaadalen.jpg|I [[Svartådalen]], [[Trollheimen]]
Fil:FangstgropNedreMølmsvatnet.jpg|Ved Nedre Mølmsvatnet sør for [[Lesjaskog sentrum]]
Fil:FangstgropNedreMølmsvatnet.jpg|Ved Nedre Mølmsvatnet sør for [[Lesjaskog sentrum]]
Fil:Bågåstø2Horjemsetertjønnene.jpg|Bågåstø ved Horjemsetertjønna i [[Tafjordfjella]]
</gallery>
</gallery>


Linje 79: Linje 82:
* Hole, Runar 2013: ''Massefangstanlegg for villrein. Ei studie av sosial kontekst basert på romlege og kronologiske variablar''. Mastergradsoppgåve i arkeologi. NTNU. http://ntnu.diva-portal.org/smash/get/diva2:635244/FULLTEXT01.pdf (henta 23.7.2014)
* Hole, Runar 2013: ''Massefangstanlegg for villrein. Ei studie av sosial kontekst basert på romlege og kronologiske variablar''. Mastergradsoppgåve i arkeologi. NTNU. http://ntnu.diva-portal.org/smash/get/diva2:635244/FULLTEXT01.pdf (henta 23.7.2014)
* Jordhøy, Per (red.) 2014: ''Reinheimen og Breheimen. Frå pil og boge til lasso og gevær''. Villreinutvalet Ottadalsområdet.
* Jordhøy, Per (red.) 2014: ''Reinheimen og Breheimen. Frå pil og boge til lasso og gevær''. Villreinutvalet Ottadalsområdet.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] c1978: ''Villreinen i Snøhettaområdet''. Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk, Viltforskningen.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] c1978: ''Villreinen i Snøhetta-feltet''. Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk, Viltforskningen.{{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2012052305087}}
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 1986: ''Jakt og fangst i Lesja''. Hovudutval for kultur og fritid, Lesja kommune.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 1986: ''Jakt og fangst i Lesja''. Hovudutval for kultur og fritid, Lesja kommune.{{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2015021808367}}
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 1987: ''Fra dyregraver til geværjakt i Rauma''. Rauma kommune.{{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2018060148597}}
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 1988: ''Jakt- og fangstkulturen i Skjåk og Finndalsfjella''. Skjåk kommune.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 1988: ''Jakt- og fangstkulturen i Skjåk og Finndalsfjella''. Skjåk kommune.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] (red.) 1991: ''Ottadalsreinen. Frå pil og bue til lasso og gevær''. Villreinutvalget Ottadalsområdet
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] (red.) 1991: ''Ottadalsreinen. Frå pil og bue til lasso og gevær''. Villreinutvalget Ottadalsområdet.{{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2014061848006}}
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 2000: ''Jakt- og fangst i Norddal''. Norddal kommune.
* [[Øystein Mølmen |Mølmen, Øystein]] 2000: ''Jakt- og fangst i Norddal''. Norddal kommune.{{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2016051148112}}
* Olsen, John (red.) 2006: [http://www.villreinfangsten.no/wp-content/uploads/2014/04/VSV-Faglig-begrunnelse.pdf ''Villreinfangsten som verdensarv. En ti tusen år lang tradisjon''. Faglig begrunnelse.] (ny versjon henta 15.6.2018)
* Olsen, John (red.) 2006: [http://www.villreinfangsten.no/wp-content/uploads/2014/04/VSV-Faglig-begrunnelse.pdf ''Villreinfangsten som verdensarv. En ti tusen år lang tradisjon''. Faglig begrunnelse.] (ny versjon henta 15.6.2018)
* Olsen, John (red.) 2011: [http://www.villreinfangsten.no/wp-content/uploads/2014/04/Fagrapport-2-Transnasjonale-serienominasjoner.pdf ''Villreinfangsten som verdensarv. En ti tusen år lang tradisjon''. Fagrapport 2. Transnasjonale serienominasjoner.]  (ny versjon henta 15.6.2018)
* Olsen, John (red.) 2011: [http://www.villreinfangsten.no/wp-content/uploads/2014/04/Fagrapport-2-Transnasjonale-serienominasjoner.pdf ''Villreinfangsten som verdensarv. En ti tusen år lang tradisjon''. Fagrapport 2. Transnasjonale serienominasjoner.]  (ny versjon henta 15.6.2018)

Sideversjonen fra 5. jun. 2019 kl. 11:16

Døme på villreinfangstanlegg Gravdalen i Vågå. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

Den gamle villreinfangsten kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i sørnorske høgfjellsområde. Sjå om liknande verksemd u Finnmark.

Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging.

Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at også villreinen i høgfjellet vart jakta på med klassiske metodar i eldre tid, i alle fall når armbrøsten kom i bruk. Men det var nok først med skytevåpna, og da særleg riflene frå siste del av 1800-talet, at slik jakt vart rimeleg effektiv (og førte i startfasen til kraftig desimering av reinsstammene).

Fangsten av villrein går så langt attende som ein har arkeologiske funn frå høgfjellsområda.

Gerhard Schøning var i 1775 overraska over omfanget av fysiske minne om denne verksemda:[1]

Saavel paa Dofre-Fiæld, som paa de andre om og ovenfor Gudbrandsdalen beliggende Fiælde, sees hist og her en stor Mængde af Elgs- og Reins-Dyrs Grave, beliggende tæt hos hinanden, og mærkværdige, saavel af deres Mængde, som af den Fliid, hvormed de ere anlagde: thi de ere indvendige opmuurede, eller satte, med Steene, til næsten en Karls Høide.* Store Strækninger, paa bemeldte Fiælde, ere dermed næsten ganske opfylde. (* De er gemeenlig 3 Alne dybe, og 6 Alne breede. Nu omstunder bruger man dem ikke.)

Villreinen

er tilpassa økologien i høgfjellet, med kort beitesesong på skrinn vegetasjon. Han har i all tid vore eit byttedyr både for menneska og andre rovdyr. Det har ført til at han har utvikla ein åtferd der han samlast i flokkar for lettare å forsvare seg mot fare, evne til raskt å rømme unna og sesongvise vandringar mellom beiteområde.

Fangsten – fangstanlegg

Ein kan skilje grovt mellom aktiv og passiv fangst. Den passive fangsten går føre seg i fangstgraver eller –groper utan tilsyn, der reinen vanlegvis går roleg og beitar, og blir ved hjelp av diskrete ledegjere «lurt» til å gå seg ned i ei fangstgrop.

I meir aktiv fangst prøvde fangstfolka å drive flokkar av rein inn mot (vanlegvis) større system av groper, som etter kvart vart vidareutvikla til det som blir kalla massefangstanlegg.[2]

Til dei aller fleste kjende fangstgroper er det knytt gjerde i forskjellig form. Dei skulle fange opp reinen på vandring og få han til å bevege seg inn mot gropa. Knytt opp til gropene er det funne mange skytestillingar, kalla «bågåstø» i alle fall i Snøhetta-Ottadalsområdet, og spor etter busetting og konstruksjonar for lagring av kjøt. Etter som denne verksemda altså i mest alle tilfelle har lete etter seg fysiske spor av fleire typar (groper, gjerde, skytestillingar, opphaldsstader) er det i faglitteraturen vanleg å omtale kvar lokalitet med funn for eit fangstanlegg, sjølv om det kanskje berre er ei grop med ledegjerde.

Plassering: konsentrasjon om «flaskehalsparti» i terrenget

Villreinen vandrar som nemnt mykje. Høgfjellet har varierande topografi, og det er naturleg at menneska forsøkte seg på å fangste reinen i trongare terreng, der han hadde problem med å flykte unna. Dei fleste fangstanlegga er derfor plasserte knytt til slike flaskehalsar: tronge dalar (skar), terrasser eller andre former for passasjer mellom terreng reinen ikkje kunne bevege seg i (vatn, bratte steinurer, fjellveggar og liknande).

Fangstgropene

Mura fangstgrop i anlegg 4 i Gravdalen i Vågå.
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

Omgrepa fangstgrop og -grav (dyregrav) er ofte nytta om ein annan i faglitteraturen. Verdsarvprosjektet (sjå nedafor) nyttar grop om alle, for å unngå samanblanding med menneskegraver.[3]

Gropene kan grovt sett delast i to typar etter om dei er gravne eller mura. Dei som er gravne har oftast hatt veggar av treverk, som er forsvunne slik at gropene har sige saman. Groper som er mura av stein kan stå seg betre. Det er likevel viktig å merke seg at det har vore stor variasjon i dei teknikkane som vart brukte, og mange kombinasjonsløysingar ser ut til å ha vore nytta. Lokale tilhøve ser ut til å ha vore avgjerande: ei mura grop kan t.d. vere bygd i eit utgrave hol djupt nok til heile grava, eller mura heilt oppå grunnen slik at det laut til mykje masse innåt murane for å «lure» reinen til å gå opp og i falle ned i gropa. Eller ho kan vere ei blandingsform av desse.

Fangstgropene ser ut til å ha vore om lag 2 meter lange, 60–80 cm breie og om lag 2 m djupe. Før bruk vart dei kamuflerte ved at tynne greiner, gjerne av furu, dekt med mose og lav (den naturlege vegetasjonen på staden) og gjerne nokre tynne, flate steinar vart lagt over. (Steinane skulle hindre dekket frå å blåse bort.)

Villreinforskaren Øystein Mølmen har prøvd å kalkulera arbeidsomfanget knytt til bygginga, og kom til at det truleg har gått med 20–25 dagsverk for kvar grop.[4]

Teoriar om at det skulle ha vore spisse stokkar i botnen av slike groper er det ikkje funne dekning for.[5]

Skytestillingar - bågåstø

Knytt til mange av anlegga finn ein ei eller fleire slike stillingar, kalla bågåstø i alle fall i Nord-Gudbrandsdalen. Dei er gjerne oppmura halvsirklar som jegeren kunne gjøyme seg bak når reinen nærma seg. I trongt terreng, der reinen laut gå på heilt bestemte plassar og gjerne etter kvarandre og dermed bli lett mål for pilskot eller spydkast, kunne nok ei eller fleire slike stillingar utgjere heile anlegget. Men oftast er slike stillinga knytt til anlegg med groper eller massefangst.

I Norddal blir slike stillingar kalla sóter.[6]

Stengje-, skremme- eller ledegjerde («bægje»)

Det ser ut til at det har vore knytt slike gjerde i ei eller fleire former til dei aller fleste fangstgropene som er funne. Mølmen (1986 s. 81f) kallar gjerdetypane «ein vitskap for seg», men kategoriserer dei i tre grupper: ledegjerde («bægje» i Nord-Gudbrandsdalen), stengje- eller sperregjerde og skremmegjerde.

Namna taler for seg. Ledegjerde skulle «lure» reinen til å følgje eit bestemt spor som sjølvsagt førte inn mot ei fangstgrop. Det behøvde ikkje vere spesielt høgt; reinen valde den lettaste vegen, og det er òg muleg å sjå at fangstfolka hadde rydda vekk stein og andre hindringar i den traseen langs eit ledegjerde der dei ville ha dyra til å gå.

Stengje- eller sperregjerde skulle altså stengje ein bestemt trase og tvinge dyra inn mot anlegget. Slike gjerde måtte da vere høgare, og dei var gjerne bygde av treverk eller i kombinasjon med steinmurar.

Skremmegjerde skulle hindre reinen i å bevege seg inn i område der det ikkje var fangstanlegg. Dei bestod gjerne av relativt tynne, 1,4 – 2 m høge trestokkar som vart sette ned med korte mellomrom. På toppen av stokkane vart det festa ymse remediar (fletta neverkuler, grastorv, trespiler) som førte til at dei svaia sjølv i svak vind og fekk reinen til å skifte retning fordi han trudde dei var menneske. Det er gjort funn av depot av slike stokkar i samband med nedsmeltinga av snøbreane i Nord-Gudbrandsdalen dei seinare åra.

Massefangstanlegg

kan definerast som anlegg for «fangst av fleire reinsdyr i eit samanhengane fangstanlegg på ein gong» (Hole 2013 s. 14). I slike anlegg vart ein reinsflokk drive inn mellom gjerne lange ledegjerde inn mot ei fangstruse der dei vart slakta.

Det er funne spor etter slike anlegg i Finnmark og i dei fleste høgfjellsområda i Sør-Noreg.

Buplassar

Knytt til mange av anlegga er det funne spor etter overnattingsplassar. Fangstfolka kunne måtte halde vakt over anlegga i lengre tid før reinsflokkane kom, og da trong dei husly. Det var kanskje telt, men òg gammar og mura krypinn av ymse slag.

Buplassane kan vere vanskeleg å finne, men fleire av desse plassane kan òg ha vore vedlikehaldne etter at sjølve fangsten var avslutta, av gjetarar, fiskarar eller jegerar. Slike buplassar er i Nord-Gudbrandsdals- og Tafjordfjella gjerne kalla herbør, som altså kan vere vanskeleg å datere.

Utanom plassar for overnatting var det gjerne òg behov for lager for kjøtet etter slaktinga. Slike mindre oppmura rom er det funne ein del av, men dei har òg vore brukt i samband med jakt i nyare tid og er derfor vanskeleg å datera.

Prosjektet Villreinfangsten som verdensarv

I 2003 vart det starta eit arbeid i Nord-Gudbrandsdalen for å få tre atskilte, men tilgrensande område: Snøhetta, Rondane og Reinheimen inn på UNESCO si liste over verdsarven. Heimeside for prosjektet.

Børge Brende vart i 2006 styreleiar for prosjektet, ein funksjon han hadde til 2008 da han vart direktør for World Economic Forum. Deretter overtok tidlegare ordførar i Lesja, Per Dag Hole, vervet.

I 2011 vart prosjektet kopla til andre prosjekt som det som blir kalla ein transnasjonal serienominasjon, og i 2018 til prosjektet «Villreinløypa» ved Gudbrandsdalsmusea.

Bilde av minne etter den gamle villreinfangsten

Litteratur

Referansar

  1. Gerhard Schøning: Reise gjennem Gudbrandsdalen 1775 (Tapir 1980): 4f.
  2. Nærare om dette, sjå Hole 2013.
  3. Hole 2013 s. 77 definerer ei fangstgrav som ei steinmura fangstgrop.
  4. Mølmen 1986 s. 77.
  5. Olsen (red.) 2006 s. 23.
  6. Mølmen 2000 s. 11.