Den hellige Birgittas kapell (Tustna)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Den hellige Birgittas kapell (Tustna)
23174 St Birgittas kapell (Tustna).jpg
Byggeår: 2007, innvigd 4. juli s.å.
Vigd til: St. Birgitta
Kyrkjegard: nei
Kyrkjesamfunn: Den katolske kirke
Bispedøme: Trondheim katolske stift
Sokn: St. Eystein menighet
Teknikk: lafteverk
Materiale: tre
Sitteplassar: opp til 12 stolar inne
Den hellige Birgittas kapell i Jørnvågen på Tustna.
Foto: Olve Utne

Den hellige Birgittas kapell er eit katolsk kapell vigd til St. Birgitta av Vadstena i JørenvågenTustna i Aure kommuneNordmøre. Kapellet, som er tilknytt Villa Humaniora / LS Holst–NK Larsens Bureau og ligg under St. Eystein meinigheit i Kristiansund, er lafta og vart innvigd av pater Alexandre Semajangwe Polepole den 4. juli 2007.[1] Som altartavle fungerer ei ikontavle som framstiller «Guds Mor med Barn» og som er laga av Solrunn Nes i 2005. Eit relikvie av Maria Elisabetta Hesselblad (18701957) vart gjeve til kapellet frå Birgittasøstrene i Roma. Det er berre plass til kring tolv stolar inne, men etter inspirasjon frå det litle St. Georgskapellet i Neiden er det lagt opp til bruk av området utafor kapelldøra òg. Der er det ein treplatting innmed to av veggene og eit par enkle «benker» av tømmerstokkar oppetter bakken, slik at det går an å halde utegudstenester med oppimot 100 personar. Det var messe i kapellet omtrent seks gonger i året. Kapellet vart nedlagt sommaren 2021.

Det er lagt opp enkle «benker» av tømmerstokkar i bakken rett vestom kapellet til bruk ved friluftsgudstenester.
Foto: Olve Utne
Eit birgittakors frå Irland heng ved vindauga på nordveggen i kapellet.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

Lenkjer

Koordinater: 63.149514° N 7.9864138° Ø