Der inne (Bykle gnr 15/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:33 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Der inne
Gjerden 3.jpg
Loptet frå Gjerden Der inne vert tidfest til 1600-talet. I dag står det i Huldreheimen, og då dette biletet vart teke, 20.7.2005, var det under restaurering.
Foto: Dag Rikard Olsnes
Rydda: omkr. 1667
Utskilt: 1668
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 3
Type: Gardsbruk

Der inne er eit av dei eldste bruka på Gjerden i Bykle. Etter det me kom til i bolken om den udela garden er Åvold Tarjeisson den fyrste kjende oppsitjaren her. Nett kva tid han døydde er uvisst, men siste venda me har funne han nemnd er i 1661. Sidan er han ikkje med i kjeldene våre, så han har vel lide av ein gong ved dette leitet. Rett nok vart ikkje skiftet etter han tinglyst fyrr i 1667, men at det stundom kunne taka nokre år mellom eit dødsfall og bokføringa av erveoppgjeret, var ikkje uvanleg. Sorenskrivaren utførde ikkje tinglysingar frå Bykle på kvar tingsamling, men tok fyre seg ein bunt når han tykte han hadde høveleg mange.

Åvold og kona hans hadde rett nok bruka 15 skinn veit me, men det dei åtte var berre 4 nottungar, står det i skiftet, og ettersom 1 nottung landskyld i Bykle tykkjest vera det same som 1/2 kalveskinn, var heile den faste eiga i buet berre 2 kalveskinn, dvs. 2/15 av den jorda Åvold hadde bruka, som då han døydde svara omtrentleg til dei seinare Der Inne og Nordstog.

Me set inn oversynet over familien hans på denne staden:

  • Åvold Tarjeisson Gjerden, n 1623, d ca 1661
g 1. m ukj., d fyre 1645. Born:
  • Eivind, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Tarjei, f ca 1632, n 1664-83, d fyre 1689, g m Jorunn, sjå nedanfor
  • Knut, f ca 1634, g m Torbjørg Olavsdtr. Nesland, sjå Nordstog, bnr 2
  • Gunhild, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Åsne, n 1667, seinare lagnad ukj.
g 2 m Gyro Eivindsdtr. Trydal, d fyre 1667. Born:
  • Jon, f ca 1645 n 1666, 1667, seinare lagnad ukj.
  • Såve, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Kjetil, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Ingebjørg, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Tore, n 1667, seinare lagnad ukj.
  • Birgit, n 1667, g m Svein Gunsteinsson Ryningen (?), i så fall d Attistog 1731, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4

I 1667 vart skiftet etter Eivind Åsmundsson Rygnestad og kona, Hæge, som budde i Nordstog Trydal, tinglyst. Her står det at Gyro, dotter deira, som var død fyre foreldra, hadde vore gift med Åvold Tarjeisson. I skiftet etter Åvold og Gyro, som vart tinglyst same året, går det fram at han hadde vore tvigift, men namna åt dei to konene er unemnde i denne kjelda.

Som det står ovanfor er namnet åt den fyrste kona av Åvold ukjent. I den gamle gards- og ættesoga (125) står det å lesa at ho heitte Tore Jonsdotter og var frå Nigard Homme i Valle, men etter det Alfred Ryningen har kome fram til, kan det vanskeleg vera rett. Den einaste Tore Jonsdotter Homme som for tidas skuld kunne vore aktuell i denne samanhengen, var gift med Vetle Tarjeisson Steinsland, og døydde i Steinsland ca 1711 (Valle III, 549, V, 317). Og einaste kvinna frå Homme med namnet Tore, me har funne gift til Jåro på 1600-talet, er Tore Kjetilsdotter, og ho var, som me har peika på i avsnittet om den udela garden, mor åt Åvold, ikkje kona hans.

Når det gjeld borna åt Åvold, veit me lite og ingenting om dei fleste av dei. Alle vert lista opp i skiftet etter faren, men utanom sønene Tarjei og Knut, som sidan var oppsitjarar på kvar sitt bruk i Gjerden, har me ikkje funne sikre spor etter dei i kjeldene våre.

Likevel skal nemnast at det døydde ei 70 år gamal, gift kvinne som vart kalla «Bille Jare» (= Birgit Gjerden?) i 1731. Me trur at ho hadde vore gift med Svein Gunsteinsson Ryningen i Attistog, og det er mogeleg at ho var den yngste av døtrene etter Åvold.

Det ovannemnde skiftebrevet vart nok sluttskrive ei tid etter at Åvold var borte, og difor var det ikkje lenger heilt ajour med dei faktiske tilhøva. For ettersom brorpartane i skiftet var på 8/15 nottung landskyld, og systerpartane det halve av dette, må det ha vorte skift mellom 6 brør og 3 systrer, eller eventuelt 5 brør og 5 systrer, elles vil ikkje godset i buet gå opp med dei nemnde brøkane. Dette tilseier då at ein eller to ervingar må ha døytt i tida mellom avferda åt arvelataren og skiftesluttinga.

I den gamle gards- og ættesoga (129) les me at Åvold Tarjeisson «dela garden i to, Der nor og Der inne», og at Tarjei fekk Der Inne medan Knut overtok Der nor eller Nordstog. Men den lisle gardparten Åvold sat med då han døydde, gjer det ikkje mykje sannsynleg at han kunne ha makt til å styre den vidare utviklinga. Sønene sin vidare bruk av garden må då ha kome i stand etter avtale med andre eigarar. Men i alle høve vart Nordstog ein gong mot slutten av 1660-åra kløyvd ut ifrå Der Inne, slik at det vart to bruk. Etter den gamle skylda skulle kvart av dei to bruka vore på 7 1/2 kalveskinn, men etter den nye skylda frå 1668 var kvart bruk på eitt geiteskinn eller tre kalveskinn.

Tarjei vart sitjande med det som var att av Der inne etter delinga, og svara skatten av dei 3 kalveskinna sine til han døydde kring 1685, eller kort etter dette. Me set opp fødselsåret hans etter dei sprikjande oppgåvene i manntala 1664-66.

  • Tarjei Åvoldsson, f ca 1632-39, n 1664-83
g m Jorunn (?), n 1689-98. Born, iallfall:
  • Augund, f ca 1674, d 1741, g m Jorunn Bjørgulvsdtr. (Bratteland?), sjå nedanfor

Me kan ikkje vita hundre prosent sikkert at kona åt Tarjei heitte Jorunn, men det var ei enke med det namnet som svara skatten av bruket i perioden 1689-1698, og det skulle då vera heller gode voner om at ho hadde vore gift med Tarjei. Kvar ho kom frå er uvisst, men i og med at dei døypte sonen til Augund, kan ho kanskje ha vore skyld ovanomtala Augund Jonsson Homme?

Den gamle tadden i Der inne under restaurering. Trygve Gjerden tok biletet, som me fann i kommunearkivet.
Den gamle tadden i Der inne etter restaurering.
Foto: Trygve Gjerden

Frå 1699 og frametter er det sonen som er nemnd som oppsitjar på bruket. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i eit militærmanntal frå 1718, der det står at han var 44 år på den tid:

  • Augund Tarjeisson Gjerden, f ca 1674, d 1741
g m Jorunn Bjørgulvsdtr, f ca 1689, d 1766. Born:
  • Tarjei, f ca 1704, d 1773, g 1741 m Svålaug Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Birgit, f ca 1709, d 1788, g 1736 m Knut Alvsson Breive, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Tore, f ca 1712, d 1777, ug
  • Jorunn, f 1714, d 1768, ug
  • Margit, f 1719, tvill., d 1783, ug
  • Tone, f 1719, tvill., d 1720
  • Gunvor, f 1724, d 1793, g 1761 m Lars Arnesson Haugebirke, ikkje kjende born, jfr. Valle IV, 429
  • Tone, f 1729, d 1752, ug

Me veit ikkje sikkert kvar Jorunn Bjørgulvsdotter kom ifrå, men trur helst ho var dotter åt Bjørgulv Tarjeisson Bratteland. Dette er lite meir enn gjeting, men me har ikkje funne andre trulege opphav for henne. Ingebjørg Bjørgulvsdotter, som var gift med Olav Knutsson i Nordstog, kan ha vore syster åt Jorunn, og ho var heilt sikkert frå Bratteland.

Augund sat med bruket til han døydde i 1741. Skiftet etter han viser at han sat gjeldfritt på dei 3 kalveskinna sine, men særleg rik var han ikkje. Buskapen var ihopsett av 4 kyr, 8 sauer og 4 lam, 4 geiter og 2 kje, og nettoverdet var 68 dalar.

Sonen vart neste oppsitjar:

  • Tarjei Augundsson Gjerden, f ca 1704, d 1773
g 1741 m Svålaug Olavsdtr. Byklum, f 1715, d 1776. Born:
  • Augund, f 1743, d (18.6.)1752
  • Jorunn, f 1746, d (18.6.) 1752
  • Gunvor, f 1748, g 1770 m Ånund Hallvardsson Tveiten, sjå Heimtveiti, gnr 11, bnr 1, jfr nedanfor
  • Ingjerd, f 1751, d (18.6.)1752
  • Augund, f 1753, d 1754
  • Tone, f 1755, d fyre 1773
  • Augund, f 1760, d 1760
  • Jorunn, f 1761, g 1783 m Arne Ulvsson Hoftuft, busett Hoftuft, bnr 2, jfr. Valle V, 225

Svålaug Olavsdotter var frå Innistog. Foreldra hennes var Olav Torleivsson Byklum og kona, Ingjerd Kjetilsdotter.

Det døydde mange born for Tarjei og Svålaug ser me. Særleg kan ein leggje merkje til at dei fylgde tre stykke til grava på same dagen i 1752. Kyrkjeboka har inga forklaring på dette, men det ligg nær å tenkje på smittsam sjukdom. Kanskje var det barnekoppar?

I 1756 lånte Tarjei bort 58 riksdalar til Dreng Alvsson Mosdøl. For desse pengane fekk han overtaka bruken av Kileteigen, ein slåtteteig i Mosdølmarka.

Då Tarjei døydde i 1773 etterlet han seg verdiar for i alt 125 riksdalar, av dette 58 i uteståande krav (for Kileteigen) og lausøyre for 43. Gardsbruket, dei 3 skinna i Gjerden, vart verdsett til 24 rdl. Gjeld og skiftekostnader kom opp i 70.

Av gjeldspostane i skiftet merker ein seg at Ånund Hallvardsson Tveiten, som var gift med Gunvor Tarjeisdotter, eldste dottera, skulle ha 16 dalarar for to års tenarløn. Ånund og Gunvor har då budd hjå foreldra hennes dei fyrste to åra dei var gifte. På slutten av skiftesamlinga vart det avtala at Ånund og Gunvor skulle overtaka eigedomen her, og såleis vart det. Men kort etter flutte dei til Heimtveiti, farsgarden hans, og overlet bruken av Der inne til Gunvor Lidvardsdotter Tveiten, mor åt Ånund, og Asbjørn Øyulvsson Brokka, andre mannen hennes. Dei var her til Asbjørn døydde i 1778. Gunvor Lidvardsdotter flutte då heim til sonen i Heimtveiti og fekk foddog der, medan bruket her vart bortsett til andre. Asbjørn og Gunvor er nærare omrødde i bolken om Heimtveiti.

Brukarar etter Asbjørn og Gunvor vart Bjørgulv Gunnarsson Holen og kona, Margit Rikardsdotter, fødd Ørnefjødd. Desse hadde tidlegare vore husmannsfolk i Hisdal, og hovudomtalen av dei er plassert i bolken om den verestaden. Sidan hadde dei vore busetar på Vodden Nesland ei tid, og deretter her i Gjerden Der inne iallfall frå 1774. Då bruket vart bygselledig i 1778, overtok dei som bruksfolk, og sat her i mange år. I åra 1789-93 var dei likevel innom i Uppistog Byklum eit tak, ser me, men sidan kom dei attende hit, og tykkjest ha drive bruket med tenestefolk bortimot så lenge Bjørgulv livde. Iallfall finn me dei her i 1801, Bjørgulv var då 80 år gamal.

Med seg hadde dei då drengen Torleiv Åsmundsson frå Nomeland, bnr 7 (sjå Valle III, 669), tenestejenta Torbjørg Asbjørnsdotter [Tveiten], og Gyro Ånundsdotter, «Den sidstes uægte barn, 10 år». Torbjørg var yngste dotter åt ovannemnde Asbjørn Øyulvsson og Gunvor Lidvardsdotter. Far åt dotter hennes var Ånund Torgrimsson Flateland (jfr. Valle VI, 200). Kvar det vart av Torbjørg etter 1801, veit me ikkje, det ser ikkje ut til at ho døydde i Bykle eller Valle. Gyro Ånundsdotter vart gravlagd som ugift tenestejente i 1880. Ho budde også då einkvarstad i Gjerden, men utan at me kan seia kvar.

Då Bjørgulv Gunnarsson døydde i 1804, budde han hjå dottera og mannen hennes i Holen Der uppe. Dei neste bruksfolka flutte hit same året som den gamle brukaren døydde. Det var Bjørgulv Alvsson og kona, Torbjørg Asbjørnsdotter.

Bjørgulv Alvsson var, liksom fyremannen, frå Holen Der uppe, og hovudomtalen av han og kona hans er plassert i bolken om det bruket. Torbjørg Asbjørnsdotter var ei eldre syster åt den ovannemnde jenta med det same namnet. Bjørgulv og Torbjørg åtte Holen Der uppe i tidbolken 1779-83, men i det sistnemnde året laut dei lata bruket sitt gå på auksjon. Frå 1783 til 1804 budde dei i Nordtveiti. Frå 1804 vart dei båe verande i Gjerden resten av livet. Torbjørg døydde her i 1831, Bjørgulv 2 år seinare.

Det var eigarskifte i byrjinga av brukartida åt Bjørgulv Alvsson. For Ånund Hallvardsson Tveiten, som hadde vore jorddrott her sidan 1774, ville i 1806 gifte seg omatt, og då laut han halde skifte etter fyrste kona si. Eigedomen hans her gjekk då til Olav Ånundsson Rike, som var gift med Jorunn Ånundsdotter Tveiten. Verdet vart ved dette høvet sett til 40 dalarar pr kalveskinn, så det vart 120 rdl i alt. Olav og Jorunn i Rike kan ein lesa meir om i Vallesoga (IV, 192 f).

Om her var nye brukarar innom mot slutten av livetida åt Bjørgulv Alvsson, eller i dei par åra mellom avferda hans og neste eigarskifte, har me ikkje sett noko om. Men i 1835 selde Olav Rike bruket, og den nye eigaren flutte hit. Dette var Pål Oddsson Byklum, son åt Odd Tarjeisson i Austistog. Pål overtok sidan, det var i 1844, Kultro frå broren, Tarjei, og flutte då dit, og to-tre år seinare flutte han attende til Austistog. Hovudomtalen av han er plassert under det sistnemnde bruket.

Pål selde i 1838 eigedomen attende til Tveiteætta. Kauparen denne venda var Hallvard Ånundsson, og prisen nå var 400 speciar. Men Pål vart buande som bruksmann, for den nye eigaren, til han flutte åt Kultro i 1844. Hallvard Tveiten døydde i 1855, og eigedomsretten til bruket her gjekk då over til sonen, Dreng Hallvardsson Mosdøl.

Om her budde nokon i tida mellom 1844 og 1854, eller kven det i så fall var, har me ikkje funne oppgåve om. Kanskje var eigedomen utleigd til tilleggsjord for Nordstog eller Attistog? Men i det sistnemnde året gifte Ånund Pålsson Byklum seg og flutte hit. Han var son åt ovannemnde Pål Oddsson, og tykkjest ha budd her til han i 1857 flutte åt Kultro. I 1863 fekk han skøyte på det bruket hjå faren. Den nærare omtalen av han og familien hans er plassert dit.

Då bruket vart bygselledig etter Ånund Pålsson, kom det straks ein ny brukarfamilie og overtok. Mannen i denne familien heitte Bjørgulv Hallvardsson, og var son åt eit ektepar frå Mosokn, som budde i Oddeskar under Løyland. Hallvard Olavsson Mule og Tone Olavsdotter heitte foreldra (jfr. Valle VI, 65). Kona åt Bjørgulv var Valborg Hallvardsdotter, dotter av Hallvard Ormsson i Ørnefjødd og kona, Jorunn Nilsdotter.

Det budde fleire folk her i 1865 enn Bjørgulv, Valborg og dotter deira. For det fyrste var Olav (y.) Auversson Gjerden her med kone og 2 born. Desse flutte sidan til plassen Lii, og er nærare omtala der. Vidare budde Dreng Hallvardsson Oddeskar, ein ugift bror åt Bjørgulv, her, og det same gjorde Tone Olavsdotter, mor hans. Endeleg var her ei gamal legdekone som heitte Asbjørg Sveinungsdotter, ho var enke etter Bendik Vrålsson Berdalen (sjå Hagen, gnr 3, bnr 5).

Buskapen på bruket i 1865 var hest, 12 storfe, 12 sauer og 10 geiter. Sånaden var 2 tunner bygg og 3 tunner jordeple.

Etter 15-16 år her på bruket flutte Bjørgulv og Valborg i 1872 til Ørnefjødd, og overtok bruket åt foreldra hennes. Der vart dei verande livet ut, og ein kan lesa noko lite meir om dei i bolken om den verestaden.

Då Bjørgulv og Valborg flutte ut, kom her straks nye bruksfolk. Det var Salmund Knutsson Breive og familien hans. Dei var her berre til 1876, då dei flutte åt Stavenes. Salmund bia ingenstad lenge, men det lengste samanhengjande opphaldet hans på same verestaden var på småbruket Eldhusåkeren i Breive, gnr 1, bnr 5. Han og familien hans er nærare omtala der.

I 1875 sat Salmund med hest, 3 kyr, 1 kvige, 6 sauer og lam og 10 geiter og kje. Sånaden på bruket då var 1 1/2 tunner bygg og 2 1/2 tunner jordeple.

Dei fyrste åra etter at Salmund Breive flutte ifrå har me ikkje funne nokon som budde her. Kanskje vart bruket atter leigd ut som tilleggsjord? Men i 1884 kom det ein ny mann. Det var Ånund Pålsson Byklum på Kultro, som då bytte bort Kultro til Tarald Drengsson Mosdøl (som hadde fått samtykke hjå Dreng Hallvardsson, far sin) mot bruket her og eit mellomlag på 1800 kr.

Ånund budde her sidan, iallfall ei tid, men i 1891 ser ein at han hadde leigd seg inn som busete hjå Olav Drengsson i Attistog. Om han var der, då han døydde i 1896, eller om han då budde her i lag med Kristi, dottera, er uvisst. I bolken om Kultro er det fortalt at Pål, sonen, hadde reist til Amerika, så eigedomen her gjekk til dottera. Ho gifte seg eit par år etter at faren var død.

  • Kristi Ånundsdotter Byklum, f 1856, d 1923
g 1898-ca 1914 m Knut Taraldsson Åmli, f 1865, d fyre 1918?. Fosterdotter:
  • Birgit Mikkjålsdotter Brònen, f 1899, sjå Myri, bnr 105

Knut Taraldsson var frå Systog Åmli, bnr 2. Foreldra hans var Tarald Knutsson Åmli og kona, Anne Kjetilsdotter, fødd Harstad (jfr. Valle III, 472). Knut sto som eigar av Nistog Harstad, bnr 2, i perioden 1873-1900 (jfr. Valle IV, 49 f).

I 1913 kravde heradskassa skatteauksjon over bruket, og Knut Taraldsson fekk då tilslaget for 1.000 kr. Men eit år eller to seinare vart det skilsmål mellom Kristi og Knut, og ho vart då sitjande med eigedomen. Kvar det vart av Knut etter dette, har me ikkje funne ut, det ser ikkje ut til at han døydde i Bykle eller Valle. I den gamle gards- og ættesoga les me likevel (127) at Kristi var enke i 1918, då neste oppsitjar overtok. Det er vel ikkje i samsvar med vanleg språkbruk å omtale ei fråskild kvinne som enke, men kanskje døydde han likevel fyre henne? I så fall må han vel ha lide av utanfor bygda.

I 1915 selde Kristi bruket sin del av Sarvsfossen til fossekraftspekulantane Haddeland og Strandrud for 5000 kr. To år seinare selde ho resten av eigedomen til dei same for 3500 til. Sarvsfossen vart matrikulert for seg sjølv med bnr 9 og ei landskyld på 44 øre. Året etter selde Haddeland og Strandrud gardsbruket, minus Sarvsfossen (attverande landskyld 20 øre), vidare. Kauparen i 1918 var frå Innistog og son åt Olav Drengsson Byklum (e.) og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

Dette biletet av Olav O. Byklum, seinare Gjerden, må vera teke medan han var i Amerika i perioden frå 1900 til 1912.
Olav og Margit Gjerden då dei gifte seg i 1913.
  • Olav Olavsson Byklum, f 1878, d 1927
g 1913 m Margit Knutsdtr. Byklum, f 1885, d 1964. Born:
  • Gunhild, f 1914, d 1994, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1916, d 1917

Margit Knutsdotter var frå Neire Haugen. Foreldra hennes var Knut Torleivsson Byklum og kona, Birgit Ånundsdotter, fødd Holen.

Då Olav og Margit gifte seg, var han nyss heimkomen frå Amerika, og jamvel amerikansk statsborgar. Han hadde teke ut frå Kristiansand 30.6.1900, og sidan skaffa seg ein farm i Valle Township, Grand Forks County, Minnesota.

I 1919 vart ein nokså stor parsell i austkanten av eigedomen med namnet Sarv utskilt frå garden. Denne fekk bnr 11, og ei landskyld på 10 øre. Stykket vart same året selt til Svein O. Rygnestad i Utistog Byklum for kr 1000, men han skaffa seg ikkje tinglyst skøyte fyrr i 1928, så då det vart skilt ut 3 parsellar frå Sarv att i 1926, laut det gå i namnet åt Olav og Margit. Dei 3 utskiljingane i 1926 var Berg, bnr 12, Øvre Åsen, bnr 13 og Vang, bnr 14. Knut A. Byklum kaupte Berg, Auver O. Åsen kaupte Øvre Åsen, medan Knut J. Breive overtok Vang. Me kjem attende til både kauparane og bruka deira lenger ut. I 1974 overdrog Tarald S. Rygnestad det som var att av bnr 11 til Bykle kommune til tomtefyremål. Den seinare utviklinga her kjem me også attende til.

Olav døydde i 1927. Margit sat med bruket vidare frametter. På 1940-talet selde ho det gamle loptet, som vert sett til å vera frå 1600-åra, til Anton Raabe og Tore Segelcke. Det står i dag i Huldreheimen og vert kalla «Margitsloptet».

I 1961 skøytte Margit bruket over til dottera, Gunhild. Etter at mora døydde i 1964 budde ho åleine her.

Gunhild O. Gjerden ca. 1920. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Og same jenta omlag 20 år seinare, også dette frå Ingebjørg Vegestog.
Stoga i Gjerden Der inne.
Foto: Trygve Gjerden
  • Gunhild Olavsdotter Gjerden, f 1914, d 1994., ug

Etter at Gunhild var død utan ervingar gjekk eigedomen til staten, som på si side eit par år seinare selde han vidare til Trygve T. Gjerden, som frå fyrr åtte Nordstog, bnr 2.

Trygve har stelt mykje med dei gamle husa på bruket. Fjøset, løa og tadden har vorte jekka opp, fått nye torvtak og nytt trevirke der det trongst. Desse husa er truleg frå tidleg 1700-tal. Den tømra delen av stoga er nok like gamal, men fekk eit tilbygg i reisverk på 1800-talet. Trygve har rive tilbygget, som var i dårleg stand, og sett opp eit nytt i laftetømmer.

Han er også i ferd med å dyrke oppatt innmarka, både den som høyrer til Der inne og Nordstog-jordet. Når dette arbeidet vert ferdig, reknar han med å ha 40 mål dyrka jord. Vidare er planen å setje opp eit nytt fjos til 100 sauer, slik at dei to bruka til saman kan gjeva grunnlag for eit årsverk.

Utmarka til bruket her har ikkje vorte nøyaktig oppmælt, men etter eit overslag i kommunearkivet skal ho vera noko i underkant av 1000 mål, medan Nordstog skal ha litt meir, slik at dei vert på kring 2000 mål til saman.

Det me elles har å melde om Trygve Gjerden og familien hans, står i bolken om Jarehaugen, bnr 41.


0941 Bykle komm.png Der inne (Bykle gnr 15/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Gjerden • Neste bolk: Huldreheimen