Der inne (Bykle gnr 17/1): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
(ende sitatmal)
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist)
Linje 12: Linje 12:
| sokn          = [[Bykle sokn|Bykle]]
| sokn          = [[Bykle sokn|Bykle]]
| kommune      = [[Bykle kommune|Bykle]]
| kommune      = [[Bykle kommune|Bykle]]
| fylke        = [[Aust-Agder]]
| fylke        = [[Agder fylke|Agder]]
| gnr          = 17
| gnr          = 17
| bnr          = 1
| bnr          = 1
Linje 135: Linje 135:
   
   
Helge Olsdtr. Trydal <br/>
Helge Olsdtr. Trydal <br/>
Tellef Bjørgulvsen Trydal  
Tellef Bjørgulvsen Trydal }}
   
   
Denne kontrakta virkar i hovudsak rimeleg nok, men ein kan vel undre seg litt over passasjen om at Hæge skulle misse foddoget sitt, dersom versonen døydde fyre henne og ikkje hadde born i ekteskapet med Gunvor. Men truleg var meininga berre å sikre at dottera frå det fyrste ekteskapet ikkje skulle måtta hefte for foddoget. Iallfall finn ein ingenting som tyder på problem mellom Hæge og dottera etter at Torleiv var gravlagd 24.6. 1809. Men etter dette sto den barnlause Gunvor sjølvsagt fritt til å gifte seg på nytt.  
Denne kontrakta virkar i hovudsak rimeleg nok, men ein kan vel undre seg litt over passasjen om at Hæge skulle misse foddoget sitt, dersom versonen døydde fyre henne og ikkje hadde born i ekteskapet med Gunvor. Men truleg var meininga berre å sikre at dottera frå det fyrste ekteskapet ikkje skulle måtta hefte for foddoget. Iallfall finn ein ingenting som tyder på problem mellom Hæge og dottera etter at Torleiv var gravlagd 24.6. 1809. Men etter dette sto den barnlause Gunvor sjølvsagt fritt til å gifte seg på nytt.  

Sideversjonen fra 2. jun. 2020 kl. 21:24

Der inne
Trydal 8.jpg
Trydal Der inne 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1667/89
Utskilt: 1700
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Der inne i Trydal i Bykle kommune ligg på nordsida av Trydalstjønni mellom Nordstog Trydal og Systog, men er utan tvil utkløyvd frå Nordstog.

Den fyrste me kan vita sat her er Såve Ånundsson, son åt Ånund Ånundsson, som me har omtala i bolken om Nordstog. Me har kome til at bruket her må ha vorte utkløyvd for Såve etter at dei skifte etter Eivind Såvesson, godfar hans, i 1667.

  • Såve Ånundsson Trydal, f ca 1652, d 1732
g 1687 m Jorunn Torleivsdtr. Stavenes, f ca 1657, d 1737. Born iallfall:
  • Gunhild, f 1688, d fyre 1731, g m Torleiv Tallaksson Dale, born:
  • Jon
  • Gunvor, jfr. Valle VI, 37
  • Ånund, f 1695, til stades 1711, d fyre 1718
  • Arne, f 1698, til stades 1711, d fyre 1718, ug
  • Eivind, f 1707, g 1730 m Eli Såvesdtr. Stavenes, sjå Storstein, bnr 3

Jorunn, kona åt Såve, var dotter av Torleiv Olavsson og kona, Tone Gunnarsdotter i Utistog Stavenes. Jorunn og Såve skal ha vore tremenningar, korleis nå det nærare heng i hop, så dei laut løyse kongebrev for å få gifte seg.

I 1711 døydde Ånund Ånundsson, den ugifte bror åt Såve, som åtte Storstein. Såve overtok då bruket hans, og flutte dit, og overdrog eigedomen sin her til Torleiv Kjetilsson frå Nordstog. Etterkomarane åt Såve kom til å bu i Storstein, og vert difor nærare omtala der.

Torleiv var den eldste av sønene åt Kjetil Arnesson i Nordstog og dermed den som sto nærast til å taka over det bruket. Men så hadde han gift seg i 1709, fyre faren tykte han var klar til å taka foddog, og så vart det til at at Torleiv i staden for Nordstog overtok bruket her.

  • Torleiv Kjetilsson Trydal, f ca 1688, d ca 1713
g 1709 m Signe Torleivsdtr. Byklum, d 1758, g 2. m Olav O. Homme, sjå nedanfor. Born:
  • Tone, f ca 1710, d 1787, g 1731 m Folke Ånundsson Brottveit, sjå nedanfor
  • Åsne, f ca 1713, d 1734, ug

Signe var frå Innistog Byklum, dotter åt Torleiv Olavsson på det bruket og kona, Åshild Olavsdotter. Etter at Torleiv var død sat Signe enke i i 3 år, men i 1716 gifte ho seg omatt med Olav Olsson Homme, Gråmannshus, bnr 1. I det andre ekteskapet sitt fekk ho 6 born, men av desse var det berre sonen Olav, som sidan kom til å hamne i Bjones, som fekk ætt etter seg. (Sjå Bjones gnr 16, bnr 8, jfr. Valle V, 426).

Korleis ordna dei seg då med garden her etter at Signe og borna hadde flutt? Det ser ut til at Signe har overdrege eigedomen til Kjetil Arnesson i Nordstog, for han åtte 1 hud eller 12 skinn i garden då han døydde i 1729. Trass i at han døydde då, er det berre hans namn som figurerer i skattelistene fram til og med 1738. Fyrst i 1739 fann futen tida inne til å skrive opp to nye namn: Arne (i Nordstog) og Folke (her).

Folke var mannen av Tone Torleivsdotter. Då desse gifte seg i juni 1731, og likeins då dei trulova seg i kyrkja i mars same året, er ho oppskrive med adresse Trydal, så ho sat nok ikkje hjå stykfaren i Gråmannshus og venta på gjestebodet, skjønar me. Me reknar med at ho nytta odelen sin, og såleis fekk attende dei 3 skinna i eigedomen som faren hadde hatt. Attåt dei 3 skinna fekk ho og mannen hennes også kaupe 3 skinn til av Nordstog, slik at Der inne og morbruket sidan var like store.

  • Tone Torleivsdotter Trydal, f ca 1710, d 1787
g 1731 m Folke Ånundsson Brottveit, f ca 1708, d 1753. Born:
  • Torleiv, f 1732, d 1732
  • Torleiv, f 1734, d 1734
  • Gunvor, f 1734, til stades 1754, d fyre 1766, ug
  • Gunhild f 1737, d 1802, g 1.1759 m Åsmund Bjørgulvsson Røysland, g 2. m em Olav Knutsson Flateland, jfr. Valle VI, 228f og 480 f
  • Torleiv, f 1740, g 1770 m Hæge Olsdtr. Rygnestad, d fyre ft. 1801, sjå nedanfor
  • Åsne, f 1743, til stades 1766, 1775, ikkje med i ft. 1801, truleg utflytt, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1745, d fyre 1754
  • Signe, f 1749, d 1787, g 1.1769 m Knut Tarjeisson Holum, g 2.1783 m Kjetil Olsson Rike, busett Myrum, jfr. Valle V, 46 f, 87
  • Ånund, f 1752, d fyre 1754

Folke Ånundsson kom frå Brottveit Der heime, Valle, og var son åt Gunvor Drengsdotter Brottveit og mannen, Ånund Såvesson, fødd Åmli (jfr. Valle III, 328). Det kan vera av interesse å taka med her at då dei skifte etter Folke i 1754, vart «mandens broder Bjørn Aanonsen Bratteland» oppnemnd til lagverje for enka. Så det var altså to av ånundssønene som heldt til i Bykle ei tid. Men då Bjørn døydde ugift i 1759, budde han på Brotttveit.

Folke tykkjest ha hatt vanskar med økonomien, og kom difor i ymse skulder til kaupmenn i Kristiansand. Ein av desse heitte Peter Høyer. Gjelda var berre 20 dalar, men Folke greidde henne ikkje, så til slutt laut kausjonisten, Olav Olsson Gråmannshus, andre mannen av vermor til Folke, gjera opp for han. Dette var i 1735. Nokre år seinare, i 1740, var det ei enkefru Balle som var ute etter Folke Trydal og Niklos Stavenes på bygdetinget i Valle for skulder på 10 og 12 dalar. Karane tilsto gjelda, og lova å gjera opp for henne med tømmerleveransar i laupet av året. Liknande saker finn ein fleire av. Til saman syner dei vel at skogsdrift og tømmersal ikkje var berre til velsigning. Handelen gjekk ålment fyre seg på den måten at kaupmennene gav bøndene kreditt til varekaup når dei var i byen, og dertil gjerne hadde avtaler med dei om å leggje ut skattepengane beinveges til futen kvar gong det trongst. Så gjaldt det då for tømmerleverandørane å prøve å skaffe fram nok last til at det balanserte med kredittbehovet. Det var ikkje alltid like enkelt, og mange vart attskuldige dei fleste år.

Vanlegvis var det ungkarar, og helst tenestegutar og husmannssøner, som laut gjera militærteneste, veit me, men på 1730-talet tykkjest dei i Setesdal å ha kommandert ut liksåvel gifte gardmenn. Annleis kan me ikkje oppfatte det, når me ser at Folke Trydal hausten 1739 er soldat, og etter ordre frå løytnanten sin ber fram vitneprov for bygdetinget om ei dramatisk oppliving han hadde hatt under ei militærøving den 6. mars same året.

Det var 50 mann av kaptein von Otters kompani under kommando av løytnant Heide som marsjerte på Byglandsfjorden mellom Breivoll og Bygland, då isen brått brast under dei. Ingen drukna, men soldatane Bjørgulv Tallaksson Bø og Olav Lidvardsson Dale miste det meste av utrustinga si: «1 gevæhr, 2 kaarder, 2 bayonetter, 2 døller, 2 gehæng, 2 bandolær med patrontaske samt 2 skræpper». Forteljinga om denne hendinga vart høgtideleg nedskrive i eit såkalla tingsvitne, eit juridisk gyldig vitneprov. Løytnanten tykkjest ha hatt bruk for å dokumentere materielltapet andsynes sine overordna. At han samstundes dokumenterte at han hadde sendt 50 mann ut på utrygg våris, tykkjest ha vore mindre viktig.

Som ein vil sjå i familietavla ovanfor, var det etter måten stort fråfall i borneflokken i Der inne. Eit par av dei borna som livde opp, kom også såpass hardt ut å køyre, at det må vera verdt å fortelje.

Fyrst var det Åsne. Av ekstraskattemanntalet frå 1762 går det fram at ho det året var tenestejente hjå ungkaren Kjetil Olavsson, som på den tid hadde Innistog Byklum. Dei var endå litt skylde, Kjetil var son åt syster av bestefar hennes, men fødd i 1731, og såleis i høveleg alder for ei jente frå 1743. Dei to fann saman, og ho vart gravid, men kva gjorde vel det? Dei skulle jo gifte seg! Men i staden for giftemål vart det gravferd, for hausten 1763 døydde Kjetil. I februar året etter laut difor Åsne bera eit uekte barn til dåpen. Det var ei jente, og ho fekk namnet Ingjerd etter mor åt Kjetil. Kvarhelst Åsne gjorde av seg etter dette veit me ikkje. Kanskje var ho eit bil heime i Trydal hjå mora? Men nokre år seinare dukkar ho opp i kjeldene på nytt, og denne venda tykkjest skandalen ha vore fullkomen. Me klypper historia slik ho står i Vallesoga (V, 36):

Hallvard Olsson [Holum] vart i 1775 stemnd av futen for sitt tredje «leiermål» med Åsne. Ei Margit Halvorsdtr. som vart døypt frå Holum 3. april same året og død 14 dagar seinare reknar me med var dotter åt Åsne og Hallvard. Om dei to hadde fleire born i hop [noko påstanden om at «leiermålet» var det tredje kunne tyde på], så veit me iallfall ikkje namni på dei.


Det vart opplyst for retten at Hallvard og Åsne var feste til kvarandre, og dermed skulle ein tru saki var grei. Men utpå hausten same året reiste Hallvard sak mot Åsne. Han opplyste at han trudde «hendes sind, hierte og tenkemaader var af den beskaffenhed» at dei kunne leve saman, og for å spare henne for straff, hadde han late seg overtala til å late seg feste til henne.

Men etter festarmålet hadde Åsne vorte plent umogeleg, heldt Hallvard fram - ho hadde skjemt og kjefta, kome med «uanstændige» skuldingar, slege han i andletet til blodet rann, og i det heile vore ei megge. Etter dette ville Hallvard slett ikkje gifte seg med henne.

Olav Knutsson på Flateland var gift med Gunhild, syster åt Åsne, og han sa at ho ikkje hadde sitt fulle vit. Det kom au fram at ho for ei tid sidan hadde vorte råka av eit slag «Svaghed» slik at ho vanskeleg kunne tale, og høgre fot og arm tyktest ha visna bort.

Retten kom til at det ikkje kunne forsvarast å truge dei to til å gifte seg mot sin vilje. Meir veit me ikkje um saki.

Så langt etter Alfred Ryningen. Om Åsne Folkesdotter har me etter dette ikkje stort meir å fortelje, anna enn at ho etter 1775 ikkje er synleg i kjeldene våre. Ikkje kan me sjå at ho, eller Ingjerd Kjetilsdotter, er døde, og ikkje finn me dei att nokonstad i folketeljinga frå 1801. Likaste gjetinga må difor vera at dei har drege or bygda, og at dei har døytt ein annan stad i landet fyre den nemnde folketeljinga vart oppteke.

Også Signe, den yngste av systrene, kom ut i harde tak. Me tek også hennes historie frå Vallesoga (V, 46 f og 87 f), men denne venda som referat.

Signe gifte seg, som det har gått fram ovanfor, i 1769 med Knut Tarjeisson på Storerein i Holum, bnr 3. I 1778 vart ho drege for retten for å ha drepe han. Det hadde ho vel også, på eit vis, men bakgrunnen var spesiell.

Knut var sinnsjuk, og stundom så valdeleg og ustyrleg at Signe såg seg nøydd til å hindre han i å fara åt som han ville. For å oppnå dette visste ho seg ikkje anna råd enn å binde han. Til dette hadde ho ved det fatale høvet fått hjelp hjå Olav Kjetilsson Kvòsåk og Tarald Lidvardsson Myrum til å bore 8 hol i fjosveggen. Så vart den sinnsjuke mannen bunden mellom kretura med reimar kring hender, føter og hals, med knutane på utsida av veggen. Såleis gjekk dei frå han om kvelden. Om morgonen fann dei han hangande død i fjoset, kjøvd av halsreima.

Sorenskrivaren oppfatta dette som overlagt drap, og dømde Signe til dauden, slik Christian's norske lov fyreskreiv. Men om lova var streng, var rettspraksis normalt mildare. Alle livssaker vart automatisk anka til høgre rettsinstansar, og det var vanleg at utfallet av dette vart straffereduksjon, anten gjennom kongeleg nåde eller ved omtolking av brotsverket med nedsetjing av tiltala som fylgje. Såleis gjekk det også i dette høvet.

Stiftsoverretten i Kristiansand fann at Signe truleg slett ikkje hadde meint å taka livet av mannen sin. Ho hadde berre prøva å hanskast med han så godt ho kunne, og så hadde det gått gale. Med andre ord var det tale om aktløyse og ikkje om overlegg, og då kunne straffa reduserast til bøter. Dette var sjølvsagt betre enn både bøddeløksa og tukthuset, jamvel om bota vart så drjug at heile arven etter den avlidne - interessant nok fekk ho lov til å erve han - gjekk med, og vel så det.

Signe var gravid då mannen hennes døydde, og fekk ein son same året som dødsdomen vart forkynt frå heimetinget. Fire år seinare gifte ho seg på nytt med ein bruksmann på grannegarden, som ho fekk 4 born med på like mange år. Deretter døydde ho. Men då hadde ho også lukkast i å leggje grunnen for at sonen frå det fyrste ekteskapet kunne få behalde farsgarden. Ho må ha vore ei etter måten sterk og stabil kjering, denne Signe Folkesdotter.

Men me lyt koma oss frå Tveitebø og attende til Trydal. Som nemnt ovanfor døydde Folke i 1754, og skifte vart halde, som seg hør og bør. Men der var så lite å byte på at det meste av lausøyren må ha vore utetla fyre det offentlege skiftet. Av buskap var det såleis berre 1 kyr, 1 kvige og 1 kalv, 3 sauer med lam og 4 geiter med kje. Også annan lausøyre var det heller smått med, i alt var der kretur og heimil for vel 53 dalar. «Dog anviste Enken Tone en Optegnelse over hvad hendes Moder Signe Tallefsdatter Graamandhuus havde bortført fra Trydal da hun første gang var enke, efter sin salig Mand Tallef Kittilsen, hvoraf Enken Tone skulde have den halve Del i Arv efter sin salig Fader». Å aktivere eit lass med lausøyre med det verdet det hadde hatt for 25 år sidan tykte ikkje sorenskrivaren var nokon god idé, så han nekta å føre dei opplista tinga til inntekt i skiftet, men han hadde andre utvegar til å hjelpe enka, skulle det syne seg. Det var nemleg fast eigedom i buet.

Folke hadde disponert 6 kalveskinn i Trydal, men 2 1/2 skinn av dette høyrde framleis til V «afdøde Asbiørn Kittelsens Enke Tore Drengsdtr. Nomeland», denne parten hadde stått uinnløyst sidan 1729. Eigedomen vart nå taksert til 14 dalar og 16 skilling pr kalveskinn, og kom såleis opp i ein verdi på 85 rd. Dette kunne tykkjast høgt, sa sorenskrivaren, men meininga med taksten var å få formuen opp på høgde med gjelda, slik at kreditorane kunne haldast skadeslause utan fallitt og auksjon! Denne taksten var endå ikkje meir enn eigedomen kunne tola, meinte han, og det hadde han heilt sikkert rett i. På dette viset vart den samla formuen 138 dalar og 32 skill., akkurat same summen som gjelda, mesteparten til trelasthandlarar i Kristiansand.

Kravet frå Tore Drengsdotter Nomeland vart fyrst utrekna etter ein eldre og lågare takst, som gjaldt på den tid Kjetil Arnesson døydde. Dinest vart ho gjeve utlegg i eigedomen etter den nye taksten. Resultatet for Tore vart at parten hennes i garden, som fyrr var på 2 1/2 kalveskinn, vart redusert til 1 10/17 kalveskinn. På denne måten fekk då alle kreditorar «fullt utlegg» for krava sine.

Ervingane fekk formelt ingenting, men hadde framleis full bruksog disposisjonsrett over eigedomen, og kunne verta buande. Tone Torleivsdotter og borna hennes tykkjest floke godt i åra som fylgde. Fyrst i 1766 fann ho ut at det var på tide å overlata styren til den yngre generasjonen, så då gav ho opp buet sitt til skifte mellom ervingane. Også dette kunne ved fyrste augnekast tykkjast vera eit nokså magert skifte, men på skiftesamlinga opplyste Tone at all lausøyre var dela mellom borna tidlegare, så det som sto att var 6 kalveskinn i Trydal, altså garden Der inne. Men nå åtte ho bruket utan gjeld og hefte. Ho heldt att eigedomsretten til helvta til trygd, og kunne såleis nokså sutelaust gjeva seg i foddog til sonen.

Det vart sett opp nytt våningshus i Der Inne i 1790-åra, og me meiner at det må ha vore Torleiv og Gunvor som sto for dette. Nå står dette huset på Vest-Agder Fylkesmuseum i Kristiansand, der Leonhard B. Jansen tok dette biletet av det.
  • Torleiv Folkesson Trydal, f 1740, d fyre ft. 1801
g 1769 m Hæge Olsdtr. Rygnestad, f ca 1748, d 1830. Born:
  • Gunvor, f 1770, g1. 1791 m em Torleiv Bjørgulvsson Bjørnarå, d 1809, g 2. 1814 m Hallvard Knutsson Hisdal, sjå nedanfor
  • Folke, f 1778, d 1789
  • Ingjer, f 1774, d 1789
  • Ingjerd, f 1789, d 1789

Foreldra av Hæge Olsdotter var Olav Folkesson i Nordigard Rygnestad, bnr 3, og kona, Ingjerd Folkesdotter, fødd Flateland (jfr. Valle VI, 313 f).

Som ein vil sjå ovanfor var det av borna til Torleiv og Hæge berre Gunvor som vart vaksen. Hine døydde små eller unge. Gunvor var såleis odelsjente, og sikkert eit ettertrakta kjeringemne. Då ho var 21 år, gifte ho seg med den 48 år gamle enkemannen Torleiv Bjørgulvsson Bjørnarå. Han var fødd på Uppstad i 1742, som son åt Bjørgulv Gjermundsson og kona, Gyro Torleivsdotter, fødd Helle. I 1777 gifte han seg med Torbjørg Knutsdotter Kvósåk. I 1780 døydde Torbjørg, og i 1781 selde han heimegarden, Uppstad Der hite, bnr 5, og tok med seg dottera Gyro, og den gamle far sin, til Bjørnarå.

Kvar i Bjørnarå dei budde har me ikkje lukkast i å finne ut, men det er mest truleg at Torleiv har vore bruksmann på ein av gardane der, då me ikkje kan sjå at han nokonstad er oppskriven som eigar. Etter 10 år i Bjørnarå fekk han tak i Gunvor Trydal, og flutte heim til henne. Ho åtte garden, så når Alfred Ryningen på grunnlag av det som står i den gamle gards- og ættesoga (31) gjev inntrykk av at han var bruksmann i Der inne (Valle II, 493), er det gale (Det er gaman å finne feil i Vallesoga. Det skjer ikkje for tidt!).

I Statsarkivet i Kristiansand ligg ein gjenpart av ei foddogskontrakt mellom Torleiv Bjørgulvsson og vermora, som vart skrive på Kveste i Valle i 1793. Me tek inn ei avskrift:

Follogscontract mellem Tellef Bjørguvsen og Helge Olsdatter Trydal:

Saa lenge jeg og hustru Gunvor Tellefsdtr lever skal min vermoder Helge Olsdtr have sin underholdning på Gaarden Trydal, og nyde Kost, Hus, Pleje og Opvartning ligesaagodt som vi selv haver, saa at hun intet skal fattes, imod at hun skal forrætte alt det Arbeide hendes Helbred tillader og behøves til Gaardens Drift. Og dersom det skulde indtræffe at hun ved Døden bortkaldes, saa beholder jeg alt hvad hun efterlader sig. Men dør jeg før hende, bortfalder Contracten ifald jeg og min kone ingen Børn haver sammen, men om vi haver Børn skal jeg føde og underholde Helge Olsdtr så lenge jeg lever.

Jeg Helge Olsdatter, enke etter Tellef Folkesen, lover at jeg vil i alle deler opfylde denne contract på den måde at jeg skal forrette hvad arbeide jeg kan til Tellef Trydals tjeneste, at han skal beholde hvad jeg efterlader mig, og i øvrigt skal jeg icke fornærme hannem.

Quæstad 11.10. 1793

Helge Olsdtr. Trydal
Tellef Bjørgulvsen Trydal

Denne kontrakta virkar i hovudsak rimeleg nok, men ein kan vel undre seg litt over passasjen om at Hæge skulle misse foddoget sitt, dersom versonen døydde fyre henne og ikkje hadde born i ekteskapet med Gunvor. Men truleg var meininga berre å sikre at dottera frå det fyrste ekteskapet ikkje skulle måtta hefte for foddoget. Iallfall finn ein ingenting som tyder på problem mellom Hæge og dottera etter at Torleiv var gravlagd 24.6. 1809. Men etter dette sto den barnlause Gunvor sjølvsagt fritt til å gifte seg på nytt.

Noko brennhast hadde ho tydelegvis ikkje, men 27.2. 1814 vart ho vigd til den 16 år yngre Hallvard Knutsson Hisdal. Han var einaste sonen åt Knut Sigurdsson i Hisdal og kona, Sigrid Auversdotter, fødd Nomeland. Knut Hisdal var husmann, så ein kunne venta at sonen hadde flutt til Trydal så fort han hadde høve til det. Men det gjorde han ikkje. I staden flutte Gunvor til Hisdal, der Hallvard vart husmann etter far sin. Nå var nok ikkje dette så kleint som ein kunne tru, for Hisdal var ein god verestad, og både godfar og far åt Hallvard hadde stått seg betre enn husmenn flest.

Såleis ser me ma. at Knut Hisdal i 1797 hadde 100 riksdalar å låne bort til Auver Nomeland. Så etter at Hallvard kunne byrje å innkassere leige av brukaren i Der inne lyt me tru at han var utan næringssuter, ikkje minst ettersom ekteskapet var barnlaust. At det kom til å gå såleis hadde dei nok ein mistanke om, då dei gifte seg. Gunvor var då 44 år, og hadde ingen born frå det fyrste ekteskapet sitt. For at Hallvard ikkje skulle måtta dele eigedomen med ei skrei av skyldfolka hennes, skreiv dei gjensidig testamente V «hvorefter den lengstlevende beholder det felles bo».

  • Gunvor Torleivsdtr. Trydal, f 1770, d 1838
  • g. 1. 1791 m em Torleiv Bjørgulvsson Bjørnarå, f 1742, d 1809, ikkje born.
g 2. 1814 m Hallvard Knutsson Hisdal, f 1786, d 1853, ikkje born.

I den gamle gards- og ættesoga (31) er Hallvard Knutsson og Gunvor Torleivsdotter førde som oppsitjarar i Trydal, men me har ikkje funne noka anna kjelde som vil plassere dei der, då bortsett frå Vallesoga, som liter i meste laget på «Bykleboki», når ho seier at «det ser ut som han [Hallvard] helst budde der [dvs. på bnr 1 i Trydal]» (Valle VI, 142). Så vidt me kan skjøne budde dei heile tida i Hisdal, Gunvor til ho døydde, og sidan Hallvard til han døydde. Ved sidan av adressa ved dødsfalla har me endå to gode grunnar for å meine dette. Den fyrste er at Hallvard aldri var friteken for å betale den såkalla odelsskatten for Der inne, noko ein oppsitjar som var sjølveigar etter skattereglane skulle vera. Den andre er at ingen av borna åt Hallvard vart døypte frå Trydal.

Men har me då ikkje nett konstatert at Hallvard var barnlaus? Jau, men berre i det fyrste ekteskapet. Eit snautt år etter at fyrste kona var under torva, gifte han seg på nytt, og merkeleg nok med ei ny Gunvor frå Der inne i Trydal. Ho heitte Gunvor Folkesdotter, og var dotter åt Folke Øyulvsson Brokka, som hadde bruka for Hallvard i Der inne frå omlag 1825. Hallvard og hans nye Gunvor gifte seg 15.3.1839. Som kyrkjeboka lakonisk opplyser var brura 17 år, brudgomen 52. Det ekteskapet var alt anna enn barnlaust, men sidan ingen av borna kom til i Trydal, har me handsama dei i bolken om Hisdal.

Så i staden for huslyden åt Hallvard Knutsson og Gunvor Torleivsdotter set me her opp foreldra åt Gunvor og syskena hennes. For dei høyrde vitterleg heime i Trydal i mange år.

  • Folke Øyulvsson Brokka, f 1795, d 1872
g 1820 m Birgit Knutsdtr. Brokka, f 1807, d 1866. Born:
  • Æyulv, f 1821, d 1821
  • Gunvor, f 1822, g 1839 m em Hallvard Knutsson Hisdal, sjå ovanfor og nedanfor
  • Åse, f 1824, d 1824
  • Åse, f 1827, g 1847 m Olav Salmundsson Ryningen, sjå Åsdokk, bnr 21
  • Gyro, f 1829, d 1830
  • Gyro, f 1831, g 1.1849 m Pål Pålsson Byklum, g 2.1862 m Olav Åsmundsson Stavenes, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, bnr 1
  • Torbjørg, f 1833, g 1855 m Ånund Eivindsson Trydal, sjå Storstein, bnr 3
  • Gunhild, f 1835, d 1839
  • Ingebjørg, f 1838, g 1865 m Gunnar Olsson Hoslemo, sjå Heggjeslettune under Byklum, jfr. Åsdokk, bnr 21
  • Øyulv, f 1840, d 1852, «nervefeber»
  • Gunhild, f 1843, g 1868 m Mikkel Tarjeisson Bjones, f 1844, til Amerika 1868

Folke var frå bnr 1, Brokka, i gnr 22, Lunden, i Valle, og son åt Øyulv Tallaksson Brokka og kona, Åse Ulvsdotter, fødd Hoftuft (jfr. Valle VI, 412). Birgit, kona hans, var dotter åt Knut Torleivsson Bjørnarå og kona, Gyri Torleivsdotter, fødd Uppstad. Då Birgit, vart fødd var foreldra bruksfolk for Hallvard Knutsson Helle i Systog Trydal, men i 1810 fekk dei kaupe halve Brokka av Tallak, bror hans, og flutte dit.

Fyrste tida etter dei gifte seg i 1820 tykkjest Folke og Birgit ha vore bruksfolk hjå bror hennes på Syndre Hoftuft, gnr 35, bnr 2. Sidan flutte dei heim til hans folk i Brokka, og budde som busetar der eit par-tre år. Etter ei ny mellomlanding på Hoftuft fekk dei så ein gong mellom 1824 og 1827 avtale med Hallvard Hisdal om at dei skulle bruke Der inne. Det gjorde dei til 1855, då Folke vart «sindssvag» og laut umyndiggjerast. Men han skulle ikkje for den skuld lide økonomisk naud. Då Gunvor Folkesdotter i 1856 skøytte Der inne over på sonen, Knut Hallvardsson, sytte ho for at Knut og verjen hans samstundes batt seg til å yte foddog til V «sin umynddigjorte Bedstefader» . I dette kåret var ma. inkludert retten til å sitje fritt på Ytre Moen så lenge Folke eller Birgit livde. I folketeljinga frå 1865 finn me dei difor på Moen, og det står noko lite meir om dei i bolken om det bruket. Men nå lyt me koma oss attende til eigarane i Der inne.

Stoga i Trydal Der inne. Mannen i karjolen skal vera Knut H. Trydal, og biletet er i så fall teke fyre 1928. I 1952 vart stoga selt til museet i Kristiansand, men loptet, som sto i enden av bygningen, under same takflata, vart ståande att på tunet. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Knut Hallvardsson (Hisdal) Trydal (1843-1928) og kona, Gyro Torsdotter, f Lunden (1842-1931). Bilete frå 1890-åra, hit frå Ingebjørg Vegestog.
Her er fire av borna til Knut og Gyro, som me har bilete av framanfor: Gunvor, Hallvard, Folke og Tor. Tor og Folke er båe i militæruniform ser me, endå Tor var tre år eldre. Biletet må vera teke i Kristiansand omlag 1908-10. Hit kom det frå Setesdalsmuseet.

Som nemnt var det Knut Hallvardsson som overtok bruket her. Dette var i 1856, og gardverdet vart då sett til 400 speciar og foddog. Knut var då 13 år gamal, 7 år seinare sto han brudgom.

  • Knut Hallvardsson Hisdal, f 1843, d 1928
g 1863 m Gyro Torsdtr. Lunden, f 1842, d 1931. Born:
  • Gunvor, f 1865, g 1880 m Pål Pålsson Byklum, Brokka, jfr. Valle VI, 418
  • Gunhild, f 1867, d 1867
  • Gunhild, f 1870, g 1893 m Olav Taraldsson Bø, Fureteig, jfr. Valle III, 166
  • Sigrid, f 1873, g 1894 m Olav Knutsson Berg, Kyrvestad, jfr. Valle IV, 358
  • Hallvard, f 1876, g 1897 m Borghild Tarjeisdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1878, g 1902 m Knut Knutsson Stavenes, sjå Nordstog Stavenes, gnr 16, bnr 2
  • Gunvor, f 1881, d 1881, «kighoste»
  • Gunvor, f 1882, g 1913 m Dreng Torleivsson Mosdøl, sjå Berget Mosdøl, gnr 13, bnr 2
  • Tor, f 1885, g 1908 m Torbjørg Jonsdtr. Bjones, sjå Moen, bnr 8
  • Folke, f 1888, g 1912 m Tore Jonsdtr. Brotteli, sjå Store-Hisdal, gnr 18, bnr 2

Gyro Torsdotter, kona åt Knut, kom frå bnr 6 i Lunden, Valle, og var dotter åt Tor Drengsson og fyrste kona, Gunhild Tarjeisdotter, f Uppstad (jfr. Valle VI, 442).

Det var mykje folk i Der inne i Trydal då Gyro kom hit. I bolken om Storstein har me funne at Ånund Eivindsson og huslyden hans budde her frå 1855 til 1867. I 1865 var der 4 born, så det vart då 6 menneske i alt. Truleg budde dei i eldhuset på bruket. Kvar dei budde, dei 4 arbeidskarane som au heldt til her ved dette leitet, er uvisst nok, men me veit kven dei var. Det var for det fyrste Salmund Olavsson Ryningen, som det er elles fortalt om under Åsdokk. For det andre var det Alv Olavsson Gjerden, ein busete og treskomakar, som i ein alder av 32 år hadde mist både kone og 5 småborn. Me omtalar han nærare under Gjerden, der han kom ifrå. For det tredje var det to brør, Arne (f 1841) og Mikkel (f 1844) Tarjeissøner frå Bjones. Som det går fram i familielista ovanfor, gifte Mikkel seg i 1868 med den yngste av døtrene åt Folke Øyulvsson, og tok ut til Amerika med henne.

Arne og Mikkel tykkjest i 1865 ha vore drenger hjå Knut Hallvardsson. Salmund vert kalla både «inderst» og «tjener», og har nok tidvis søkt arbeid utanfor bruket, medan Alv Olavsson, elles tilliks med Ånund Eivindsson, berre vert kalla «inderst», noko som tyder at han hadde husrom her, men arbeidde andre stader og heldt seg kosten sjølv. Det gjekk nok tolleg greitt for ein einsleg kar, men for slike som hadde familie fall det visseleg vanskelegare. Rimelegvis er dette ein grunn til at Ånund Eivindsson og folket hans to år seinare drog til Amerika.

Iallfall kunne dei umogeleg liva av dei 3 sauene og 7 geitene Ånund hadde i fjoset hjå Knut Hallvardsson. Buskapen åt Knut i 1865 var hest, 6 kyr, 12 sauer og 11 geiter, og sånaden på bruket var 3 tunner bygg og 4 tunner jordeple.

Som det er fortalt i bolken om Nordstog kaupte Knut Hallvardsson det bruket av Torleiv Arnesson for 850 dalar i 1867, slik at han sidan kunne drive drive dei to bruka som ein einskap, og i 1877 vart dei førde saman i matrikkelen, slik at dei også formelt skulle høyre ihop. Me skjønar at det ikkje akkurat var nokon pengemangel hjå Knut.

Rimeleg då at det i 1875 var langt betre høvesvis balanse mellom folketalet på garden og jordbruksproduksjonen enn det hadde vore 10 år tidlegare. Forutan Knut og Gyro og dei 3 borna deira, var her i 1875 berre to jenter og ein dreng. Til å fø desse 8 menneska hadde Knut i 1875 hest, stut, 10 kyr, 1 kvige og 2 kalvar, 31 sauer og lam og 16 geiter og kje. Ingen gris vart oppskriven, men for den saks skuld kan dei godt ha hatt ein, for registreringa vår er frå nyttårseftan, og om dei hadde hatt gris, hadde dei nok slakta han til jol. Sånaden var omlag den same som i 1865: 2 1/2 tunne bygg og 3 tunner jordeple.

Tenestefolka på bruket i 1875 var som nemnt dreng og to tauser. Dei to tausene var Birgit og Jorunn Eivindsdøtrer frå Storstein, altså systrene åt Ånund, som hadde budd her tidlegare, men reist til Amerika i 1868. Me har fortalt meir om desse under Storstein.

Drengen var Knut Tarjeisson Bjones, som hadde vore brukar i Nordstog Trydal i 1865, og var bror av dei to drengene her på bruket i 1865 (sjå Bjones).

Kring 1870 sette Knut Hallvardsson bort ein parsell av garden til Olav Salmundsson Tveiten frå Ryningen. Dette vart plassen Åsdokk, som me kjem til noko lenger ut. I 1888 selde Knut plassen Lisle-Hisdal til Mikkel Hallvardsson Hisdal. Dei gamle Moenplassane under Nordstog og Der inne hadde vorte ståande tome nokre år etter at Folke Øyulvsson døydde i 1872, såleis var der ingen i 1875. Sidan skifte det noko med busetar og bruksfolk, nokre av dei kjem me attende til i bolken om Moen, men meir fastbuande folk kom der ikkje fyrr i 1897, då Hallvard Knutsson, eldste son åt Knut Hallvardsson, hadde vorte så vaksen at han ville gifte seg. Han flutte då til Moen for å bu og bruke.

Så vidt me kan skjøne vart garden ved dette høvet i praksis dela på nytt, slik at faren beheldt det gamle Der inne, medan sonen overtok bruken av det gamle Nordstog, men altså budde i Ytre Moen og dreiv bruket derifrå. Men Hallvard var eldsteson og odelsmann, og då sa det seg sjølv at det var han som skulle ha farsgarden.

Den nye eininga, som etter kvart berre vart kalla Moen, laut difor gå til Tor, den yngre broren. I 1906 gjorde dei formell avtale om dette, og kløyde det nye Moen ut frå det sameinte Nordstog og Der inne. Moen vart sett til å utgjera 230/626 av heile eigedomen, eller mao. noko under halvparten.

Etter garddelinga i 1906 var det framleis ein del gamalt sameige å gjera opp. Såleis plassen Stigamidjom, som rett nok hadde lege under Nordstog, då han fyrst vart bortsett i 1853, men som etter den lange sameiningstida tydelegvis høyrde like mykje til Der inne. Såleis ser ein at både Knut Hallvardsson og Tor Knutsson sto som seljarar då Auver Olavsson frå Strandehagen fekk kaupe plassen i 1908. Prisen var berre 90 kr, men så var det heller ingen stor jordveg. Stigamidjom og folket der vert nærare omtala på sin stad.

Nett kva tid Hallvard og Tor faktisk flutte og bytte gardar veit me ikkje. Men me veit at Tor gifte seg i 1908, og rimelegvis var det ved det leitet han flutte åt Moen, medan Hallvard samstundes tok med seg familien sin attende til Der inne. Likevel drog det ut til året etter fyrr Knut og Gyro tok foddog, og skøytte Der inne over på Hallvard.

I vår framstilling vert Tor og huslyden hans nærare omtala under Moen, medan Hallvard vert plassert her.

Hallvard K. Trydal (1876-1955) og kona, Borghild Tarjeisdotter, fødd Røysland (1874-1962).
  • Hallvard Knutsson Trydal, f 1876, d 1955
g 1897 m Borghild Tarjeisdtr. Røysland, f 1874, d 1962. Born:
  • Gyro, f 1898, g m Olav Bjørgulvsson Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der uppe, gnr 18, bnr 3
  • Knut, f 1899, g 1922 m Birgit Taraldsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Tore, f 1901, g 1923 m Hallvard Torgrimsson Homme, Uppistog Svalestoga, jfr Valle V, 360
  • Gunhild, f 1903, utfl. til Amerika fyre 1927
  • Tarjei, f 1906, d 1908 - «lungesygdom»
  • Tarjei, f 1911, g m Torbjørg Olavsdtr. Mosdøl, busett Søyland ved Flekkefjord jfr., Kåre S. Berg, Nes bygdebok I, 1988, 389
  • Olav, f 1913, g 1942 m Margit Knutsdtr. Sollid, sjå Åsdokk, gnr 17, bnr 21
  • Jorunn, f 1914, g m Torkel Abusland, busett Hornnes
  • Gunvor, f 1916, g m Petter Moi, busett Hornnes

Borghild var dotter åt Tarjei Sveinsson Røysland og kona, Tore Knutsdotter, fødd Røysland. Mor av Tarjei Sveinsson var Jorunn Tarjeisdotter Uppstad. Jorunn att var var syster av Gunhild Tarjeisdotter, som var gift med Tor Drengsson Lunden (Valle II, 477 og VI, 485 ). Med andre ord var Borghild og Hallvard tremenningar, etterdi farmor hennes og mormor hans var systrer.

Knut Hallvardsson vart neste oppsitjar på garden. Han fekk skøyte hjå faren i 1935.

Birgit Taraldsdotter Trydal, f Mosdøl, med dottera Borghild og systera Gunhild T. Rygnestad med dottera Gyro. Bilete frå 1923, hit frå Ingebjørg Vegestog.
  • Knut Hallvardsson Trydal, f 1899, d 1975
g 1922 m Birgit Taraldsdtr. Mosdøl, f 1903, d 1988. Born:
  • Borghild, f 1923, g 1947 m Dreng Torsson Trydal, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1928, d 2000, husmor, g 1954 m Nuel Fransson Haugstad, Vigrestad, born:
  • Knut Fritjof, f 1954
  • Birgit Ovidia, f 1957
  • Gunhild, f 1934, d 2000, sjukepleiar, busett Valle, g 1960 m Tjodgeir Olsson Tveiten, Valle, born:
  • Jorunn, f 1962
  • Kjell Ove, f 1970, jfr Valle III, 250
  • Gudrun, f 1960
  • Arne, f 1968
  • Tarald, f 1969
  • Berit, f 1972
  • Gyro, f 1941, sekretær, g 1. m Øystein Elverum, busett Kristiansand, born:
  • Berit Ingunn, f 1964
  • Heidi, f 1968
g 2. m Gudmund Steinar Havardsgard, Geilo, busett Kristiansand

Birgit Taraldsdotter var frå Utistog Byklum, dotter åt Tarald Drengsson Mosdøl og kona, Torbjørg Olavsdotter, fødd Byklum.

I 1939 sette Knut og Birgit opp ny uthusbygning, og i 1945 hadde dei ferdig det nye våningshuset på garden. Fyrst på 1950-talet hadde dei hest, 6 kyr, 5 ungdyr, 27 sauer og nokre høns.

På tunet sto eit lopt frå 1600-talet, som kanskje er ein del av forklaringa på Knut sine historiske interesser. Desse gav seg ma. utslag i at han i 1952 deponerte eit innhaldsrikt gardsarkiv ved Statsarkivet i Kristiansand.

Odelsjenta Borghild Knutsdotter gifte seg med Dreng Torsson Trydal, og desse vart dei neste oppsitjarane på garden. Då dei gifte seg, hadde han yrkesnemninga mekanikar, og budde i Hornnes. Då dei døypte døtrene i 1948 og 1949 budde dei framleis der. Dreng er då kalla arsenalbetjent, og var tilsett i det militære på Evjemoen. Men innan 1962 hadde dei flutt heim til Trydal, og overteke bruket av far hennes, for då dei døypte sonen Knut, hadde dei adresse her, og Dreng vert då omtala som gardbrukar.

Den formelle overtakinga av garden fann stad i 1971.

Borghild og Dreng Trydal då dei gifte seg i 1947. Bilete frå Tore Mosdøl.
Brudlaupslyden i tunet i Der inne i 1947. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Borghild Knutsdotter Trydal, f 1923,
g 1947 m Dreng Torsson Trydal f 1918. Born, iallfall:
  • Bjørg, f 1948, hjelpepl., g m Ivar Håkon Bragge, Oslo, f 1945, sjå Woltsbu, gnr 15, bnr 48
  • Berit, f 1949, resepsjonist, busett Strømmen, Skedsmo, g m Arild Fjellstad, born:
  • Frode, f 1974
  • Arne, f 1976
  • Knut, f 1962, g 1986 m Gunn Oddveig Løyland, sjå nedanfor

Dreng kom frå Moen, og foreldra hans var Tor Knutsson på det bruket og kona, Torbjørg Jonsdotter, fødd Bjones. Dreng og Borghild hadde ovanomtala Knut Hallvardsson Hisdal til sams oldefar.

Ovanfor nemnde me at her sto eit lopt frå 1600-talet på garden. Dette brann diverre ned med alt sitt innhald av gamal heimil våren 1987, då Dreng dreiv og svidde av gamalt gras kring husa.

Knut Drengsson og familien hans overtok garden i 1994, etter at dei fyrst hadde budd i eit hus i Nedre Sarv (Kraftly, gnr 15, bnr 83) frå 1986.

Loptet i Der inne, som brann i 1987, hadde vore samanbygd med den gamle stoga, som vart flutt til museet Kristiansand i 1952.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Trydal Der inne 1.1.2006. Når ein samanliknar med biletet frå 1947 framanfor, ser ein at huset har blitt ombygd og påbygd sidan då. Dette var det Knut Drengsson som sto for.
Foto: Aanund Olsnes
  • Knut D. Trydal, f 1962
g 1986 m Gunn Oddveig Løyland, f 1969. Born: sjå gnr 15, bnr 57 Suistugu.

Gunn Oddveig Løyland Trydal er dotter åt Øyvind Knutsson Løyland og kona, Grete, fødd Knudsen. Desse er omtala i bolken om verestaden sin på Hovden, Suistugu, gnr 2, bnr 186, jfr. Valle VI, 138. Ei yngre syster åt Gunn Oddveig heiter Heidi, og er sambuar med Trond Morgan Trydal på Hestevelt, bnr 1, fnr 1.

Knut er ingeniør i Agder Energi (tidlegare i I/S Øvre Otra). Gunn Oddveig arbeider på bygdeheimen i Bykle. Dei var her på bruket til 2001, og dreiv garden ved sidan av dei andre arbeidsoppgåvene sine. I det sistnemnde året avslutta dei gardsdrifta, og flutte til ein bustad i Kyrkjelii i Kyrkjebygdi. Så kaupte dei seg eit hus i Sarv, Suistuggu, gnr 15, bnr 57, og flutte dit i 2002.

Dei reknar at eigedomen har kring 40 mål innmark, 2000 mål produktiv skog og eit totalareal på kring 7000 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der inne (Bykle gnr 17/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordstog Trydal • Neste bolk: Systog Trydal