Der uppe (Bykle gnr 20/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Der uppe
Hisdal 10.jpg
Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.
Alt. namn: Haugen
Hisdal Der uppe
Haugen Hisdal
Stad: Hisdal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 20
Bnr: 3
Type: Gardsbruk

Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.

Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.

Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg.

  • Olav Ånundsson Mosdøl, f ca 1724, d 1784
g 1. 1754 m Margit Åvoldsdtr. Byklum, f 1715, d 1775. Born:
  • Ånund f 1755, d 1756
  • Ånund, f 1756, d 1773
  • Ingebjørg, f 1758, d fyre 1775
g 2.1777 m Anne Torbjørnsdtr. Byklum f 1751, d 1835. Born:
  • Tone, f 1778, 1801 tenestejente på Stavenes, seinare lagnad ukj.
  • Margit, f Suldal 1781, konf Byklum 1802, seinare lagnad ukj.

Margit, fyrste kona av Olav, var frå Utistog Byklum, bnr 2, og dotter åt Åvold Tarjeisson Byklum og kona, Ingebjørg Knutsdotter, fødd Gjerden.

Dei fyrste par åra etter at Olav og Margit gifte seg, budde dei som busetar i Mosdøl. I 1756 og 1757 hadde dei born til dåpen frå Ljosådalen, så då budde dei der. I 1762 er dei oppskrivne i ekstraskattemanntalet som busette i Hisdal (Valle VI, 124), og her var dei framleis då Margit døydde i 1775. Den vaksne sonen, Ånund, vart gravlagd frå Bjones i 1773.

Etter to år som enkemann gifte Olav seg omatt med Anne Torbjørnsdotter. Ho kom frå Uppistog Byklum, bnr 5. Foreldra hennes var Torbjørn Gunsteinsson Breive og kona, Tone Hallvardsdotter, fødd Byklum. Fyrste tida etter at Olav og Anne gifte seg, tykkjest dei ha budd hjå foreldra hennes i Byklum. Helst var dei busetar der mykje av tida, men den yngste av døtrene vart døypt i Suldal i 1781, så me lyt tru at huslyden også har halde til i den bygda eit tak. På skiftet etter Olav i 1784 vart det opplyst at han nest fyre han døydde, hadde kaupt den nedre halvparten av Uppistog, det bruket som sidan vart kalla Torsbu, av vermora og verbroren, Gjermund Gunsteinsson. Olav drukna i Bossvatn, det var 23. mai. Han vart gravlagd frå Byklum 6. juli.

Olav Ånundsson vart altså gardeigar til slutt. Men då han budde i Hisdal var han husmann, og det var også ettermannen:

  • Kristen Auversson Nomeland, f 1739, d 1802
g 1775 m Torbjørg Sigurdsdtr. Hisdal, f 1751, d 1830. Born:
  • Sigurd, f 1777, g 1823 m Ingebjørg Jonsdtr Hovet, sjå nedanfor
  • Auver, f 1779, d 1779
  • Jorunn, f 1780, g 1806 m Knut Hallvardsson Stavenes, sjå Lisle-Hisdal, bnr 1
  • Auver, f 1782, d 1856, ug., fatiglem
  • Såve, f 1786, konf 1803, seinare lagnad ukj.
  • Åsmund, f 1788, g 1813 m Eli Olavsdtr. Bjones, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1790, d 1790
  • Ingebjørg, f 1792, g 1817 m Auver Knutsson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden, gnr 15, bnr 2

Kristen kom frå bnr 7 i Nomeland i Valle, foreldra var Auver Åsmundsson og kona, Kristine Kristensdotter, fødd Ruslehaugen (jfr. Valle III, 665 f). Sigrid, syster åt Kristen, budde også i Hisdal. Ho var gift med Knut Sigurdsson på bnr 2.

Torbjørg Sigurdsdotter var dotter åt Sigurd Knutsson på bnr 2.

Som son og bror åt ein odelsbonde på Løyland har Sigurd truleg vore kar til å syte for at versonen kunne få halve plassen, og her har me nok bakgrunnen for at Kristen og Torbjørg reiste oppatt far hennes i staden for hans, då dei døypte den fyrstefødde sonen. Denne sonen vart neste husmann her:

  • Sigurd Kristensson Hisdal, f 1777, d etter 1850
g 1823 m Ingebjørg Jonsdtr. Hovet, f 1786, d 1850. Born:
  • Kristen, f 1824 d 1826
  • Torbjørg, f 1826, d 1828

Kona åt Sigurd var dotter av Jon Tarjeisson Stavenes og kona, Tone Augundsdotter Uppstad. Desse folka budde på plassen Håbakk under Hovet (jfr. Valle II, 232 f). Foreldra åt Jon att er i denne boka omtala i bolken om Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1.

Frå 1828 og nokre år frametter budde Sigurd og folket hans i Ytre Moen under Trydal Der inne. I Statsarkivet i Kristiansand ligg ei husmannskontrakt som Sigurd Kristensson fekk hjå Hallvard Knutsson Hisdal i 1831, og i fylgje denne skulle han svara leige for Moen, rekna attende frå 1828. Kontrakta gjaldt berre for eitt år om gongen, og husmannen skulle «fravige Pladsen naar forlanges», står det. Kva tid dei flutte frå Moen veit me ikkje, men iallfall kom dei etter kvart attende til Hisdal, og budde her då Ingebjørg døydde i 1850. Ho var då «fatiglem» står det i kyrkjeboka.

Som ein ser ovanfor døydde båe borna åt Sigurd og Ingebjørg små. Kor lenge Sigurd livde, har me ikkje funne oppgåve om, men han overlivde kona si.

I 1850 eller 1851 kom her inn ein ny huslyd på plassen. Mannen i denne familien var eldste son åt Pål Oddsson i Austistog Byklum. Fyre dei flutte hit hadde dei budd eitt års tid hjå far hans, og sonen vart fødd der.

Pål Pålsson Brokka (1850-1933) og andre kona, Gunhild Drengsdotter, fødd Lunden (1868-1952). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Pål Pålsson Byklum, f 1823, d 1853
g 1849 m Gyro Folkesdtr. Trydal, f 1831, g 2.1862 m Olav Åsmundsson Stavenes, sjå Attistog Gjerden, gnr 15, nr 1. Born:
  • Pål, f 1850, d 1933, g 1. m Gunvor Knutsdtr. Hisdal, f 1865, d 1882, g 2. 1884 m Gunhild Drengsdtr. Lunden, sjå Valle VI, 418

Gyro Folkesdotter kom frå Trydal Der inne. Foreldra hennes var Folke Øyulvsson Brokka og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Brokka.

Pål og Gyro budde ikkje lenge her, ettersom han døydde av nervefeber etter eit par års tid. Gyro flutte då truleg, anten til foreldra sine, som budde i Trydal, eller til Kyrkjebygdi i Bykle. På den sistnemnde staden gifte ho seg i 1861 omatt med Olav Åsmundsson Stavenes i Attistog Gjerden, og fekk fleire born med han, som ein kan ein lesa om i bolken om Attistog. Eldste son hennes vart med tida husbonden på Brokka (sjå Valle VI, 418).

Han som overtok plassen her etter at Pål Pålsson var borte, var Åsmund Kristensson, den yngre bror åt Sigurd. Han vart den fyrste sjølveigaren her, då han fekk skøyte hjå bøndene på Løyland og Dale i 1854, prisen var 200 speciedaler, og pengane hadde han fått låne hjå Gunvor Knutsdotter i bnr 2.

  • Åsmund Kristensson Hisdal, f 1788, d 1864
g 1. 1813 m Eli Olavsdtr. Bjones, f 1772, d 1815. Born:
  • Olav, f 1813, d 1851, g 1843 m Ingebjørg Knutsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1815, d 1815
g 2. 1816 m Margit Olavsdtr. Byklum, f 1781, d 1837, born:
  • Hallvard, f 1816, g 1846 m Jorunn Olavsdtr. Dysje, sjå nedanfor
  • Eli, f 1819, g 1847 m Kristen Knutsson Hisdal, sjå nedanfor
  • Torbjørg f 1821, d 1890, g m ukj, på slutten busett Åmli prestegjeld, jfr. Valle VI, 146 f
  • Gro, f 1829, lagnad ukj.
g 3. 1841 m Ingjerd Olsdtr. Homme, f 1785, d 1866, ikkje born.

Som ein ser ovanfor var Åsmund tre vender gift. Eli, fyrste kona, var dotter åt Olav Olsson Homme og kona, Gunhild Eivindsdotter, fødd Trydal. Desse folka budde ma. i Bjones, og er omtala under det bruket (gnr 16, bnr 8). Eli døydde på barselseng, ho og barnet vart gravlagde same dagen. Margit, andre kona, var dotter åt Olav Jonsson Tveiten og kona, Gro Torleivsdotter, fødd Byklum. Desse budde ma. i Nordtveiti (gnr 11, bnr 2), og er omtala der. Tredje kona, Ingjerd, var dotter åt Olav Olsson Homme eller Gråmannshus og kona, Åsne Olsdotter, fødd Rygnestad (jfr. Valle V 440 f).

Ingjerd hadde ei dotter, Åsne, f 1825, d 1828, far hennes var Olav Mikkelsson Bratteland.

Torbjørg Åsmundsdotter døydde i Åmli i 1890. Ho var enke, fortel kyrkjeboka, men namnet på mannen hennes er unemnt. Fyre ho gifte seg hadde ho dottera Margit, f 1854. Far hennes var Jacob Kjetilsson Grov frå Hjelmeland. Margit Jacobsdotter vart i 1887 gift med Hallvard Eivindsson Berg, og fekk 5 born som livde opp (Valle III, 436 f, VI, 147).

Olav Åsmundsson, eldste sonen, døydde fyre faren, og rakk då ikkje å taka over bruket. Son hans att vart derimot eigar. Me kjem attende til både far og son, men fyrst tek me med det me har å melde om familiane åt dei av syskena åt Olav som budde i Hisdal.

  • Hallvard Åsmundsson Hisdal, f 1816, d 1847
g 1846 m Jorunn Olavsdtr. Dysje, f 1820, til Hjelmeland 1854, g 2. m Peder Johannessen Riveland, sjå nedanfor. Born:
  • Tone, f 1844, d lita(?)
  • Margit, f 1846, d 1846
  • Tone, f 1848, g 1889 m Ole Johannessen Tjelta, f 1866, sjå nedanfor

Jorunn Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Dysje og kona, Tone Tarjeisdotter, fødd Mosdøl. Ho fekk i 1854 presteattest for å flytje til Hjelmeland, men hadde nok i røynda flutt nokre år tidlegare. Dottera Tone flutte med henne. Folketeljinga frå 1865 syner at Jorunn det året framleis var i Hjelmeland, og gift med Peder Johannesson Riveland på plassen Leirgroven i den bygda. Dei hadde borna Hallvard 12 år, Ingebjørg 9 år og Olav 2 år, alle fødde i Hjelmeland.

Borna frå det andre ekteskapet åt Jorunn hamna alle, etter det Reidar Vollen har fått vita, i USA. Olav og Hallvard budde i Church Ferry, Ramsey County, Nord-Dakota, medan Ingebjørg budde i Baxter, Traill County, Nord-Dakota, der ho var gift med ein Jon Auversson, som me ikkje kjenner meir til.

Tone Hallvardsdotter vart gift til TjeltaJæren med Ole Johannessen, på ein plass kalla Gimre. Ho fekk borna Hanne Tomine, Karen Justine, Berthe Oline og Anne Sofie. Eli Åsmundsdotter budde au i Hisdal etter at ho gifte seg fyrste venda, mannen hennes var frå Lisle-Hisdal. Han døydde året etter brudlaupet.

  • Eli Åsmundsdotter Hisdal, f 1819, d 1894
g 1847 m Kristen Knutsson Hisdal, f 1812, d 1848. Born:
  • Knut, f 1848, d 1849
g 2. m Kristen Taraldsson Steinsland, jfr nedanfor

Foreldra åt Kristen Knutsson var Knut Hallvardsson Stavenes og kona, Jorunn Kristendsdotter, fødd Hisdal (Lisle-Hisdal). Kristen og Eli var såleis syskenborn. Ho hadde au sonen Knut, som døydde 5 månader gamal 8.6. 1846, faren var Torleiv Torleivsson Trydal (sjå Nordstog Trydal).

Etter at fyrste mannen var borte, gifte Eli seg omatt med Kristen Taraldsson på plassen Steingarden under Steinsland, og fekk 3 born som livde opp med han (Valle III, 596 f).

Olav, son åt Åsmund Kristensson og fyrste kona, vart, som nemnt ovanfor, heller ikkje gamle karen.

  • Olav Åsmundsson Hisdal, f 1813, d 1851
g 1843 m Ingebjørg Knutsdtr. Nesland, f 1809, d 1865. Born:
  • Eli, f 1844, d 1856
  • Birgit, f 1847, 1875 busett Fyresdal, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Åsmund, f 1850, sjå nedanfor

Ingebjørg Knutsdotter var frå Systog Nesland (bnr 4). Foreldra hennes var Knut Gunnarsson Nesland og Birgit Åvollsdotter, fødd Trydal.

I fylgje kyrkjeboka hadde Olav freista å gå over Otra på ski, men gjekk gjennom isen og drukna. Etter at Olav var borte ser det ut til at Vetle Knutsson, som var bror av Ingebjørg, overtok bruken av plassen nokre år, frå omlag 1851 til litt innpå 1860-talet. Han og familien hans hamna sidan på plassen Moen under Mosdøl, Bykilsmoen dei kalla, så dei er nærare omtala i bolken om den verestaden.

Åsmund Kristensson døydde i 1864, og i 1866 døydde enka hans. I 1865 er sonesonen, Åsmund Olavsson, registrert som husmann her, endå han berre var 16 år. Systera Birgit, 19 år, var her og «hjælper til», heiter det. Buskapen då var 3 kyr, 16 sauer og 5 geiter, sånaden eit kvartel bygg og 2 tunner jordeple. Framleis sto enka Ingjerd som gardeigar, ser me. Åsmund fekk skøyte i 1867, bruket vart då verdsett til 220 speciar.Men Åsmund hadde nok stelt seg med større gjeld enn han kunne makte, for i 1870 laut han lata bruket gå på tvangsauksjon.

Tilslaget gjekk til Ånund Taraldsson Homme for 248 dalar. Han kom frå Tårstog, Hommelunden (Valle), bnr 3. Foreldra hans var Tarald Torsson Haugen og kona, Gunvor Gjermundsdotter, fødd Homme.

  • Ånund Taraldsson Homme, f 1813, d 1893
g 1870 m Targjerd Tarjeisdtr. Bjørnarå, f 1835, d 1879. Born:

Targjerd Tarjeisdotter var frå Bjørnarå Der heime. Foreldra hennes var Tarjei Bjørgulvsson og kona, Anne Drengsdotter, fødd Lunden.

Ånund og Targjerd budde her frå 1870 og frametter. I 1875 hadde dei hest, 1 stut, 4 kyr, 1 kalv, 12 sauer og 9 geiter. Dei sådde 5 kvarttel bygg og sette 2 tunner jordeple. Kor lenge Ånund vart verande her etter at Targjerd døydde i 1879 er uvisst, men iallfall frå 1884 tykkjest han ha vore attende i Tårstog (Valle V, 509). Bruket her åtte han til 1889, men då vart det tvangsauksjon att. Denne venda var det ovannemnde Åsmund Olavsson sin tur til å få auksjonsskøyte, kaupesummen då var 800 kr.

  • Åsmund Olavsson Hisdal, f 1850, d 1928, ug

Etter dette kaupet tykkjest Åsmund å ha greidd seg betre økonomisk. Iallfall vart han sitjande med bruket livet ut. Han var ugift, og budde åleine her ved folketeljingane i 1891, 1900 og 1910. I 1891 selde han ifrå ein teig «med anpart i Hisvandet». Skylda vart sett til 3 øre, og dette stykket fekk bnr 9. Ein oberst Gregersen og ein godseigar Knut Berg kaupte det for 200 kr. Frå 1925 fekk det bnr 4 under Hisdal. Det har framleis eige bruksnummer, men frå 1900 har det høyrt til eigarane av bnr 2.

Åsmund døydde i 1928. Neste oppsitjar fekk skøyte i 1930, og flutte då hit. Den nye eigaren heitte Jon Olavsson, hadde vakse opp i Byklum, og hadde ei tid vore handelsstyrar i Lislestog (gnr 14, bnr 39). Mora heitte Ingebjørg Jonsdotter, var fødd Hoslemo, og gifte seg med Dreng Torleivsson Byklum. Far åt Jon heitte Olav Såvesson Holum, og budde på Jore i Valle, bnr 1 (jfr Valle IV, 588). Jon skreiv seg Haugen Hisdal etter at han flutte hit, og vart gravlagd under det namnet.

Jon O. Byklum, seinare Hisdal, kring 1915. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Jon og Ingebjørg i Hisdal med sonen Dreng i 1925. Bilete frå Torbjørg Brokke.
Ingebjørg K. Hisdal og vermora, Ingebjørg Jonsdotter Hoslemo, fotograferte ved gravsteinane til Jon og Folke sumaren 1932. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Ingebjørg med borna Ingebjørg, Tone og Dreng i 1930. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Jon Olavsson Haugen Hisdal, f 1899, d 1931
g 1925 m Ingebjørg Knutsdotter Bratteland, f 1906, d 2001. Deira born:
  • Dreng, f 1926, gbr. g m Birgit Alice Flateland, f 1936, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Ingebjørg, f 1927, husmor, busett Oslo, g m Leiv Murebø, born:
  • Jan
  • Elsa
  • Mary
  • Tone, f 1930 husmor, g 1955 m Olav B. Stavenes, busett Rysstad (jfr. Valle I, 492), born:
  • Jorunn, f 1955, g m Gunnar A. Helle, busett Rysstad
  • Jon Birger, f 1957, g m Bjørg Lilletvedt, Ålvik, busett Jondal
  • Ingebjørg f 1958, busett Rysstad, g hv m Åge Rysstad
  • Bjarne Ole f 1965, p.t. (2004) busett Bergen, ug
Hennes barn:
  • Kristi, f 1938, husmor, busett Sotra, g m Olav Ulveseth, born:
  • Ole Kristian
  • Irene
  • Tone Elisabeth
  • Jarle

Ingebjørg var dotter åt Knut Tarjeisson Skolås og kona, Tone Knutsdotter, fødd Bratteland. Desse kan ein lesa om under Skolås, Stigamidjom og Bratteland.

Som det går fram ovanfor døydde Jon alt i 1931. Saman med grannen Folke Knutsson omkom han i den tragiske brubyggjingsulukka om hausten det året, som me har fortalt om under Store-Hisdal, bnr 2.

Ingebjørg vart buande i Hisdal med borna sine i vel så 20 år etter ulukka. Ho dreiv bruket til i 1952, då ho selde det til ein jaktinteressert oslomann, og sjølv flutte til Stigamidjom. I 1938 hadde ho også fått dottera Kristi, faren var enkemannen Bjørgulv K. Stavenes (sjå Systog Stavenes).

Eit par år etter flytjinga til Stigamidjom kaupte Dreng Jonsson, sonen, Bjones (gnr 16, bnr 8), og frå då av budde denne familien der. Det me elles har fått vita om dei er difor plassert i bolken om det bruket.

Kauparen i 1952 heitte Oddvar Lødeng. Døtrene hans, som heiter Karin Synnøve (f 1944) og Tove Marie (f 1947), sat med eigedomen til hausten 2005, då dei selde til ein annan utanbygds eigar. Han heiter Trygve Birkeland og bur i Birkeland.


0941 Bykle komm.png Der uppe (Bykle gnr 20/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Store-Hisdal • Neste bolk: Litteratur og kjelder