Det gamle samfunn

Sideversjon per 16. feb. 2017 kl. 08:11 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: {{Under arbeid}} '''Det gamle samfunn''' er ei mykje brukt samlenemning for samfunnsforhold og politiske system i førmoderne tid. Historikaren Sverre Steen brukte dette uttrykke...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Det gamle samfunn er ei mykje brukt samlenemning for samfunnsforhold og politiske system i førmoderne tid. Historikaren Sverre Steen brukte dette uttrykket som tittel på eit band i den breitt opplagde noregshistoria Det frie Norge, og dette har gjort mykje til at det har kome i vanleg bruk i norsk historisk litteratur. Det spelar på det franske/internasjonale uttrykket «l'ancien regime» (det gamle veldet) som opphavleg var brukt om tilhøva i Frankrike før revolusjonen i 1789.

Kvar grensa går mellom det «førmoderne» og «moderne», altså når «det gamle samfunn» blir utdatert, vil variere sterkt ettersom kva samfunnselement det blir lagt vekt på. Om politiske forhold blir fokusert, set ein skiljet med dei «borgarlege» eller «demokratiske» revolusjonane på 1700-talet (den amerikanske 1776, den store franske 1789 osv.), for Noregs vedkomande da helst i 1814. Dersom næringsliv og teknologi står i sentrum, vil det gamle samfunn tyde førindustriell tid, for Noregs vedkomande kanskje med eit skilje rundt 1850. Det gamle samfunn er stundom brukt tilnærma synonymt med det gamle bondesamfunnet, det vil seie eit agrart dominert samfunn basert på stor grad av sjølvberging og med lågteknologiske metodar og driftsformer der menneskeleg muskelkraft og hestar var viktigaste energikjelda.

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007022101055