Dialektordliste frå Austevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dialektordlista frå Austevoll er ei påbegynt ordliste over ord og uttrykk frå Austevoll innsamla av Johan Tufteland. Han fikk ikkje fullført henne (berre ord som begynner på A, B og P), og ho treng gjerne noko redigering.

A

absolutt - absolutt - sikkert

absorbera - ta til seg

ablegøye fl.t. - pretter, moro

affekt - å bli opphissa

adle - adle saman

age - ta age,læra folkeskikk

agaløysa - utange, urokråke

akta seg vel - skikka seg

alder - «Da æ alder so gale, ate da ikje æ godt for noke»

adlesta - «Han va adlesta framme»

adlehanda - allslags

adnege - ivrige, annsam

ad undas - da gjekk gale

agnvand - om fisk som ikkje bit på agnet

aksling - på motor, propellaksling. Og på slipestein o. likn.

akkedera - diskutera noko

akterut - bak på farty

akkord - akkedera avtale

agaløysa - uvøra, utan age

agn n. - agn på angelen, lokkemat

agnhald - mothake på angel *

agneste-kjede - flaskekjede

aldrast - å bli gammal

alebeist - dyr som vert sett på

alfareveg - vegen der alle ferdast

agjera - gjera seg te

alboga - bryta seg fram

al m - i furetre, veden innom geita-veden

akta seg vel - passa seg

almendela - vanleg

andlåt - siste andedrag

anfall - brå sjukdom

anfares - alle saman

anføtes - å liggja motsett

ans m - omtanke

ansla v - driva på med noko

atte - han sa ate han sku koma

alda f - bølgja, aldena

alt og eder - alt saman

alra - heilt, det siste året – alra siste

alur - svært bråk og spetakkel

alder gå vel - «datta kan alder gå vel»

all sen dag - heile livet

almendela - vanleg

alt fort - etter kvart

ans m - omtanke

alterert adj - forvirra – foransla oppskaka

ambolt - ste i smia

amla n - masa

amper - hissig av seg

andakt - bøn, møte

andra - da andra

andror - å ro mot vinden

andøva - halda båten i mèdet

angje - ein pigg

ank - uro, vera redd

ankerspel - til å hiva opp eit anker

all si levetid - så lenge ein lever

almendele langebrød stomp

alelamb - som går ved huset

altergjest - den som går til alters

alvskot - beintæring

ana ana v. - om dyr som trår heimatte. «Det anar heim.»

andast v - å døy

anlegg n - verksemd, ta sikte, gode evner

ap n - ha nokon til narr, driva ap med, apast med nokon

anfares - å ta alt med, ikkje springa forbi noko

angjelast - krangla

andpusten - oppjaga andedrag

anker - også vasstønne eller vinanker

àn kom seg te manns vart rik

anmars - kjem, er ventande

an-negle - skin ovom neglene

ansla v - driva på - -

antrast - kjeklast

ans - omsut for noko

andsloppen - etter hardt sprang

àn vart heta tå da - fekk meir enn nok

àn va´kje tye - arg, sinna

apa ette - herma

armo - fattigdom

asjelæ - underleg

arvasvakhet - spedalsk sjuke

apa seg - fara med fjas

armakrekjen - i albogen

arta seg - te seg

arbei - arbeid

asa på - maksla

assagai - monstrum

asma - sjukdom

atterbera f - bakevja

asver - uver

as - mas

arbeidsvelde - reiskapar

arbeia i ein - gå i tankar

arbeia seg fram - bli noko

arm - fattig

armaskap - fattigdom

«asketapp» - ein frå Askøy

asjelæ - nokså mykje

assistanse - hjelp, støtte

attehalde - atterhald

«Når vesalmann får velder æ da ikkje attehelde.»

att og fram - «att og fram æ lika langt»

auka - veksa «han auka på mæ venden»

ausa n ausa båten med auskjær. Da ausa ned – rigne svært*

ausfat - i båten til å kasta ut austeren med

avbrot - stans – avbrot i arbeidet

avendsauga - avundsykja

aventas - hyggeleg å arbeida med noko

attehelde n - atterhald «Dar va korkje vet elde attehelde.»

atteknappa - utan ord, tagal

attlagd - gløymd

attom - bakom

attslegen - slo botn i tønna

attåt - tillegg

att på kjøpet - hos handelsmann

attelega - attlagd åker

attersett - om båt som har last bak

attevenda - når noko ikkje kan gjerast godt att, e da ikkje

attevenda med da

atti - baki, båten, i bakskuten

attimødle - innimellom

attelete - klinka til å stengja – lata att dør med

attpåsleng - barn etter dei andre

attepålur - liten blund til slutt på natta

attlengjes - falla attover

attpåsnakk - koma med ord etterpå

attra seg - dra seg attende

att å bak - Gygra sleit kjettingen, og raus att og bak så det syner*

augnekast - sjå snøgt til sides

augnamål - ta mål etter synet

aula - kry fram

aurgolv - golv av tein og sand i eldhus

auskjær - ausfat i båt til å ausa med

austlandsplint - tater frå austlandet

auster - vatn i båt, som må ausast ut

avdagseld - kveldsrode

avdrift - farty som driv under seglas

avdanka - sliten, for gammal

avferd - restar av døde dyr i marka

avferd - også om ein som er andast

augna n - å sjå, kunne ikkje augna da, så fort gjekk da

avdaga - om kvelden

avdrått - avling

avdag - kveldstund

aventas - vera oppteken med noko

avhenda - skilja seg men noko, selja det

avleggs - avleagt, utslite

avhodna - klypa hodna av unge kyr

aventas - å ha tolmod med noko, ta seg av det

avhol - avsides stad

avleies - gå seg vilt

avkrok - avsides

avla v - få noko t.d. fisk «Han avla ikkje rått!»

avliden - om ein død

avloa - ta livet av dyr

avskapleg - usjåeleg

avskræmd - frå sans og samling

avveg - galen lei

avåt - grønlus som et opp død fisk på garnet

avslappa - utkvild

avfidna seg - finna seg i det, gje seg på det

avtala n - verta samd om

B

babla - badnaprat, babl

badnalæ - barnsleg

bakdør - dør på baksida

bakstekone - bakstedeia

baksa v - hardt strev

bakskut m - akter i båten

baksnakk - snakka stygt om nokon

badn -badne - bodn

badnarævæ - «kveldsklåren er som badnarævæ, held seg ikkje lengje»

vadnatale - «når badnatale vekse, vert ein også meir tjukkøyrde!»

band n - hatleband til stavakjerald og teiner

bansdakrakk - til å smia band på

bandalaust - om kjerald som vantar band

bandasmiing - å laga band, fire band i ei kringle og 10 kringler i ein bunt. Bunt er 40 band.

bar m - kant t.d. på rommakolla. «Eta frå bar`n!»

bakke m - - tallerk på farty. Dei skal «bakka opp maten,»heitte det

baklengs - attra seg

bakehus - eldhuset der dei bakte

bakedag og snakedag «Etter ein bakedag kjem det gjedna ein snakedag.»

bakevja - motstraum, seglfarty låg i bakevja, og fekk ekkje fart, om det ikkje kom litt vind

baklest - last for langt akteropver

bakstebord - til å baka på

bakste-fløy - nytta til å venda flatbrødet med under bakinga *

baktofte - tofte bakerst i båten, framtofte eller segltofte framme

bal n - strev – møda

bala v - tungt arbeid

baldra v - snakka tull

balesamt - mødesamt

balstyren - ustyrleg unge

ballast - stein eller sand i seglfarty, for å gjera dei stødige for segl

balje m - stamp av tre – og nytta i sildebåt

banjer m - rom i større farty mellom lugar og lasterom

ballade m - bråk, ståk, spetakkel

bandajadn n - tønneband av jadn, som dei nagla saman og banka rek, så det passa til tønna

bar fort i veg - dei kom seg fort fram. «Det ber fort i veg med dei.»

barkebrødåret - hungersåret 1913

beig m - sjukdom, overferd, magesykja

beinhardt - noko svært vanskeleg

bera hardt i veg - busa på, ta det alvorleg

bleiefall - dei som gjekk til alters og låg saman kring altarringen

blåe m - ei mengd med sild i sjøen t.d.

blåster m - uro, ståk. «Han skapte blåster kring seg.»

brik f - kant låvebrika

brot n - - boabrot, brot på god folkeskikk, t.d.

bandastokk m - stokkane i tverrveggene i ei gammaldags tømre

P

padle - flate, ein gard har åkeren «Gardspadlen»

padnestein - gamle hollandske padner til taktekking

paff - han vart pass, mållaus, slyen

pakkenellik m - liten fin pakke

pant - settja noko i pant

par n - to saman

passande - høveleg

pale - småsei, ca 1 kg

palesei - 2-3 kg

pal - roleg .»Han sat pal og venta.»

paligs - å ta te palings og springa

pfifta f - ei fløyte, han sette i å pfifta

pakk - om fantar, dei vart kalla fantapakk

parera v - å avverja

partnar m - medspelar

passa n - ta vare på, ta mål av klede, ta seg i vare «du må

passa

pengar - av pecus, pecuniær, myntar

pengeknipa - pengelens

passa seg - ta seg i vare

parfolk n - ektefolk

passa smogo - nytta godt høve,t.d. med turrhøyet

palings - ta til palings, springa fort

prøvelse - påkjenning

passa - ta vare på, ta mål av klede «Du må bere passa deg.»

passa på - ta vare på lite barn

pfifta f - lita fløyte

parafin - lampeolja

parafinlampe - lampe som brenner med parafin(olje)

passeleg - høveleg

pause - pause i arbeie, kvilestune «pust i bakken»

pal - roleg «Han sat pal og venta.»

parfolk - mann og kone, ektefolk

pargas n - alt ein har med seg på reis

pass n - sjøpass, grenseboarbevis

pass - passeleg – «da va nett te pass åt han»

passa smøgo - nytta da retta høve, medan veret var stilt

«passa seg» - ta vare på seg

pel - rommål ¼ potte =0,242 l

penibel - pinleg, plagsomt

patina - gamalt preg

paure - kjelenamn på verlamb peika - visa til, peika på

peisa på - hanga hart i me eit arbeid

pela n - skunda seg «Sjå å pela deg vekk!»

pempa - drikka mykje. «Han sat der berre og pempa i seg.»

pengegras n - plante «engkall»

penn m - kvassenden av hummaren – framme

penna - smeden «penna ut» jarnest som var for smalt

pennefrø - om ein som var skrivekyndig

pepling - vesalmann

pera - berre pirka borti – vera vand, peren på maten

om eit «perevette.»

pers - han måtte endeleg til pers

persok - 29.juni «Petersmesse»

per varmstein - 22.febr. Peterstol-dagen

pesa - å vera svært anpusten

pest - pest -basillen vart oppdaga 1894. Byllepest

Svartedauden, lungepest

peis - t.d. «kolapeis», svart flekk i ansiktet

penibel - pinleg, plagsom, vanskeleg situasjon

padda - flat stein som kvernkallen står på

parera - avverja

parsell - stykke av gardsbruk

perelæ adj - elendig, knaskje, vesalt

peren - å vera peren på maten, vand, kresen

perlesaum m - laga av glasperler i ymse fargar t.d. på bringeklut

pet m - liten stav

peta v - å flytta seg fort, småspringa

petla v - plukka noko opp

piggtråd m - nytta i gjerde

pikhuva - strikka huve med spiss

pikka f - lita hakke

pikkande - liten, han var pikkande liten

piken m - ytste enden av seglgaffelen, der var også pikfallet

pilt m - liten gutunge

pille m - medisin

pinclus - gniar

pidning m - små steinfliser og kilar sette inn i ein steinmur

piggsett m - steinhammar, nytta ved muring. Sette piggen mot steinkant, og slo på med feisel eller slegge

pilk m - gamal pilk, støypt av bly og med to anglar i utretta

svenskepilk kom i 40 åra *

pikk n - illhug «Han bar på eit pikk til naboen.»

pinerenna - å lata det renna svært seint

pinnaur m - hardpakka småstein nede i jorda

pilsbukse f - bukse med trangt «ifar» smale bein

point m - eit rommål 0,568 liter

pioner m - føregangsmann

pipe n - stor tønne 465 liter tok to oksehoder eller 3 amer

pipe f - vak på line, truleg skotsk, kom rekande over havet

pipe f - tobakkspipe av krit, tre eller merskum

pina v - spara, vera prakkjen

pinalæ adj - sparsam

pinnfast - urikkeleg

pirka v - tepa litt borti noko, å terga nokon

piskri n - skrømt, noko overnaturleg

pistra v - veikt mæle

pjank n - pargas ein skal ha med seg

pjarr n - inkjevetta

plagg n - «handaplagg» som konene la over skautet når det regna. Lite klede. «Ho hadde ikkje skjikkelæ plagg å ha på seg».

plank m - treplank, vel 2 toms tjukn og 8-10 toms breidde.

Pløgd plank til hustømra. Ca 1910 3 toms furuplank med to pløyingar

plenta f - solid tau som støttar av not, plentekagge

pla v - «me pla alltid gjera da på dedna måten»

plaga f - noko vondt, ei landeplage

plan m - regel, byggjeplan, planløysing

planta n - settja ut nye planter

plassfolk - husmannsfolk som hadde eit lite plass

plassmann m - husmann

plaster n - plasterlapp på eit sår t.d.

plate n - ei dyne på senga

platting m - sementplate og kledning for seg på bomløfte*

og kalla lusaplatting

plombe f - tetta hol i ei vond tann

plukka poteter - petla opp potetene frå åkeren

plundra v - kava og maksla keiveleg med eit arbeid

pløya - «pløya åker» pløya bord eller plank, laga «rift» i planken og «fjør» som skal passa inn i «rifta».

pløyingshøvel - den kan «atellast» og laga pløyingar i plank eller bord

porla f - liten motorsykkel

potetesø n - vatn dei koka potetene i, «eg bryr meg ikkje meir om kaffien enn om potetesøet» -mann i 1800-åra

prakkarskap m - pineskap, gjerrig,»nei dei folkje e alti so fudle i prakkars

pratløysa f - ho hadde alti møkje å tafla om og var laus på munntyet

prikkfri - utan noko lyte

prikkervera v - å gjera noko, dei måtte prikkevera den ferske fisken* prat f - snakk, ein pratmaker for med mykje snakk og vas

primus - tyder «den første» kokeapparat i heim og farty før elektrisiteten kom i 1950

prisonen en - 1810 – 14 fengsel i gamle engelske krigsskip under krigen med England, eit var «Errisistible» i Temsen

pryl - juling, deng, overhaling

prins f - ei skreppe til å bera på ryggen

pukkstein - nytta i vegarbeid

pundar m - gamal vekt av tre, vog 24 merker eller 6 kg

punga v - han måtte punga ut, betala skuld

pur - reinhekla, «å halda ein for pure narr»

purra v - minna om, «basen purra oss ut kl. 5 om morgonen»

pusla v - små – arbeid

pusling m - vesalkryp

putl n - småarbeid, småborna putla seg og leika fint saman

putlo - muslukka «da gjekk opp i putlo for oss»

prøva v - freista, prøva skeisene

prøve m - den første prøven

prius f - ei skreppe t.d. av skinn

putleskjeling m - litt pengar ein har til overs, til å putla seg med

pynt n - stas, «ei vene jente treng ingen pynt»

på-akta - vørd, akta høgt, lagd merke til

pågåande - djerv, ein som held seg frampå, drivande gut

på loana - boren på hendene, har alltid hatt det sutalaust

pøs m - trebøtte, helst nytta i farty

pøyk m - gutladd

pysja n - kviskra, snakka lågt, hemmeleg

pytt m - liten vassdam

pøyla f - søledam

pæsa v - å driva det for hardt – blio anpusten

på ein kant - litt drukken, på ein snur


Kjelde: Jan Tufteland