Didrik Arup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Didrik Arup, fotografert kring 1880 under prestetida i Ringsaker.

Didrik Arup (fødd 30. juni 1835 i Drammen, død 10. januar 1885 i Vestre Slidre) var lærarskulestyrar og prest.

Arup var son av biskop og politikar Jens Lauritz Arup og Jacobine Lovise Juliane f. Cappelen. Han vart student i 1853 og tok teologisk embetseksamen i desember 1861.

Som 27-åring vart den nyutdanna teologen styrar for den nyskipa Balestrand lærerskole som opna 10. februar 1863. Det er uvisst kva som gjorde at han fekk denne stillinga. Det var den tiltakssame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som stod bak skipinga av seminaret og hadde det overordna ansvaret.

Arup var lærarskulestyrar i drygt fire år til han i 1867 vart personleg kapellan hjå soknepresten i Ringsaker. I 1876 vart han tredjeprest med ansvaret for Veldre sokn, og frå 1880 var han sokneprest i Vestre Slidre. Han døydde i 1885, knapt 50 år gamal, og dødsårsaka vert oppgjeven til Lungebetændelse i kyrkjeboka.

Arup skreiv i 1883 utkast til ei ny katekismeforklaring for allmugeskulen i ei tevling utlyst av Kyrkjedepartementet.

Arup gifte seg i 1863 med Ragna f. Haffner (f. 1837), dotter av offiser og statsråd Wolfgang Wenzel Haffner. Didrik og Ragna hadde ingen born, men tok til seg ei pleiedotter..

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker