Divisjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Divisjon, nemning på fleire militæravdelingar, opphavleg (før 1818) i alle fall to forskjellige taktisk inndelingar i Hæren. Den minste eininga var stort sett tilsvarande kompani, og ser ut til å vere innført i infanteriet ved ekserserreglement av 1704. Da vart bataljonen inndelt i seks divisjonar, og kvar divisjon i seks delingar.[1]. Etter krigsavslutninga i 1720 vart bataljonane delte i tre divisjonar a 2 kompani / delingar.[2]. Ved ei omorganisering av Hæren i 1801 vart bataljonane delte i fire divisjonar.[3] Mannskap frå same kompani vart etter arméplanen av 1810 ved mobilisering fordelte i bataljonar og divisjonar etter bevæpning, grenader-, musketer- og skarpskyttaravdelingar.[4]

I artilleriet vart nemninga divisjon nytta om underavdelingar av kompani eller batteri etter det første ekserserreglementet for artilleriet frå 1778, beståande av to kanonar under kommando av ein sersjant.[5]

I 1804-1807 vart kystvernet organisert i distrikt, som vart delt i divisjonar og seksjonar.[6] I 1807-08 vart landvernet òg innkalla og organisert i divisjonar à 150 mann per infanteriregiment nordafjells.[7]

Divisjon vart òg i 1808 nemninga på ei distriktsinndeling i fredstid i Noreg, med tre divisjonar i Danmark og to i Noreg: 1. divisjon (sønnafjeldske) og 2. divisjon (nordafjeldske) under kommando av kvar sin general. Denne generalen skulle ha kommando både over land- og sjøforsvaret i divisjonsdistriktet.[8]

Ved hærordninga av 1818 vart det oppretta brigadar som øvste nivå i hæren i fredstid, med eige brigadar for dei forskjellige våpenartane.[9] Ved hærordninga av 1911 vart desse kombinerte, og i 1916 vart divisjonsomgrepet innført att som øvste operative nivå.[10]

Kjelder

  • Bull, Arne Marensius 2002. Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
  • Bødtker, C.F. 1899: Vore gamle regimentsdistrikter. Norsk Militært Tidsskrift s. 595-620 og 655-676.
  • Munthe, C. O. 1906: Uddrag af Norges Krigshistorie til Brug ved Undervisningen paa Krigsskolen. Kristiania.
  • Munthe, C. O. 1912: Officersliv og Artilleriforhold i Norge for 150 aar siden. Smaatræk fra militærlivet paa 1700-tallet. Tillægshefte til NOrsk Artilleri-Tidsskrift. Kristiania.
  • Munthe, C. O. 1914: Den norske Hær indtil 1814. Kristiania.
  • Vaupell, Otto 1876: Den Danske Hærs Historie til Nutiden og den Norske Hærs Historie indtil 1814 bd. II København.

Referansar

  1. Munthe 1906 s. 17.
  2. Munthe 1906 s. 41, Vaupell s. 36.
  3. Vaupell s. 306.
  4. Bødtker s. 597, Munthe 1906 s. 60.
  5. Munthe s. 80, 85.
  6. Munthe 1914 s. 181.
  7. Munthe 1914 s. 183.
  8. Vaupell s. 309, Munthe 1914 s. 172.
  9. Bull s. 232.
  10. Bull s. 261.