Dombås

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. okt. 2011 kl. 13:21 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Dombås''' er ein tettstad i noverande Dovre kommune. Namnet kjem iflg. Oluf Rygh av den vesle elva som renn her, Domba, som kanskje er norrønt for stum, utan lyd, og kan da tyd...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dombås er ein tettstad i noverande Dovre kommune. Namnet kjem iflg. Oluf Rygh av den vesle elva som renn her, Domba, som kanskje er norrønt for stum, utan lyd, og kan da tyde at elva renn roleg her. Dombås er òg ein matrikkelgard og namnegard, og høyrde opphavleg til hovudsoknet i Lesja prestegjeld. Da heradet og prestegjeldet vart delt i 1861 følgje grenda her over til det nye Dovre prestegjeld.

Det er tradisjon om at dovringane måtte ta med Dombåsgrenda i den nye kommunen før lesjingane gjekk med på delinga. Grunnen skal ha vore at grenda der hadde belasta fattigkassa meir enn det folketalet skulle tilseie. Denne tradisjonen er ikkje dokumentert.

Frå gamalt av låg ikkje Dombås spesielt sentralt til i regionen, for hovudferdselsåra nordover Dovrefjell tok opp lenger ned i dalen fram til det vart bygd køyreveg opp til Fokstugu i 1820-åra. Med utbygginga av Dovrebanen og seinare Raumabanen vart grenda eit jernbaneknutepunkt og etter kvart det naturlege senteret i regionen.

14. april 1940 hamna så Dombås i sentrum for krigshendingane i Sør-Noreg. Seinare under krigen bygde okkupasjonsmakta ut eit tyngdepunkt på Dombås med store styrkar og betydelege anlegg. Ein god del av dette vart overteke av det norske forsvaret og bruk m.a. som heimevernskule.

Litteratur