Dombås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dombås i 1963.
Foto: Ukjent / Mittet & Co.
Dombås skysstasjon
Foto: Henry Rosling, Riksantikvaren.

Dombås er ein tettstad i noverande Dovre kommune. Namnet kjem iflg. Oluf Rygh av den vesle elva som renn her, Domba, som kanskje er norrønt for stum, utan lyd, og kan da tyde at elva renn roleg her. Dombås er òg ein matrikkelgard og namnegard, og høyrde opphavleg til hovudsoknet i Lesja prestegjeld. Da heradet og prestegjeldet vart delt i 1861, følgde grenda her over til det nye Dovre prestegjeld og Dovre kommune.

Det er tradisjon om at dovringane måtte ta med Dombåsgrenda i den nye kommunen før lesjingane gjekk med på delinga. Grunnen skal ha vore at grenda der hadde belasta fattigkassa meir enn det folketalet skulle tilseie. Denne tradisjonen er ikkje dokumentert.

Frå gamalt av låg ikkje Dombås spesielt sentralt til i regionen, for hovudferdselsåra nordover Dovrefjell tok opp lenger ned i dalen fram til det vart bygd køyreveg opp til Fokstugu i 1820-åra. Med utbygginga av Dovrebanen og seinare Raumabanen vart grenda eit jernbaneknutepunkt og etter kvart det naturlege senteret i regionen.

14. april 1940 hamna så Dombås i sentrum for krigshendingane i Sør-Noreg, da tyskarane sleppte eit kompani fallskjermsoldatar over grenda. Seinare under krigen bygde okkupasjonsmakta ut eit tyngdepunkt på Dombås med store styrkar og betydelege anlegg. Ein god del av dette vart overteke av det norske forsvaret og bruk m.a. som heimevernskule.

Sjå òg

Litteratur

  • Engen, Arnfinn 2003: Bygdabok for Dovre. Gardar, hus og folk bd 1. Frå Hjerkinn til Hjelle : gnr 1-18, 78 og 79.