Doro Heyerdahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Doro Heyerdahl|Doro (Dorothea) Heyerdahl]]''' (fødd på [[Voss]] [[8. desember]] [[1894]], død i [[Oslo]] [[25. april]] [[1988]]) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengjande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved [[Lom og Skjåk framhaldsskule]],  frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne,hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.

Doro Heyerdahl var dotter av prost [[N.R. Heyerdahl]] (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i [[Telemark]] ([[Attrå]] i [[Tinn kommune]]). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Attrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.

Sideversjonen fra 18. okt. 2011 kl. 20:53

Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengjande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne,hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.

Doro Heyerdahl var dotter av prost N.R. Heyerdahl (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i Telemark (Attrå i Tinn kommune). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i Attrå frilynde ungdomslag og i Holla norskdomslag. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.