Doro Heyerdahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


Doro Heyerdahl var dotter av prost [[N.R. Heyerdahl]] (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i [[Telemark]] ([[Attrå]] i [[Tinn kommune]]). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Attrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.
Doro Heyerdahl var dotter av prost [[N.R. Heyerdahl]] (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i [[Telemark]] ([[Attrå]] i [[Tinn kommune]]). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Attrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.
Ho tok examen artium i [[Kristiania]] 1914 (språkleg-historisk linje). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved [[Oslo lærerskole|Oslo lærarskule]]. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl i Holla 1919-1922, og året etter ved [[Buskerud folkehøgskule]]. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved [[Lærarhøgskulen i Trondheim]] (1931-1932).
Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i [[Nordland]] og [[Troms]] og på [[Sophies Minde]] i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på [[Alnabru]] (Oslo).





Sideversjonen fra 18. okt. 2011 kl. 20:59

Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengjande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne,hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.

Doro Heyerdahl var dotter av prost N.R. Heyerdahl (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i Telemark (Attrå i Tinn kommune). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i Attrå frilynde ungdomslag og i Holla norskdomslag. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.

Ho tok examen artium i Kristiania 1914 (språkleg-historisk linje). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved Oslo lærarskule. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl i Holla 1919-1922, og året etter ved Buskerud folkehøgskule. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved Lærarhøgskulen i Trondheim (1931-1932).

Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i Nordland og Troms og på Sophies Minde i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på Alnabru (Oslo).