Doro Heyerdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Mal:Thumb høyreDoro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.


Familie og oppvekst

Doro Heyerdahl var dotter av prost Nils Roth Heyerdahl (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Ho hadde to sysken, Mariane Kristine (f. 1891) og Kristian August Aagaard (f. 1892) Doro hadde barndomen og oppveksten sin fleire stader i landet, ettersom faren hadde ulike prestekall. Dei fyrste fire leveåra hadde ho på Voss (til 1898), 1898-1910 i Sandeherred i Vestfold (Sandar, nå i Sandefjord kommune), og frå 1911 i Telemark. Faren vart sokneprest i Atrå i Tinn kommune frå 1911 og i Holla frå 1918. I Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i Atrå frilynde ungdomslag og i Holla norskdomslag. Ho var heilt sikkert påverka i den retninga også av foreldra sine, særleg av faren. N.R.Heyerdahl fekk tidleg ei sterk interesse for norske dialekter og for det nye landsmålet.

Utdanning og yrkesliv

Det er rimeleg å tru at Doro Heyerdahl også vart oppmuntra av foreldra til å ta akademisk utdanning. Mor hennar var ei av dei aller fyrste kvinnene i landet som tok examen artium (1884), og som deretter studerte filologi og teologi. Doro tok examen artium i Kristiania 1914 (språkleg-historisk linje ved Frogner Skole). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved Oslo lærarskule. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl på fleire skular i Holla 1919-1922, og året etter ved Buskerud folkehøgskule. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved Lærarhøgskulen i Trondheim (1931-1932). Litteraturvitaren Inger Heiberg, som kjende Doro Heyerdahl personleg frå tida i Lom og Skjåk, nemner i samband med ei omtale av lærarane framhaldsskulen der: «Særlig Doro hadde noe avvæpnende og fritt i sitt vesen som var fremmed i Lom. Smilende, lett og glad utleverte hun seg helt til sine elever, gjorde alt hun kunne for å skape kontakt.» Heiberg skriv dette i si bok om diktaren Tor Jonsson frå Lom. Ho nemner at Doro Heyerdahl fekk mykje å seie for den unge diktaren.

Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i Nordland og Troms og på Sophies Minde i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på Alnabru (Oslo).

Hennar motto i studentjubileumsboka frå 1939 er etter «den gamle gode vismann» Ivar Aasen: «Kjært er livet med all sin harm.» I jubileumsboka 25 år etter legg ho til frå same vismann: «Ver nøgder med luten din».

Doro Heyerdal er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder og litteratur

Doro Heyerdahl er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)
  • Heiberg, Inger: Drøm mot virkelighet. En bok om Tor Jonsson. Vestanbok forlag. 1984.
  • Hosar, Hans P.: Samtalar med folk i Skjåk som har hatt Heyerdahl som lærar.
  • Nationen (?) 7.12.1944, 50-årsomtale av Doro Heyerdahl. (Frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, klipparkivet, med vanskeleg leseleg tilvising til avisnamnet.)
  • Studenterne fra 1881. Jubileumsårbok ved 25-årsjubileet, Kristiania 1906. (Om faren Nils Roth Heyerdahl.)
  • Studenterne fra 1884. Jubileumsårbok ved 25-årsjubileet, Kristiania 1909. (Om mora Alette Hansen Aagaard Heyerdahl.)
  • Studentene fra 1914. Jubileumsbøker ved 25-årsjubileet (Oslo 1939) og 50-årsjubileet (Oslo 1964).

Eksterne lenkjer