Drevja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Drevjedalen sett frå Drevjamoen.

Drevja (dialekt: Drevjo utt. /"dræv.jɷ./ nominativ/akkusativ; Drevjen utt. /"dræv.jen/ (dativ)), òg skrive som Drevjo på dialekt, er ei elv og ein dal i Vefsn kommuneHelgeland. Dalen strekkjer seg frå Drevjaleira til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust. I tida 19271962 var Drevja ein eigen kommune. Utanom denne tidbolken har Drevja høyrt til Vefsn kommune.

Drevja sokn er eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kyrkje vart bygd i 1883.

Namnet Drevja kjem av drøv, som tyder ‘avleiring’.[1] Dativforma i Drevjen blir framleis noko bruka om bygda, men dativen er på veg ut i nyare dialekt.

Dei eldste skia er funne i Drevja. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 f.Kr.

Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevja. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen boligfelt og barnehage og skule for 1. til 10. klassetrinn.

Elva Drevja er verna i samla plan for vassdrag. Elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris og laksetrappa ved Forsmoen er stengt.

Kommunikasjonshistorie

Drevja kyrkje
Drevjamoen ekserserplass.
Foto: H. Dahlmo

Dalen har vegsamband til Mosjøen og Sandnessjøen via riksveg 78 og fylkesvegane fv. 241, fv. 241 , fv. 252 og fv. 254 til Elsfjord, Ømmervatnet og Fustvatnet. I tillegg er det planlagt å byggje Toventunnelen gjennom Tovenfjellet til Leirfjord som ein del av Vegpakke Helgeland.

Musikk

Drevja er kjent for den særprega folkemusikktradisjonen, inkludert den karakteristiske drevjapolsen. I tillegg finst det ei nidvise som heiter Drevjevisa, som vart nedtegna fyste gongen i 1724 og som gjer narr av drevjeværingar.

Referansar

  1. Drevja,1948, av Gunnar Holand.

Litteratur

  • Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red.:Espen Andresen)

Sjå òg

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Drevja» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i GNU Free Documentation License. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.

Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Drevja» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i GNU Free Documentation License. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.