Driftavegen gjennom Viglesdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. jun. 2020 kl. 14:24 av Louise (samtale | bidrag) (Ny side: I Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland går det ei gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og videre til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er…)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

I Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland går det ei gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og videre til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er ein del av nettverket av gamle ferdselsårene austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Frå 2020 har ruta status som Historisk vandrerute

Fyste del av turen er ein imponerande drifteveg som ble bygget av svenske rallarar i årene 1907-1912. Planen var truleg å bygge den videre austover. Driftevegen går i et fantastisk kulturlandskap langs sørsida av Storånå frem til Viglesdalsvatnet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligger fjellgarden i Viglesdalen, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalder. Den historiske vandreruta fortsett vidare mot Stakken og Nilsebu. Frå Nilsebu kan ein gå ned til Lysestølane.

Historie

Frå gammalt av var det ikkje berre enkelt å komma seg til Viglesdalen, kor det har budd folk i tusenvis av år. Med bratte fjell på alle kantar var det både tungt og til tider farleg å dra inn i dalen. I tidlegare tider gjekk det to driftevegar på kvar si side av Viglesdalsvatnet, men ferda langs vatnet særs krevjande. Ved Hia har den lumske elva tatt ei rekkje liv i ulukker opp gjennom åra. Til saman har sju personar drukna i Hiafossen. Gardsfolket kryssa elva i ein høl like ovanfor fossen. Med flaumstor elv kunne det vera særs farleg. Den mest kjende og alvorlege ulukka skjedde 28. mai 1833, då tre gutar på 10, 12 og 15 år omkom på veg over elva i robåt. Undervegs brakk den eine åra, og gutane forsvann utfor stupet. Planane om å byggja den nye driftevegen blei vedtatt av amtet i 1897. Den gongen var planen at driftevegen skulle gå heilt frå Bergaland i Årdal til Nilsebu. Grunngjevinga for å bruka pengar på vegen var den omfattande bruken av heia til beite. Det var rekna med at 11.000 sauer, 200 storfe og nokre hestar nytta beitet kvart år. Arbeidet med å få desse til heis ville bli mykje enklare med ein skikkeleg drifteveg. Vegen blei bygd av svenske anleggsarbeidarar i perioden 1907 til 1912, men då ferdselsåra til Viglesdalen sto ferdig var det ikkje. lenger like aktuelt å byggja driftevegen heilt inn til Nilsebu. Amtstinget meinte at beitebruk lenger innover i heia hadde minka. Beiteområde var seld til jaktterreng i staden, behovet for vegen var difor ikkje lenger til stades, meinte amtet. Kommunestyret måtte difor nøya seg med ei langt enklare oppgradering av stien vidare til Nilsebu.

Turisme

I godt samarbeid med bygdefolket har Stavanger Turistforening hatt overnattingstilbod i Viglesdalen sidan 1922. Dei første åra var hytta særs enkel. Det ble sett opp ei enkel steinhytte på tuftene etter våningshuset til dei siste fastbuande gardbrukarane. Hytta blei opna med pomp og prakt, og som ein kuriositet kan me nemna at menyen bestod av skilpaddesuppe, avkokt laks og stavangerlam. Med overnattingsmoglegheit i Viglesdalen blei den lange turen mellom Årdal og Nilsebu mykje lettare. Denne gamle hytta blei seinare overtatt av lokale sauefolk. Stien frå Nes inn til Viglesdalen passerer «eldstehytta» nokre hundre meter før ein kjem fram til dei noverande turisthyttene. Frå 1931 blei det endå betre å vera turgåar i Viglesdalen. Då blei det bygd ei heilt ny hytte, med soveplass til 12, stove, kjøkenkrok og hems. Den same hytta er framleis i bruk som turisthytte, men er endra etter ei ombygging i 1979.

Lenge var 1931-hytta den einaste hytta STF disponerte i dalen, heilt fram til den «gamle» Hovudhytta blei bygd i 1991. Bygginga av hytta i klassisk STF-arkitektur signert Louis Kloster ga ein formidabel auke i talet på overnattingar. I 2000 var det 1679 overnattingar på dei to hyttene. Det var ei tredobling frå 1990.

Geologi og vegetasjon

Gjennom heile Viglesdalen går du stort sett på granitt som er meir enn ein milliard år gammal. Det er ein typisk isforma dal med bratte dalsider. På svaberga i løypa kan du snubla i nokre flotte, smale kvartsgangar som stikk opp over granitten. Her var berga tidlegare dekka av vegetasjon som er slitt vekk av turgåarar og sauer. I vegetasjonen var det humusmyrer som bidrog til kjemisk oppløysing av granitten, medan kvartsen blei ståande. Vidare innover dalen manglar det ikkje på skredvifter og store steinar som har rast ned frå dalsidene. Mykje er nok rast ut like etter siste istid, men det er også fleire rasskråningar som er aktive i dag. Det er størst rasfare i samband med smøsmeltinga og mykje nedbør.