Dyrsku'n i Seljord: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 51: Linje 51:
:'''2015''': Storstoga vert oppgradera og blir ein fin arena for selskap, konfirmasj6: Dyrsku'n fyller 150 år og sett publikumsrekord med 94 248 personer
:'''2015''': Storstoga vert oppgradera og blir ein fin arena for selskap, konfirmasj6: Dyrsku'n fyller 150 år og sett publikumsrekord med 94 248 personer
{{Kolonner slutt}}
{{Kolonner slutt}}
==Arkiv==
Arkivet etter Dyrsku'n i Seljord er ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. Sjå oppføring på [[arkivportalen]].
== Kjelder ==
== Kjelder ==
* [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008011004152 Bolstad, Alfred, Frå kvægudstilling til folkefest : Seljordutstillinga Dyrsku'n 125 år 1866-1991, Skien, 1993]
* [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008011004152 Bolstad, Alfred, Frå kvægudstilling til folkefest : Seljordutstillinga Dyrsku'n 125 år 1866-1991, Skien, 1993]

Sideversjonen fra 23. mar. 2018 kl. 12:41

Dyrskuplassen ved 50-års jubileet for Dyrsku'n i Seljord i 1916.
Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum

Dyrsku'n eller Seljordutstillinga Dyrsku'n er ei årleg landbruksmesse som blir arrangert over tre dagar den andre helga i september på Dyrskuplassen i Seljord i Telemark. Dyrsku'n vert arrangert og drifta av Dyrsku'n Arrangement AS som eigast av stiftinga Seljordutstillinga Dyrskun, der Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap er stiftarane.

Historikk

Dyrsku'n hadde sine røtar i fesjåa som vart avvikla på ein rekkje stader i heile Vest-Telemark på 1850-tallet. Fesjåa hang saman med fedriftene som gjekk frå Setesdalen og austover. I Telemark var statsagronom Johan Lindeqvist som tok initiativ til fesjåa. Han hadde reist rundt i fylket for å undersøke korleis det stod til i husdyrbruket, og fann at det stod dårleg til. Han ville setje fokus på fôring, reinhald og avl. På fesjåa møtte bøndane fram for å handle og selje dyr, og dette var eit ypperleg høve til kunnskapsformidling. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under fesjåa.

Fjoset på Dyrskuplassen få år etter at det vart bygd i 1867.
Foto: Ukjend/Vest-Telemark Museum

Lindeqvist fann at Seljord ville egne seg godt til det faste fesjået. Her fanst det både gode samarbeidspartnarar og tilstrekkeleg areal. I 1865 søkte kommunestyret i Seljord om pengar frå Departementet for det Indre for å halde årlege fesjå på Nordgarden i Seljord. Bonden på Nordgarden, Even Høyesen Nordgarden, stilte eit 100 dekar stort område til disposisjon medan Lindeqvist jobba iherdig med myndigheitene. Den 17. september 1866 ble så Statens første årlige Kvæg-Udstilling i Seljord arrangert.

Dyrsku'n i dag

I løpet av åra har Dyrsku'n utvikla seg til ein folkefest med 90 000 besøkande, over 700 utstillarar og mange aktivitetar fordelt på det nesten 200 mål store området. Husdyrutstillinga, ikkje minst hesteutstillinga, står framleis sentralt i arrangementet, men det er også utstillingar av husflid og handverk, skogdrift og anna som knyt seg til tradisjonelt og moderne landbruk og bygdeliv. I tillegg er det ei stor salsutstilling med ei mengde varer og tenester, samt underhaldning av forskjellig slag, mellom anna tivoli.

På Dyrskuplassen er det rekonstruert en husmannsplass kalla «Sterke-Nils tunet» til minne om kraftkaren Sterke-Nils som vart født omkring 1720. På tunet blir det vist dyrehald og gardsdrift frå gamle dager.

Viktige årstal i Dyrskuhistoria

Mal:Kolonner start

1866: "Statens første Qvægudstilling” i Seljord
1867: Dyrsku-fjoset med 200 båsplassar teke i bruk
1871: Den fyrste hesteutstillinga på Dyrsku'n
1897: Dyrsku-fjoset utvida til vel 300 båsplassar
1916: 50-årsjubileum. Kongens fortjenstmedalje i sølv til telebøndene Hans Kleppen og Sveinung Groven for arbeidet "for telemarksfæets fremgang"
1947: Det blir opna for andre storfe-rasar enn Telemarkskyri
1956: 100-årsfeiring av det fyrste rasedyrskuet i Noreg, Kviteseid 1856, og 90-årsjubileum for Dyrsku,n i Seljord. Kronprins Olav æresgjest
1962: Bygdekunst/husflidutstilling for fyrste gong på Dyrsku'n. I dag landets største husflidsutstilling
1965: Seljord kommune inn i Dyrsku'n
1966: Jubileumsutstilling. Ny husflidshall, utstillingshall og nytt sanitæranlegg
1968: Dyrsku'n blir utvida frå to til tre dagar og flytt til helg
1969: Namneendring til Seljordutstillinga Dyrsku'n. Den fyrste Seljordprisen blir delt ut
1970: For fyrste gong over 20 000 på Dyrsku'n: 20 193
1977: Seljord Idrettslag tek over matsalet på Dyrsku'n
1981: Fyrste gong over 50 000 på Dyrsku'n: 51 035 selde billettar
1987: Nybygg med friluftsscene
1990: 62 742 på Dyrsku'n
1991: 125-årsjubileum. 18 dekar nytt utstillingsområde. Opprusting av kjøkken og kafeteria
1993: Ny publikumsrekord: 64 182
1995: Dyrsku-arrangementet omorganisert, Dyrsku'n får dagleg leiar. Dyrskuplassen utvida til 120 mål (innanfor gjerdet)
1996: Driftsselskapet Dyrsku'n Arrangement AS overtek drifta av Dyrsku'n. Ny Husdyrhall og ny Ride-/salshall. 66 417 gjester på Dyrsku'n
1997: Husmannsstoga frå Gonge på Seljordshei blir restaurert og teken i bruk under Dyrsku'n
1998: Nytt, moderne toalettanlegg
1999: Sterke Nils-tunet og den nybygde "Stogo"blir opna. Ny publikumsrekord: 69 887
2000: Rosemålarane tevlar om publikumspris. Besøkstal: 67 158
2002: Ny publikumsrekord under Dyrsku'n, heile 75 072 betalande gjester
2003: Skoghuset under oppføring, med ein gamal byggeskikk i grindverkteknikk som vart nytta i jarnalderen
2004: Den nye smia og ystebui vart teken i bruk
2006: Dyrsku'n fyller 140 år! Ekstra satsing på dei fleste område. Cowparade vert avslutta med ein auksjon under Dyrsku'n der pengane går til bønder i Malawi
2007: Storstogo bygd og teken i bruk, bygget husar administrasjon der Dyrsku'n Arrangement sitt, samt eit stort kjøkken
2008: Dyrsku'n mat- og kompetansesenter er i drift. Storstogo servering og produksjonskjøkken opnar
2010: Nytt matkvartal. Dyrsku'n blir inkubator for mat- og naturbasert næring. Stuten Kafe renoverast
2011: Dyrskuplassen blir utvida med 25 daa. (I-feltet)
2012: Husflidsutstillinga er 50 år på Dyrsku'n
2014: Publikumsrekord med 88 000 menneskje innafor portane på Dyrskuplassen
2015: Storstoga vert oppgradera og blir ein fin arena for selskap, konfirmasj6: Dyrsku'n fyller 150 år og sett publikumsrekord med 94 248 personer

Mal:Kolonner slutt

Arkiv

Arkivet etter Dyrsku'n i Seljord er ordna ved Vest-Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.

Kjelder

Eksterne lenker