Dølaheimen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 09:57 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre

Dølaheimen er eitt av ungdomshusa til Jostedal ungdomslag i Sogn og Fjordane. Huset stod ferdig i 1924 på garden Bjørk i Krekagrendi, like ved der Jostedal skule står. Brørne Anders og Hans Moen stod føre bygginga, som i stor grad vart gjort på dugnad. Dølaheimen er det eldste av dei tre ungdomshusa i Jostedalen. Så lenge det var tre ungdomslag i bygda, var Dølaheimen samlingsstaden for den fremste (nordlegaste) delen av bygda, det vil seie krinsane Kreken), Krundalen og Mjølverdalen.

Huset vart bygt på ei flate med hovudsal og kombinert kjøken/scene. I 1950- og 60-åra vart huset modernisert med større tomt og eit lite kjøken og matsal i kjellaren. Kring 1985 var bygget gjennom ei større modernisering der det vart bygt betre kjøken, og garderobe og toalett. Dølaheimen var det viktigaste forsamlingslokalet i Jostedalen fram til det kommunale Jostedal samfunnshus stod ferdig i 1989. Ungdomshuset er framleis i bruk, med Marknadshelga i juli som eit årleg høgdepunkt.

Dei to andre ungdomshusa i Jostedalen er Framheim og Bergheim (nedlagt).

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 354.