Edøy prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2018 kl. 07:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (lenkeretting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Edøy gamle kyrkje (bygd kring 1190) var hovudkyrkja for Edøy prestegjeld fram 1885, da Edøy nye kyrkjeStraumen vart innvigd.
Foto: Olve Utne

Edøy prestegjeld vart utskilt frå Aure prestegjeld i 1749. Fram til 1874 omfatta gjeldet den noverande Smøla kommune, og i tillegg øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya og Stabblandet, så vel som vestsida av Ertvågsøya og nokre gardar innanfor Vinjefjorden. Ved opprettinga av Tusterens Herred i 1874 vart den delen av gjeldet som låg innanfor Edøyfjorden lagt til Halsa prestegjeld, og frå den tid har Edøy prestegjeld svara til den noverande Smøla kommune.

Edøy prestegjeld låg under Ytre Nordmøre prosti, som i sin tur låg under Nidaros bispedømme heilt fram til prostiet vart overført til det nyoppretta Møre bispedømme i 1983.

Da prestegjelda vart avvikla i 2000-åra hadde Edøy sokna Edøy, Brattvær og Hopen.

Sjå òg