Edøy prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Edøy prestegjeld vart skilt ut frå Aure prestegjeld i 1749. Fram til 1874 omfatta gjeldet den noverande Smøla kommune, og i tillegg øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya og Stabblandet, så vel som vestsida av Ertvågsøya og nokre gardar innanfor Vinjefjorden. Ved opprettinga av Tusteren Formandsskabsdistrict i 1874 vart den delen av gjeldet som låg innanfor Edøyfjorden lagt til Halsa prestegjeld, og sidan den tid har Edøy prestegjeld svara til den noverande Smøla kommune.