Edvard Langset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Romsdalsposten 14. mai 1924; utsnitt av nekrolog over Edvard Langset.

Edvard Langset (fødd 9. mars 1867, død 12. mai 1924), òg kjent under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein forfattar, lærar, folkeminnesamlar og målmann som i dag er mest kjent for boka Folke-eventyr fraa Nordmør (1921).

Liv

Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i daverande Straumsnes kommune (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han vart gift med Marta Lyngstad, og dei fikk 3 born. Edvard Langset døydde den 12. mai 1924.

Verk

Edvard Langset var lærar og folkeminnesamlar. Han var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid. I 1948, 24 år etter at han døydde, kom bok nummer 14, basert på deler av det omfattande innsamlingsarbeidet han gjorde.

Folke-eventyr fraa Nordmør

Folke-eventyr fraa Nordmør er ei samling av eventyr frå Nordmøre og grensebygdene i Sør-Trøndelag som var innsamla og tilrettelagt av Edvard Langset. Første utgåva av denne boka kom ut i Kristiania [Oslo] i 1921 som 4. bandet i serien frå Norsk Folkeminnelag under tittelen Folke-eventyr fraa Nordmør samla ved Edvard Langset. Fyrste samling.

Verkliste

Forteljingar (romanar og novellor)

  • 1901Fred paa jordi : forteljing. Fosna, 1901. (23 s.)
  • 1902Fem Kvinnor : Forteljingar Kristianssund : Tvedte, 1902. (95 s.)
  • 1904Ein Uppfinnar : Forteljing. Kristiansund : John Johnsen Bog- og Aksidenstrykkeri, 1904. (123 s.; «Romsdalsposten’s Følgeton»)
  • 1908Fridomsstrid : forteljingar. Fosna, 1908. (57 s.)
  • 1908Menneskjor : forteljing. Fosna, 1908. (209 s.)
  • 1914Far : forteljingar. Nidaros, 1914. (39+9 s.)
  • 1923 – Ola Vonheim (pseud.): Gamle minne : forteljingar. Fosna, 1923. (45 s.)

Skodespel

  • 1905Ein bondegut i Oslo : spelstykke. Fosna, 1905. (46 s.)
  • 1908Dronning Gyda : spelstykke i fire vendingar. Fosna : Marie Normanns efg., 1908. (134 s.)
  • 1915 – Ola Vonheim (pseud.): Naar kulturen skal bergast : spel i tri vendingar. Nidaros, 1915. (49 s.)

Folkeminne

  • 1910Fraa Nordmør : eventyr, segner og gamle lækjeraader. Fosna [Kristiansund] : Marie Normans eftf., 1910. (43 s.)
  • 191518Norsk folkedikting for born. Fosna : [E. Langset], 1915-1918. (2 hf.)
  • 1921Folke-eventyr fraa Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 4) Kristiania, 1921. (viii+64 s.)
  • 1948Segner, gåter, folketru frå Nordmør. (Norsk folkeminnelag ; 61) Oslo, 1948. (186 s.; red. av Reidar Th. Christiansen)

Kjeldor

Lenkjor