Eidfjord (tettstad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. sep. 2018 kl. 08:30 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Modnen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Finkledde folk utanfor gamlekyrkja i Eidfjord.
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket

Eidfjord er kommunesenteret og den einaste tettstaden i Eidfjord kommune. Staden ligg der elva Eio renn ut i Eidfjorden, som er den inste delen av Hardangerfjorden. Staden kallast og Nedre Eidfjord for å skilje han frå tettbebyggelsen Øvre Eidfjord ved Eidfjordvatnet. Tettstaden har 539 innbyggjarar (2016); det utgjer om lag 60 % av folketalet i kommunen.

Staden har i mange hundre år vore sentrum i bygda. Her ligg mellom anna Eidfjord gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå 1300-tallet. Ho vart i 1981 avløyst av Eidjord kyrkje. Dei andre offentlege institusjonane i tettstaden Eidfjord er rådhuset, omsorgssenteret Bygdaheimen, Modnen barnehage og Lægreid skule, som er den einaste skulen i kommunen.

Tettstaden har òg fleire butikkar, hotell og bryggje. Her legg mellom anna cruisebåtane til. Eidfjord har lange tradisjonar som turiststad, mellom anna som innfallsport til Vøringsfossen.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer