Eidfjord sjømannsmisjonslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Eidfjord sjømannsmisjonslag var ei misjonsforeining i Eidfjord kommune i Hardanger. Laget var i verksemd frå 1910 til 2004.

Laget vart til etter initiativ av generalsekretær Schartum i Sjømannsmisjonen. Anna O. Lægreid (1875-1959) var den fyrste formannen, medan Marta Folkedal var nestformann.

Sjømannsmisjonslaget hadde 16 medlemer i 1978, og medlemsstokken var ganske stabil. Foreininga feira to år seinare 70-årsjubileet sitt. På 1980-talet byrja mange av medlemene å dra på åra, så den tradisjonsrike basaren i november var ikkje lenger årviss. Allikevel klarte dei å sende meir pengar til Sjømannsmisjonen enn dei hadde gjort før.

I 1999 var det berre 10 medlemer att, men dei hadde allikevel møter fram til 2004. Bygdebokforfattar Knut Grove skriv: «Sjølv om laget formelt ikkje vart lagt ned, sovna det i praksis inn».

Sjå òg Øvre Eidfjord sjømannsmisjonslag.

Kjelder og litteratur