Eidsvollsbåten: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Begynt på artikkelen. Meir kjem.)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:
[[kategori:sunnfjordsbåter]]
[[kategori:sunnfjordsbåter]]
[[kategori:vengbåter]]
[[kategori:vengbåter]]
[[kategori:båter fra Sogn og Fjordane]]
[[kategori:fartøy fra Sogn og Fjordane]]
[[kategori:fartøy fra Hordaland]]
[[kategori:Bergen kommune]]
[[kategori:1814]]
[[kategori:1814]]

Sideversjonen fra 14. mai 2008 kl. 22:33

«Eidsvollsbåten» har sidan tidleg på 1800-talet vore namnet var ein vengbåt som vart bygd kring 1770-åra for futen T.W. Nagel, som budde på Svanøy i Sunnfjord. Båten hadde fem par årar og var opphavleg råseglriggajektevis. Båten hadde akterspegel, og mellom bakronga og bakbandet var vengen som fungerte som lugar for dei som vart skyssa.

Da enkja etter Nagel gifte seg med hoffagent Jansen på Damsgaard i Bergen i 1791, vart vengbåten med. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom.

Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå Bergen til Lærdalsøyri på veg til Eidsvoll i samband med riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dei som vart skyssa var Motzfeldt, Christie, Rein og Rolfsen, som alle skulle representerte Bergen på riksforsamlinga, og i tillegg børsforstandar Fredrik Meltzer, som skulle vera med i bank- og pengekomitéen. Dei hadde to tenarar med seg, og mannskapet var ti rorskarar og ein styrmann.