Eidsvollsbåten: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(litt meir historie...Hovudkjelda.)
Linje 3: Linje 3:
Da enkja etter Nagel gifte seg med [[hoffagent]] Jansen på [[Damsgaard]] i [[Bergen]] i [[1791]], vart vengbåten med. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom.
Da enkja etter Nagel gifte seg med [[hoffagent]] Jansen på [[Damsgaard]] i [[Bergen]] i [[1791]], vart vengbåten med. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom.


Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå [[Bergen]] til [[Lærdalsøyri]] på veg til [[Eidsvoll]] i samband med [[riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814]]. Dei som vart skyssa var Motzfeldt, Christie, Rein og Rolfsen, som alle skulle representerte Bergen på riksforsamlinga, og i tillegg [[børsforstandar]] [[Fredrik Meltzer]], som skulle vera med i bank- og pengekomitéen. Dei hadde to tenarar med seg, og mannskapet var ti [[rorskar]]ar og ein [[styrmann]].
Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå [[Bergen]] til [[Lærdalsøyri]] på veg til [[Eidsvoll]] i samband med [[riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814]]. Dei som vart skyssa var Motzfeldt, Christie, Rein og Rolfsen, som alle skulle representerte Bergen på riksforsamlinga, og i tillegg [[børsforstandar]] [[Fredrik Meltzer]], som skulle vera med i bank- og pengekomitéen. Dei hadde to tenarar med seg, og mannskapet var ti [[rorskar]]ar og ein [[styrmann]]. I tillegg til sjølve vengbåten hadde dei med seg to båtar med til saman ni manns mannskap til å transportere kleda dei hadde med seg.
 
Etter 1814 fekk vengbåten rolla som paradebåt, og han vart noko ombygd på eit tidspunkt: Han fekk [[gallionsfigur]] og [[baugspryd]], og det vart innsett ny [[master]] som ikkje var seglførande. Gallionsfiguren og baugsprydet gjorde båten svært framtung, noko som vart delvis kompensert ved at det vart påsett ein bakke.
 
[[Konsul]] [[H.D. Janson]] testamenterte Eidsvollsbåten til [[Bergens Museum]] i [[1895]]. Båten vart framvist ein del gonger av museet — blant anna under [[Bergensutstillinga i 1898]]. Når båten ikkje vart framvist, var han opphengt i eit skur på [[Marineholmen i Bergen|Marineholmen]]. I mai [[1940]] brann skuret ned, og båten gjekk tapt. [[Bernhard Færøyvik]] målte opp Eidsvollsbåten, og den reinteikna oppmålingsteikninga hans er datert Bergen [[1941]].
 
== Kjelder ==
* {{Færøyvik 1987}}


[[kategori:sunnfjordsbåter]]
[[kategori:sunnfjordsbåter]]

Sideversjonen fra 14. mai 2008 kl. 23:07

«Eidsvollsbåten» har sidan tidleg på 1800-talet vore namnet var ein vengbåt som vart bygd kring 1770-åra for futen T.W. Nagel, som budde på Svanøy i Sunnfjord. Båten hadde fem par årar og var opphavleg råseglriggajektevis. Båten hadde akterspegel, og mellom bakronga og bakbandet var vengen som fungerte som lugar for dei som vart skyssa.

Da enkja etter Nagel gifte seg med hoffagent Jansen på Damsgaard i Bergen i 1791, vart vengbåten med. Frå den tida av var denne vengbåten Janson-slekta sin eigedom.

Namnet «Eidsvollsbåten» fekk båten etter at han vart bruka til å skysse bergensrepresentantane frå Bergen til Lærdalsøyri på veg til Eidsvoll i samband med riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dei som vart skyssa var Motzfeldt, Christie, Rein og Rolfsen, som alle skulle representerte Bergen på riksforsamlinga, og i tillegg børsforstandar Fredrik Meltzer, som skulle vera med i bank- og pengekomitéen. Dei hadde to tenarar med seg, og mannskapet var ti rorskarar og ein styrmann. I tillegg til sjølve vengbåten hadde dei med seg to båtar med til saman ni manns mannskap til å transportere kleda dei hadde med seg.

Etter 1814 fekk vengbåten rolla som paradebåt, og han vart noko ombygd på eit tidspunkt: Han fekk gallionsfigur og baugspryd, og det vart innsett ny master som ikkje var seglførande. Gallionsfiguren og baugsprydet gjorde båten svært framtung, noko som vart delvis kompensert ved at det vart påsett ein bakke.

Konsul H.D. Janson testamenterte Eidsvollsbåten til Bergens Museum i 1895. Båten vart framvist ein del gonger av museet — blant anna under Bergensutstillinga i 1898. Når båten ikkje vart framvist, var han opphengt i eit skur på Marineholmen. I mai 1940 brann skuret ned, og båten gjekk tapt. Bernhard Færøyvik målte opp Eidsvollsbåten, og den reinteikna oppmålingsteikninga hans er datert Bergen 1941.

Kjelder

  • Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring : ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. (Norske båtar; b. V.) Oslo : Grøndahl & søn forlag AS, 1987, ISBN 82-504-0857-8