Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 9: Linje 9:
Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Dale prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale vart lagt under Bergenhus len.<ref>[http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Dale_var_eige_len_og_futed%C3%B8me Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]</ref>  
Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Dale prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale vart lagt under Bergenhus len.<ref>[http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Dale_var_eige_len_og_futed%C3%B8me Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane]</ref>  


==Privateigd gods==
==Adelsgods==
I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann og stiftsamtmannforvaltar [[Hans Hansson Lillenskiold]] frå Askøy skøyte på jostedalsgodset. Det femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.
I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann, stiftsamtmannforvaltar og adelsmann [[Hans Hansen Lilienskiold (Schmidt)]] (ca 1610-1681) på Askøy skøyte på jostedalsgodset. Lilienskiold hadde på kort tid bygt opp ein stor formue som han fyrst og fremst plasserte i jordegods på Vestlandet.<ref>Nedrebø, Yngve. (1999). Hans Hansen Lilienskiold (ca 1650-1703) - kunstner, humanist og adelsmann. ''Bergensposten'' (nr. 2), 9-11. ([http://www.arkivverket.no/arkivverket/content/download/2865/39803/file/BP1999.pdf&sa=U&ei=7KPJTM6bHMKaOsP6hLkB&ved=0CCYQFjAE&usg=AFQjCNEluRGcXW9mGs_zzn7P_7kuswzcmw Digital utgåve])</ref> Jostedalsgodset femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.


Lillenskiold selde 26. mars 1681 dalen vidare til [[Bertha Ludvigsdotter Munthe]] på [[Flahammar]] i Luster, enkja etter futen [[Christoffer Giertsen]]. Gjertsen hadde tidlegare fått hand om mykje av apostelgodset i Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.<ref>[http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Flahamar_vert_futegard Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane]</ref>  
==Munthe-ætta==
Salet av jostedalsgodset skjedde truleg i arveoppgjeret etter at Lilienskiold døydde i 1681. [[Bertha Ludvigsdotter Munthe]] på [[Flahammar]] i Luster overtok med skøyte 26. mars 1681 alle gardane i Jostedalen. Ho var enkje etter futen [[Christoffer Giertsen]] som tidlegare fått hand om mykje av apostelgodset i Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.<ref>[http://nrk.no/sf/leksikon/index.php/Flahamar_vert_futegard Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane]</ref> Jostedalsgodset vart no verande i Munthe-ætta fram til brukarane sjølve kjøpte gardane.


Bertha Munthe selde unna éin gard, [[Myklemyr (Jostedalen)|Myklemyr]], til prestesonen [[Hans Ottoson Ravn]] i 1682. Resten av godset gjekk til sonen [[Ludvig Munthe]], sokneprest i Vik. Den tida Ludvig Munthe sat med godset selde han berre unna éin gard, [[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]], i 1691. Etter Ludvig Munthe gjekk godset udelt til sonen [[Christopher Munthe]], sokneprest i Hafslo. Han selde ikkje unna ein einaste gard, men i arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: Gerhard Munthe, Jens Munthe og Christopher Munthe. Det var i all hovudsak dei som selde unna gardane til brukarane, dei fleste i 1770-åra (sjå tabellen).
Bertha Munthe selde unna éin gard, [[Myklemyr (Jostedalen)|Myklemyr]], til prestesonen [[Hans Ottoson Ravn]] i 1682. Resten av godset gjekk til sonen [[Ludvig Munthe]], sokneprest i Vik. Den tida Ludvig Munthe sat med godset selde han som mor si berre unna éin gard, [[Bjørkehaugen (Jostedalen)|Bjørkehaugen]], i 1691. Etter Ludvig Munthe gjekk godset udelt til sonen [[Christopher Munthe]], sokneprest i Hafslo, som ikkje selde unna ein einaste gard
 
I arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: [[Gerhard Munthe]], [[Jens Munthe]] og [[Christopher Munthe]]. Det var i all hovudsak dei som selde unna gardane til brukarane, dei fleste i 1770-åra (sjå tabellen).


==Overgangen til lokalt bondeeige==
==Overgangen til lokalt bondeeige==

Sideversjonen fra 28. okt. 2010 kl. 16:41

Gardane i Jostedalen i Sogn og Fjordane har følgt ei temmeleg vanleg rute frå kyrkjegods i mellomalderen gjennom kongeleg gods og privatgods i tidleg nytid til sjølveige frå 1700-talet. Dette er eit oversyn over eigartilhøva som gjeld dei matrikulerte gardane fram til overgangen til sjølveige var fullført før 1800. Det femner ikkje om den seinare matrikuleringa og overgangen til sjølveige for dei mange husmannsplassane. (For ei generell innføring, sjå Leksikon:Jordeiendomsforhold.)


Frå kyrkjegods til kongegods

I skattematrikkelen 1647 heiter det om alle gardane i Jostedalen at dei "ehr Apostelsguodtz", og bygda har truleg vorte ein del av godset til Apostelkyrkja i Bergen alt i mellomalderen. Til liks med anna apostelgods er ikkje jostedalsgardane nemnde i Bergens kalvskinn.

Med reformasjonen i 1536/37 la kongen under seg alt kyrkjeleg gods, så seinast frå dette tidspunktet har nok Jostedalen vore i kongeleg eige. Det er òg temmeleg sikkert at Jostedalen vart folketom i nedgangstida i seinmellomalderen, så Jostedalen vart av den grunn òg kongeleg eigedom. I 1664 er Jostedalen omtala som "tilforen Kongens Øde march".[1]

Då Jostedalen vart folkesett att i siste halvdel av 1500-talet, må dalen ha høyrt til Dale len. I 1565 vart Dale prestegjeld skilt ut frå Sogn len som eit eige len. Denne ordninga stod ved lag til 1614 då Dale vart lagt under Bergenhus len.[2]

Adelsgods

I det statlege gjeldsoppgjeret etter 1660 selde kongemakta ut mykje jordegods, og det galdt òg Jostedalen. 24. januar 1664 fekk lagmann, stiftsamtmannforvaltar og adelsmann Hans Hansen Lilienskiold (Schmidt) (ca 1610-1681) på Askøy skøyte på jostedalsgodset. Lilienskiold hadde på kort tid bygt opp ein stor formue som han fyrst og fremst plasserte i jordegods på Vestlandet.[3] Jostedalsgodset femnde på dette tidspunktet om all jordeigedom i Jostedal prestegjeld unnateke kyrkja og prestegarden. Det låg ikkje gods korkje til kyrkja eller prestegarden.

Munthe-ætta

Salet av jostedalsgodset skjedde truleg i arveoppgjeret etter at Lilienskiold døydde i 1681. Bertha Ludvigsdotter MuntheFlahammar i Luster overtok med skøyte 26. mars 1681 alle gardane i Jostedalen. Ho var enkje etter futen Christoffer Giertsen som tidlegare fått hand om mykje av apostelgodset i Indre Sogn. Etterkomarane deira kalla seg sidan Munthe.[4] Jostedalsgodset vart no verande i Munthe-ætta fram til brukarane sjølve kjøpte gardane.

Bertha Munthe selde unna éin gard, Myklemyr, til prestesonen Hans Ottoson Ravn i 1682. Resten av godset gjekk til sonen Ludvig Munthe, sokneprest i Vik. Den tida Ludvig Munthe sat med godset selde han som mor si berre unna éin gard, Bjørkehaugen, i 1691. Etter Ludvig Munthe gjekk godset udelt til sonen Christopher Munthe, sokneprest i Hafslo, som ikkje selde unna ein einaste gard

I arveoppgjeret etter at Christopher døydde i 1754, vart jostedalsgodset delt på tre av sønene: Gerhard Munthe, Jens Munthe og Christopher Munthe. Det var i all hovudsak dei som selde unna gardane til brukarane, dei fleste i 1770-åra (sjå tabellen).

Overgangen til lokalt bondeeige

Det følgjande oversynet tek berre med fyrste tidspunkt gardar i Jostedalen gjekk frå eksternt eige til lokalt bondeeige. Ikkje alle gardar vart i fyrste omgang kjøpte av gardbrukaren på garden, sjølv om det var det vanlegaste. Dette er difor ikkje heilt ut overgangen til sjølveige i Jostedalen.


Gnr Gard År Fyrste sjølveigar Siste godseigar Merknader
186/1 Nedre Myklemyr 1682 Hans Ottoson Ravn Bertha Ludvigsdotter Munthe Overgangen til sjølveige var seinare for dei andre bruka, men eigartilhøva var lenge skiftande og kompliserte. Øyane 1994, s. 2ff
187 Ormberg 1771, 10. september Anders Andersson Ormberg Ludvig Munthe Øyane 1994, s. 95
188 Fossen 1778, 28. juli Knut Guttormson Ødegaard Jens Munthe Øyane 1994, s. 118
189 Sperla 1764, 1. juni Erik Christenson Fossehaugen Ludvig Munthe Øyane 1994, s. 175
190 Åsen 1771, 10. januar Ole Anderson Åsen Ludvig Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 212
191 Nedrelid 1771, 10. september Lars Halvorson Garen Ludvig Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 255
192 Bruheim 1787, 13. oktober Sjur Olson Breum Hartvig Kaas Gerhardson Munthe og Frantz Rieck Gerhardson Munte Øyane 1994, s. 276
194 Bakken 1778, 28. juli Lars Sjurson Bakken Jens Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 376
195 Bjørk 1765, 6. mars Anders Tøgerson Bjørk Gerhard Munthe Øyane 1994, s. 425
196 Vamberg 1778, 28. juli Otto Larsson Vamberg Jens Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 462
197 Ytri 1794, 3. juni Knut Jetmundson Ytri Peder Leganger Rumohr Var i 1794 det siste leiglendingsbruket i Jostedalen. Øyane 1994, s. 4
198 Kjervik 1771, 10. september Erik Knutson Kjervik Ludvig Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 498
199 Kreken 1771, 10. september Ole Henrikson Kreken Ludvig Christopher Munthe Øyane 1994, s. 521
200 Espe 1770, 16. mars Lars Jetmundson Espe Gerhard Munthe Lars måtte gje frå seg garden att i 1772 til Jens Christopherson Munthe etter ei odelssak, men fekk kjøpt garden av han att 28. juli 1778. Øyane 1994, s. 545
201 Elvekrok 1778, 14. april Knut Olson Elvekrok Jens Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 574
202 Mjølver 1787, 23. oktober Rasmus Erikson Bergset Frantz Wilhelm Riech Munthe og Christopher Munthe Andre halvparten kjøpt av Chr. Munthe 25. mai 1788. Øyane 1994, s. 597
202/7 Bjørkehaugen 1691, 6. mars Anders Sjurson Kruna Ludvig Christopherson Munthe Bruket var i lokalt bondeeige frå 1691, men den fyrste brukaren som var sjølveigar, var Ole Jetmundson Bjørkehaug som kjøpte bruket 7. juni 1781. Øyane 1994, s. 629 og 632
203 Li 1771, 10. september Hans Olson Lien Ludvig Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 668
204 Nedre Fåberg 1778, 28. juli Lars Andersson Fåberg Jens Munthe Øyane 1994, s. 693
205 Øvre Fåberg 1778, 28. juli Ole Olson Fåberg Jens Munthe Øyane 1994, s. 722
206 Haugen 1778, 28. juli Anders Paulson Haugen Jens Munthe Øyane 1994, s. 749 og 753
207 Hellegård 1772, 20. februar Peder Hermundson Hellegård Jens Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 785
208 Kruna 1757, 26. oktober Knut Rasmusson Kruna Jens Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 828
209 Snøtun 1778, 28. juli Anders Pederson Snøtun Jens Munthe Øyane 1994, s. 851
210 Grov 1758, 10. januar Otto Olson Grov Jens Munthe Øyane 1994, s. 875
211 Bergset 1771, 10. september Hans Olson Lien Ludvig Christopherson Munthe Øyane 1994, s. 895

Notar

  1. Brev frå Tøger Jensson, 9.8.1664
  2. Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  3. Nedrebø, Yngve. (1999). Hans Hansen Lilienskiold (ca 1650-1703) - kunstner, humanist og adelsmann. Bergensposten (nr. 2), 9-11. (Digital utgåve)
  4. Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)