Eiliv Austlid

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. nov. 2016 kl. 12:44 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiliv Austlid som løytnant i 1938, same året som han vart kaptein.
Foto: Ukjent / Hedmarksmuseet (1938).
Eiliv Austlid sin familie på garden Helleland i Ullensvang. Eiliv sjølv er ikkje med på biletet, som truleg vart tatt året før han vart født.
Foto: Bernt Martin Henrik Nilsen Schrøder (omkr. 1898).

Eiliv Austlid (født 6. mai 1899 i Ullensvang, død 15. april 1940 ved Dombås) var gardbrukar og kaptein i Hæren. Han fall under kampane på Dovre under felttoget i 1940. I 2009 fekk han Krigskorset med sverd for si innsats for å redde regjeringa som var på flukt frå tyske styrkar.

Slekt

Eiliv Austlid var son av folkehøgskulestyrar Andreas Austlid frå Østre Gausdal og Gunhild Halvorsdotter Offigsbø frå Lom. I folketeljinga 1900 finn vi han som den yngste av sju sysken saman med foreldrane på Lysheim i Ørsta.

I 1925 gifta Eiliv Austlid seg med Dagny Landheim (f. 1904 på Løten). Dei fekk fem born.

Utdanning og yrkesliv

Austlid tok fireårig underoffisersskule. Etter examen artium byrja han på Krigsskolen, der han i 1923 tok eksamen ved øvste avdelinga. I 1923/1924 gjekk han på Vinterlandbruksskolen. Han var så speidar i Hæren sin flyavdeling, og gjekk på infanteriets våpenskole. I 1938 fekk han graden kaptein.

Han etablerte seg så som gardbrukar på Såstad i Stange kommune, der han budde ved krigsutbrotet.

Krigsinnsats

Mindre enn ei veke etter åtaket på Noreg 9. april 1940 var Austlid leiar for eit kompani på førti mann. Dei hadde dårleg utstyr, men fekk eit av dei viktigaste oppdraga i desse dagane. Austlid fekk nemlig ansvar for å sikre regjeringa under flukta. Ved Hagevollen nær Dombås møtte dei den 15. april på tyske fallskjermstyrkar. Austlid gav ordre om å storme ei tysk stilling, og vart treft av ei tysk kule. Han døydde på staden, og liket vart den 19. april frakta til Ulekleiv hotell. To dager seinare vart hotellet treft av ei tysk flybombe og brann ned, så det var ikkje før i slutten på juli at ei sinkurne med det som skal ha vore hans aske vart levert til krematoriet på Hamar. Fem andre frå kompaniet fall også, to i åtaket og tre vart truleg skotne etter ha vorte tatt tekne til fange av tyskarane.

I ettertid vart Austlid sterkt kritisert for åtaket mot dei tyske stillingane, mellom anna i Trygve Lie sine memoarar Leve eller dø frå 1955. I 2014 pågår framleis en diskusjon omkring hans val 15. april 1940. Åtaket vart sett på nærast som eit sjølvmordsåtak. Egil M. Kristiansen har trekt fram nokre moment som setter saka i eit anna ljos. Austlid var sterkt pressa av to statsrådar, som gav ordre om framrykking utan forpatrulje. Han trudde vidare at den tyske styrken var liten, medan den faktisk var på meir enn seksti mann. Opplysningar han hadde fått tidlegare fekk han til å tru at tyskarane låg fleire kilometer nord for stillinga ved Hagevollen. Og til sist, alle trudde at den tyske fallskjermstyrka ved Dombås var sendt for å fange konge og regjering, og såleis var ein direkte og alvorleg trussel mot norske styresmakter. I denne situasjonen kan ein tolke åtaket som noko Austlid ut frå opplysningane meinte var ein nødvendig risiko, og ikkje eit nytteslaust sjølvmordsåtak.

31. oktober 1946 fekk Austlid Krigsmedaljen posthumt. Då ein i 2009 byrja å dele ut Krigskorset att, vart han innstilt og fekk 2. oktober 2009 Krigskorset med sverd. Krigskorset og diplomet vart overrekte til dottera Gunnhild Oppigard Austlid og sønene Hallvard og Bjørnar Austlid.

Kjelder

Eksterne lenker