Einar Aarrestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Einar Aarrestad
Foto: Norske skolefolk (1952)

Einar Aarrestad (fødd 26. juni 1902 i Hetland kommune ved Stavanger, død 31. mai 1989) var lærar, klokkar og aktiv fråhaldsmann.

Han var son av lærar P.A. Aarrestad og Elisa Bertine f. Dyskeland. Einar Aarrestad tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1926.

Aarrestad var vikar i krinsane Talje og Hidle på Sjernarøy i to år, dinest var han eitt år ved Vigrestad folke- og framhaldsskule og eitt år ved Frue framhaldsskule. I åra 1932-40 var han tilsett ved Tine framhaldsskule, og var frå kring 1940 til 1947 ved Roaldsøy folkeskule i Hetland. Etterpå arbeidde han som lærar og skulestyrer ved Hommersåk folkeskule i Riska, i noverande Sandnes kommune.

Aarrestad var gift med Målfrid f. Vollsnes (1910-91), dotter av skulestyrar A. O. Vollsnes og Beate Gidskehoug. Einar og Målfrid Vollsnes fekk ei dotter og ein son.

Ekteparet Aarrestad er gravlagt på Sandnes nye kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer