Einar Reidar Bøe

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 11. feb. 2020 kl. 15:20 av Turid Syversen (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Einar Reidar Bøe (fødd 14. mars 1931 på garden Bø i Vang i Valdres) er kjøpmann og forfattar.

Einar Reidar Bøe kom inn i verda som den yngste av seks sysken. Foreldra var Ove Bøe (1880–1954) og Anne Bøe (1885–1965). Undersøkingar viste at han ville bli kortvokst, men denne guten hadde ingen hemningar. Han gjekk på ski, spelte fotball, sykla og gjekk på skeiser.

Etter folkeskulen gjekk han framhaldskulen på Fredheim. Etter to vintrar der ville han gå snikkarskule. Det blei tre snikkarkurs, men målet hans var å bli handelsmann.

Sist på 30-talet starta far hans opp med ein teltplass, som ei god attåtnæring til gardsdrifta. I 1947, 16 år gamal, overtok Einar Reidar denne teltplassen og byrja som teltplassvert. Han satte opp ein liten kiosk der han kunne selje nokre småting til turistane, og det var starten på handelskarriera hans.

For å få realisert planane om å starte butikk, måtte han ha handelsbrev, og hausten 1951 reiste han til Gjøvik og tok eksamen med topp karakterar. Etter at han kom heim, heldt han fram med kiosken, som etter kvart blei utvida både i storleik og vareutvalet auka. Seinare kjøpte han ei bensinpumpe og selde bensin. Etter kvart bygde han seg eit eige forretningsbygg, og til påske 1959 opna han den nye butikken.

I 1962 gifta han seg med Gunnvor Blø. Dei fekk to døtre; Anne Jorunn i 1963 og Gro Ellen i 1965, og dei har seks barnebarn. I tillegg til butikk og bensinstasjon dreiv Einar Reidar Bøe og kona i fleire år Bøflaten camping i Vang.

I 1975 vart han valt inn i kommunestyret etter at nokre hadde oppretta ei liste som dei kalla Frie Velgere, og der var han ført opp. I Vang hadde Partiet Høgre lege nede i mange år, men i 1977 tok han initiativ til å starte det oppatt og han ble vald til formann. Hans politiske karriere tok slutt i 1983.

Han utga Kort & godt: 1.30 over bakken, men likevel ingen smågut på eget forlag i 2011.

Bibliografi

  • Kort & godt: 1.30 over bakken, men likevel ingen smågut. Eget forlag, 2011.

Kjelder

Sjå også