Eivind Tveiten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. des. 2019 kl. 13:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (WP.-mal)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eivind G. Tveiten (fødd 28. april 1887 i Eidsborg, død 7. april 1976) var sylvsmed og stiftar av Lårdal bygdemuseum i Tokke kommune. Han var son av gardbrukar Gjermund Tveiten (f. 1853) og Kari Tveiten (f. 1854).

Liv og virke

Tveiten gjekk to år i lære hjå bygdesylvsmeden Aanond Brekke i Øyfjell, og frå 1908 dreiv han verkstad på heimgarden Tveiten i Eidsborg. I 1918 gjekk han i lære i Skien i tre månadar og tok deretter svennebrev i filigran som ein av dei fyrste bygdesylvsmedane i Telemark. I 1921 flytta han verkstaden til Dalen. Tveiten er særleg kjend for produksjonen av draktsylv. Han fekk fleire prisar for slikt arbeider. Han laga sylvet til kronprinsesse Märthas Telemarksbunad i 1927, og i 1957 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for sin innsats som ein av landets beste sylvsmedar.

Male til Vest-Telemark bunad, laga av Eivind Tveiten
Foto: fotograf/Anne Brit Borgen

I 1968 fekk Norsk Folkemuseum eit sett draktsylv til kvinnebunaden frå Vest-Telemark i gåve fra Hege og Eivind G. Tveiten. Aagot Noss viser i sin artikkel «Sylvsmeden Eivind G. Tveiten» korleis dette sylvet blei laga. Tveitens sylvarbeid er stempla E. G. TVEITEN. Mindre arbeid, så som malelauv og knappar, kan vere stempla E.G.T.

Saman med kona, Hege som også var hans medhjelper i sylvsmedverkstaden, kjøpte Tveiten i 1930 Nistog Vindlaus og i 1950 også nabogården Uppistog Vindlaus ved Eidsborg stavkirke. Her laga dei eit eige museum, Lårdal bygdemuseum, som seinare blei gjeve i gåve til dåverande Lårdal kommune. Anlegget har i dag meir enn 30 bygningar, m.a. Vindlausloftet frå 1162. Museumsanlegget er i dag som hovudkontor for Vest-Telemark Museum som anlegget er ein del av.

Prisar

  • Gullmedalje på Fylkesutstillinga i Skien 1911
  • Sylvmedalje på Jubileumsutstillinga på Frogner 1914
  • Gullmedalje på Fylkesutstillinga i Notodden 1922
  • Gullmedalje på Fylkesutstillinga i Porsgrunn 1925
  • Kongens fortenestemedalje i gull 1957

Bibliografi

  • «Bunadsylvet.» I Telemarksbunader. Nedervde kledeskikkar for menn og kvinner. Telemark husflidssentral i samarbeid med Mittet & Co. 1955.

Litteratur og kjelder

  • Noss, Aagot (1970): «Sylvsmeden Eivind G. Tveiten.» I Norsk Folkemuseums årbok, By og bygd nr 22, s.11-52, Oslo. (Også publisert som vedlegg i opptrykk av Rikard Berge: Norsk bondesylv, 1975.)
  • Eivind Tveiten i Historisk befolkningsregister.

Eksterne lenker


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Eivind Tveiten» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.