Eivindvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. sep. 2018 kl. 13:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Eivindvik''' er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gulen kommune. Staden har rett i underkant av 300 innbyggjarar (2016), og ligg på nordsida av Gulafjorden ved ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Eivindvik er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gulen kommune. Staden har rett i underkant av 300 innbyggjarar (2016), og ligg på nordsida av Gulafjorden ved fylkesveg 7.

Staden har vore kjend som Eivindvik i det minste frå 1329, då prestegarden er nemnd under dette namnet. Ifølgje Iver Kleiva uttalast det av eldre folk ofte som «øi'nnjevik». Eivindvik prestegard strakk seg opphavleg frå Dingja til Flolid.

Gulen kyrkje står i Eivindvik. Ut frå ei tolking av sagaene kan det eldste Gulatinget òg ha vore der. Nær kyrkja finn ein to steinkors frå slutten av vikingtida eller byrjinga av mellomalderen.

Litteratur og kjelder