Elias Blix

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. sep. 2008 kl. 15:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Elias Blix.jpg|Elias Blix}} '''Elias Blix''' (18361902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på [[V...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Elias Blix

Elias Blix (18361902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland den 24. februar 1836 og dødde i heimen sin i Kristiania (Oslo) den 17. januar 1902. Han vart gravlagt på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania.

Blix oppdaga landsmålet da han gjekk på lærarskule i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla da han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp teke teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål seiest å vera grunnen til at han ikkje vart prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål.

Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at det vart lov å synge salmane hans i kyrkja. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.

Lenkjer

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Elias Blix» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Mal:Q