Elias Melvær

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jan. 2019 kl. 12:10 av Kallrustad (samtale | bidrag) (→‎Skulegang og yrkesliv: lenkje til Kjølsdalen krins)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane.

Skulegang og yrkesliv

Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.

Målsaka

Stord seminar møtte Melvær andre elevar som var opptekne av målsaka. Det stod sist i 1860-åra strid om det nye reglementet for seminara som presiserte at seminarelevane skulle snakka det dansk-norske bokmålet, ikkje berre skriva det. Arbeidet for målsaka kom til å prega resten av livet til Melvær.

Han var ein av dei aller fyrste som arbeidde for målsaka i Sogn og Fjordane, og han skipa i 1870 eit mållag i Kjølsdalen. Han melde seg inn i Vestmannalaget på same tida, og sommaren 1872 var han ein av tre fyrste bokseljarane som Vestmannalaget sende rundt. Melvær vitja Sunnfjord og slo fast at folk «hadde inkje høyrt nokot gjetet Maalsaki fyrr».

I Sogn var det eit målmiljø kring Sogndal folkehøgskule frå 1874-75 då Henrik Mohn Dahl kom til skulen, men i Fjordane var Melvær meir åleine. Kring 1880 gav han amtsskuleelevane tilbod om friviljug og gratis opplæring i landsmål på kveldstid, men skulestyraren nekta han dette. Melvær søkte amtsskulekommisjonen om lov i juni 1881, og spørsmålet førte til ein større strid i amtsskulekommisjonen og amtstinget.

Melvær fekk til slutt lov til å gje landsmålsopplæring, men det vart strid kring Melvær, og det enda med at Gloppen kommune i 1886 trekte tilbake lovnaden om gratis hus for amtsskulen, som dermed flytte til Innvik.

Radikal venstremann

Melvær engasjerte seg òg politisk. Han var medlem av bystyret i Florø 1874-76, formann i Nordfjord lærarlag 1876-92 og i 1885 mellombels formann i Firda og Sygnafylke folkevæpningssamlag. Han hadde 1877-78 gått Den Gymnastiske Centralskole for legemsøvelse og våpenbruk i Kristiania.

I 1873 gjorde han som 25-åring eid til grunnlova og fekk røysterett som brukar av ein gard på Hindøy. I Nordfjord måtte han derimot gjera seg til myrmann for å få røysterett, og han bygsla ein jordflekk i Eid til dette føremålet.

Han fekk godkjend bygselbrevet på sommartinget i Gloppen 1882 og vart innførd i manntalet. Dette var midt oppe i striden kring Melvær om amtsskulen, og på distriktsforsamlinga i Førde 9. september vart han vald til fyrste varamann til Stortinget for Nordre Bergenhus amt. Futen prøvde etter dette å få underkjend røysteretten og dermed varamannsplassen til Melvær, men gav seg etter noko brevveksling.

Melvær kom dermed til å møta på Stortinget på 1885-sesjonen sidan Jakob Sverdrup hadde vorte statsråd året før. Melvær var såleis både ein av dei 41 tingmennene som gjorde framlegg om jamstellingsvedtaket mellom landsmålet og bokmålet, og han var aktivt med i dei omfattande språkdebattane i Stortinget våren 1885. Han var 30. april den fyrste som fekk referert eit innlegg i Stortinget på landsmål i Stortingstidende i debatten om løyvingar til landsmålskurs for lærarar. Han hadde sjølv omsett referatet til landsmål.

Melvær plasserte seg klart på venstrefløya i Venstre, til skilnad frå dei andre stortingsrepresentantane frå Nordre Bergenhus som i 1888 gjekk over i Moderate Venstre. Den "reine" venstremannen Melvær kom difor ikkje inn på Stortinget att, ut over at han var 5. vararepresentant 1886-88.

Seinare målarbeid

I 1899 var Melvær fyrste formann og initiativtakar til Firda mållag. Han stod nok òg bak eit opprop for målsaka i Nordfjord og Sunnfjord 1899. Melvær var mykje nytta som stemnetalar og føredragshaldar.

Etter at han slutta som amtsskulelærar i 1900, vart han damskipsekspeditør i Florø for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Han hadde heile tida vore gardbrukar attåt skulearbeidet. I 1908 let han så over både garden og damskipsekspedisjonen til eldstesonen, og no fekk han høve til å nytta endå meir tid som ferdatalar.

Det var ei verksemd han alt hadde drive ei stund, særleg frå 1900, og fram til tidleg i 1920-åra var han stadig ute på talarferder også utanfor fylket. I 1900 heldt han 23 føredrag om målsaka, og i 1905 37 føredrag om Blix-salmane på ei føredragsferd. I 1915 var han tre månader i Troms. Siste tala heldt han på 25-årsstemna til Firda mållag i Florø 3. august 1924. Ei av talane hans, Nokre Ord um Maalreisingsarbeidet vaart, vart halden på den store målmarknaden i Bergen i 1907 og utgjeve same året.

I 1921 vart han utnemnd til heiderslagsmann i Noregs ungdomslag for talarverksemda, ei utmerking han fekk samstundes som Anders Hovden, Hulda Garborg og Nikolaus Gjelsvik. Frå før hadde berre Peter Slotsvik fått utnemninga.

Han var djupt religiøs og skreiv ein «Jolasalme» (1879).

Familie

Han gifte seg i 1872 med Karen Thomasdotter Hindøy, dotter av gardbrukar Thomas Knutson Hindøy og Rakel Pedersdotter Hellarsøy. Dei fekk fem søner og to døtrer, men Karen døydde alt i 1892.

Totalisten

Melværs ideer strakk seg langt ut over bygda, det ser vi av hans samunnsengasjement i partipolitikken, men også i det daglige og mer idealistisk orienterte avholdsarbeidet. Det Norske Totalavholdsselskap benytta ham og som reisetaler, og vi har funne ham som sådan så langt nord som til Namdalseid avholdslag.

Kjelder og litteratur

  • Berven, Lars, Elias Melvær, og Per Riste. (1872). Fraa vaare Bok-Seljarar. Fraa By og Bygd, s. 218-252.
  • By, Johan: Namdalseid avholdslag 50 år: 1895-1945, Verdal 1945
  • Melvær, Elias. (1907). Nokre Ord um Maalreisingsarbeidet vaart. Ei Røda paa Maalstemna under Maalmarknaden i Bjørgvin 1907. Bjørgvin: Gula Tidend.
  • Moren, Sven, og Edvard Os. (1921). Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo: Norigs ungdomslag, s. 414. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Joleik, Albert. (1924). Elias Melvær. Norsk Aarbok, s. 156-159.
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 486-499 (Digital utgåve, NBdigital)
  • Omtale i Allkunne (av Jon Grepstad)
  • Steffensen, J.M. (1925). Elias Melvær. Ung-Norig (nr. 5), 97-101.
  • Tekstar av Melvær hjå Nynorsk kultursentrum
  • Elias Melvær i Historisk befolkningsregister.