Elias Mjåtveit

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2022 kl. 13:22 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Elias Mjåtveit (fødd 2. april 1874, død 27. november 1957) var folkeminnesamlar, diktar, målmann, spelemann, bonde og bibliotekar.

Han vart fødd, og budde heile livet, på Træet på Mjåtveit i Meland, der foreldra, Tørris Larsson (1841-1913) og Ingeborg Persdatter (1841-1923) hadde plass frå 1862. I 1912 fekk Elias skilt ut plasset til eige bruk, og budde der med systrene sine, Olina og Ragnhilde.[1]

Liv og virke

Elias Mjåtveit var opptatt av folkekultur og folkeminne. Noko av det han samla publiserte han i boka Gamalt or Hordaland i 1919, ei samling av segner, viser og gåter. Han delte også materialet sitt med fleire. I Norsk Folkeminnesamling og i Etno-folkloristisk arkiv finst der material etter Mjåtveit, blant anna segner, eventyr, viser, gåter, ordsamlingar. Bernt Støylen publiserte songar Elias Mjåtveit hadde samla i Norske barnerim og leikar i 1899,[2] og ord og uttrykk han hadde samla var med i Norsk Ordbok: ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet.[3] Ei mengd med handksrivne notatar og skrivebøker etter Mjåtveit har også Meland Sogelag tatt vare på.[4] Blant desse papira er også melodiar Elias Mjåtveit har komponert. Han kom frå ei spelemannslekt, og kunne mykje om spelemenn og tradisjonane rundt dette. Ein av songane Elias Mjåtveit sjølv dikta, Til ein ven, er å finne på innspelinga Trillar for to av Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll.

Mjåtveit var også diktar, og skreiv sjølv både viser, diktsamlingar og tre romanar.[5] I tillegg publsierte han flittig i blant anna Gula Tidend, Ung Norig og Frå Fjon til Fusa, både det han forfatta sjølv og stykke om folketru og folkeminne.

Det fyrste biblioteket i Meland var truleg i kyrkjestova, og denne var bygd opp av Elias Mjåtveit si boksamling. Han vart soleis den fyrste bibliotekaren i Meland. Mjåtveit var aktiv i lokalmiljøet, og var med på å starte fleire lokallag, der i blandt ungdomslaget Solglytt.[6]

Ettermæle

I samband med at huset Elias Mjåtveit budde i skulle rivast, vart der sett opp eit venelag som jobbar med å ta vare på huset. Det er no rive og pakka ned frå plassen det stod, og i påvente av å finne ein passande plass ligg det no til lagring.[7] Hausten 2021 vart også fyrste Elias Mjåtveit- festivalen arrangert på Nynorskdagane i Alver.

Referansar

  1. Kleiveland, Geir og Beate Homlong. 2004. Mellom bakkar og berg. Gard og ætt i Meland. Frekhaug: Meland kommune.
  2. Pusekatt, kor låg du i natt (Meland) — Strilakultur
  3. Brakstad, Arnt. (2019). «Nordhordlandsk ordliste – ord og uttrykk samla av Elias Mjåtveit». I: Meland jul 2019. Årsskrift for Meland Mållag.
  4. Johnsen, Geirmund. (2006). «Elias Mjåtveit – småbonde, diktar og spelemann». I: Frå Fjon til Fusa. [Bergen]: Sogelaget.
  5. Øvretveit, Karl. 1960. «Elias Mjåtveit – ein vestlandsdiktar». I: Frå Fjon til Fusa. [Bergen]: Sogelaget
  6. Strilen, Fredag 01.10.2021
  7. Strilen, fredag 26.07.2019