Eline Forberg

Eline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.

Eline Forberg på sine eldre dagar.
Foto: Ukjent. Frå Digitalt museum. Skjåk historielags samling.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte.

Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske.

 
Sygard Forberg 2009.
Foto: Hans P. Hosar

Lærar og gardkone

Eline tok lærarutdanning, visstnok i strid med faren sin vilje. I 1891 fekk ho lærarpost i Skjåk. Fyrst var ho i Skamsar og Åmot skulekrinsar, sidan i Skamsar og Holemork skular. Kyrkjesongar Lund stod framleis i som lærar dei to-tre fyrste åra som Eline arbeidde der, også han i Skamsar skule.

I 1893 gifta Eline seg med Sevald Rasmusson Forberg (1859–1922), gardbrukar på Sygard Forberg. Dei fekk ni born, fødde i tidsrommet 1895–1911. Sevald Forberg fekk etter kvart problem med helsa, slik at monaleg meir av ansvaret for gardsdrifta fall på Eline. Ungeflokken vart etter kvart stor. Eline sa da opp lærarstillinga, «og det til tross for innstendige henstillinger fra kretsens fedre», som det heiter i ei 75-årsomtale av Eline Forberg i Gudbrandsdølen i 1943.

Mannen døydde i 1922, og Eline overlet da garden til eldstesonen Rasmus året etter.

Foreinings- og samfunnsmenneske

Trass gardsdrift og ungestell hadde Eline Forberg arbeidskapasitet og mentalt overskot nok til å drive eit omfattande kristeleg og sosialt arbeid, og ho påtok seg mange samfunnsoppgåver som ho vart oppfordra til. Ho stod sentralt i ytre- og indremisjonsforeiningane, og ho var aktiv i kyrkjelyden, mellom anna som medlem av soknerådet. Ho var blant dei leiande krefter i skipinga av Skjåk gamleheim som kom i gang i 1922, og sat i styret for institusjonen i alle dei år. Ho var likeins aktiv i Sanitetsforeininga/Helselaget. I 1909 kom lova om fabrikktilsyn (arbeidstilsyn), og Eline vart utnemnd som medlem i den lokale nemnda som vart nedsett same året. I 1914 kom ho med i arbeidsløysenemnda i Skjåk, som vart oppnemnd like etter utbrotet av fyrste verdskrigen.

Hausten 1915 kom den offentlege landbruks- og husstellskulen for Nord-Gudbrandsdalen i gang. I byrjinga ambulerte skulen frå bygd til bygd, inntil den fekk permanent plass på Klones i Vågå frå 1919. Fyrste skuleåret vart avvikla på Sygard Forberg. Eline Forberg vart medlem i styret for skulen, oppnemnt av fylkestinget.

Det sterke engasjementet, særleg i det kristelege arbeidet, varte ved så å seie livet ut.

Kjelder og litteratur