Elling Asbjørnsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elling Asbjørnsen Ormeim (døypt 7. mars 1779 i Luster, død 8. september 1854 i Grytten) var gardbrukar og haugianar i Grytten i Romsdalen.

Oppvekst

Elling var son av Asbjørn Jakobson Opheim (1712-1786) og den andre kona hans Gjertrud Andersdotter (1740-1820) frå Jøsvongo i Hafslo. Elling budde dei fyrste leveåra på Opheim i Joranger sokn i Hafslo, men vart døypt i Luster. Faren var 67 år då Elling kom til og døydde då han var 7 år. Mora gifte seg i april 1787 opp att med gardbrukaren Ellef Henrikson Skagen (1763-1809) og flytte med ungeflokken til Skagen i Fortun i Luster. Elling vart konfirmert i Gaupne kyrkje 1796.

Haugianar

Det heiter om Elling at han vart vekt som 12-åring, men at han var glad i å danse og let det gå føre. Då Hans Nielsen Hauge vitja Luster i 1801 og 1802, heldt han fleire samlingar i Fortunsdalen, og Elling og stefaren Ellef Skagen vart truleg rivne med av vekkinga ved dette høvet. Elling byrja no som forkynnar både i og utanfor heimbygda.

Etter fengslinga av Hans Nielsen Hauge vart det i desember 1806 og januar 1807 teke opp omfattande vitneavhøyr i Luster for å kartleggje haugianarane, og Elling Asbjørnsen vert her nemnd som ein av dei mest sentrale haugianarane i prestegjeldet. Han var på dette tidspunktet 27 år og ugift, og han vert nemnd Elling Asbjørnsen Hauge. Det kan tyde på at han budde på Hauge der ein annan framståande haugianar, Daniel Arnesen, heldt til.

Romsdalen

Elling Asbjørnsen flytte til Romsdalen i 1809. Han var med i det fyrste fylgjet av haugianarar som flytte frå Luster til Grytten, og han skal ha kome til Romsdalen med jekta til Daniel Arnesen i lag med familiane til Arnesen, Lars Kyllingen og Kristoffer hansen (Myklebostad). Elling gifte seg 31.5.1810 med enkja Ragnhild Syversdotter (1775-1840) frå Bruheim i Skjåk. Dei slo seg ned på Ormem i Grytten (no Rauma) 3 mil oppover i Romsdalen, ikkje langt frå Kylling der Lars Kyllingen busette seg. Elling og Ragnhild fekk tre born attåt dei to Ragnhild hadde frå fyrste ekteskapet. Elling verka også no som forkynnar og var ein del utanfor bygda, gjerne saman Daniel Arnesen eller andre haugianarar.

Sjukdom

I 1824 då han var 45 år, skulle Elling Asbjørnsen til fødebygda i Sogn. Det heiter i ein omtale: «Han hadde gått sig svett og varm, og så drakk han en hel del koldt vann. Derved pådrog han sig en giktsykdom, som gjorde ham helseløs for i resten av levetiden. Han kom sig hjem til Ormheim, men blev liggende.» (Svendsen 1931)

Elling vart liggjande på Ormem i 30 år og heldt fram forkynninga frå sjukesenga. Ormem låg midt i ferdslevegen og mange kom innom for å halde samlingar, så det heiter i Heggtveits kyrkjehistorie at han «selv under sin mangeaarige Sygdom fik Betydning for Vækkelsen baade der og i videre Kredse».

Kona Ragnhild dreiv garden fram til sonen Asbjørn tok over tidleg i 1830-åra. Ragnhild døydde som kårkone 5. mai 1840, og Elling heldt sjølv liktala frå senga. Tre år før hadde han halde liktalen over sonen Asbjørn. Sjølv levde han til 1854 og vart 75 år gamal.

Born

Ragnhild fekk to born med Peder Hansson Sperstad frå Skjåk:

  • Hans Pederson (1797-1874), husmann i Kyllingkleivi i Grytten
  • Brit Pedersdotter (1800-1875), gardbrukarkone i Grytten

Elling og Ragnhild fekk tre born i lag:

  • Asbjørn Ellingsen (1810-1851), tok over Ormem etter foreldra
  • Marit Ellingsdotter (1813-1894), gardbrukarkone i Lesja
  • Gjertrud Ellingsdotter (1816-1883), gardbrukarkone i Grytten

Kjelder og litteratur

  • Dåp 1781, kyrkjebok for Hafslo (Digitalarkivet)
  • Konfirmasjon 1796 (Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1984). Fortun sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 1). Gaupne: Luster kommune, s. 191 (Skagen)
  • Øyane, Lars E. (2006). Eikum Ytre - Høgi. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 6). Gaupne: Luster kommune, s. 900-901 (Opheim)
  • Tang, Per. Haugianismens barndom i Indre Sogn. Sogns Tidende, 28. mai og 4., 5., 18., 22. og 25. juni 1909.
  • Heggtveit, H. G. (1920). Den norske Kirke i det nittende Aarhundrede. Et Bidrag til dens Historie. (Bd. 2, del 2). Christiania: Cammermeyer, s. 717. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Svendsen, Sigrid. (1931). Kristenliv i Romsdalen 1809-1864. Oslo: Lutherstiftelsen, s. 11-14, 42-44 og 91. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Elling Asbjørnsen i Historisk befolkningsregister.