Elling K. Tjønneland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Familien Tjønneland i 1933.
Foto: Ukjent.

Elling K. Tjønneland (fødd 29. januar 1881 i Gaular, død 1960 i Skjåk) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen.

Familie og oppvekst

Han var fødd og oppvaksen på gardsbruket Tjønneland (også kalla Stølen eller Knutsstølen) i Viksdalen sokn i Gaular. Det var eit lite, veglaust og tungdrive bruk som ligg 570 meters høgde over fjorden. Foreldra var Knut Sørensson Tjønneland (1832-1917) og Olina Ellingsdotter (fødd Hellebust, 1842-1903). Elling var den sjuande av ein syskenflokk på ni.

Tjønneland gifta seg i 1917 med Ragnhild Risheim frå Skjåk (fødd 1892), dotter til gardbrukarparet Ola og Gunhild Risheim. Elling og Ragnhild Tjønneland fekk 11 born, fødde i tidsrommet 1920-1934. Tre av borna døydde som spebarn.

Lærargjerning og samfunnsvirke

Tjønneland tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1903. Etter eit vikariat i Horte og Håland krinsar i Landvik (nåverande Grimstad kommune), kom Tjønneland til Skjåk hausten 1904. Der var han lærar samstundes i Øygard og Gjeilo krinsar fram til 1916. Etter det var han i Gjeilo skule heilt til den vart nedlagd og Tjønneland gjekk av med pensjon i 1951. Familien budde på lærargarden Hosarøygarden, som dei seinare kjøpte av kommunen.

Tjønneland var lærarrepresentant i Skjåk skulestyre frå 1918, og var medlem, nestformann og formann i skulestyret mykje av tida han verka som lærar, med unntak av åra 1940-1945.

Han medverka til at det vart innført landsmål som skulemål, fyrst i utkantkrinsane Gjeilo, Øygard, Åmot og Bråtå frå 1908, så i Marlo, Holemork og Skamsar midt på 1920-talet. Særleg i denne siste runden spela Tjønneland ei sentral rolle. Han var ein av tre målmenn i skulestyret som vart refsa frå preikestolen i Skjåk kyrkje av presten og riksmålsmannen Harald Bakke, ei sak som naturleg nok skapte debatt og usemje i bygdesamfunnet.

Alt frå 1898 var Tjønneland medlem av fråhaldsrørsla IOGT, og han dreiv aktivt losjearbeid også i si tid i Skjåk. Elles interesserte hans eg sterkt for helsestellet, og var i ei årrekkje leiar i det lokale helselaget i Skjåk.

Okkupasjonstida

Alt hausten 1940 kom Tjønneland i dei nye makthavarane sitt søkjelys. I november heldt han tale på ein offentleg ungdomslagsfest, der han framheldt at dei ungdomane som melde seg inn i NS kom til å bli brennemerka. Det ligg føre rapportar om dette og anna frå det lokale NS-laget til sentrale NS-organ. Mellom anna skal han ha spreidd nyhende frå London, han hadde snakka nedsetjande om namngjevne NS-folk, han hadde fjerna solkorset som ein av elevane hans frå ein NS-familie hadde teikna på bokomslaget sitt, og han hadde nekta å flagge på dei nye flaggdagane som regimet hadde innført. Han vart forlangt fjerna frå stillinga si som lærar, men etter behandling av saka på fylkes- og sentralt plan, slapp han med skarpe åtvaringar.

I 1942 stod Tjønneland sentralt i den lokale organiseringa av læraraksjonen, som kasserar for dei innsamla midlane som gjekk til suspenderte lærarar. Han var utpeikt blant dei lærarane som skulle arresterast og sendast til Kirkenes, men slapp fordi var over 60 år gammal.

Kjelder og litteratur

  • Gudbrandsdølen 25.2.1960, nekrolog.
  • Norske skulefolk, bd. II, red. Karl Bakke, Dreyer forlag, Stavanger 1952.
  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 4. Gardar og folk Viksdalen sokn.
  • Ættebok for Skjåk band II, Skjåk historielag 1969, side 145-146.
  • Ymse rapportar og korrespondanse frå det lokale NS, mellom anna vedlagt fleire landssviksaker i Riksarkivet, Tjønnelands, Ola T. Lyngstads og andres rapportar om motstandsarbeidet, nå i Norges Hjemmefrontmuseum - materiale gjennomgått av Hans P. Hosar i samband med utarbeidinga av Skjåk bygdebok.